Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemane frå Arbeidarpartiet, Bjarne Håkon Hanssen, Einar Johansen, Kjell Opseth, Torstein Rudihagen, Helga Rullestad og Rita Tveiten, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Terje Knudsen, frå Kristeleg Folkeparti, Modulf Aukan og Anita Apelthun Sæle, frå Høgre, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen, frå Senterpartiet, leiaren Morten Lund, og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, syner til den framlagde proposisjonen.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet og Framstegspartiet, syner til tidlegare stortingsbehandlingar om etablering av eit IT- og kunnskapssenter, og dei kriteria og føresetnadene for eit slikt senter som stortingsfleirtalet har lagt.

I endeleg val av interessent og realisering av senteret, må Stortinget sine føresetnader og mål leggjast til grunn.

Fleirtalet vil peike på at målet er å skape eit nasjonalt IT-senter av internasjonal verdi ved samspel mellom dei internasjonale, nasjonale og lokale miljøa. Her skal kunnskapsintensiv næring knytast opp til universitet og høgskular. Gjennom satsing på nettbasert utdanning skal kompetansetilbodet styrkjast over heile landet.

IT- og kunnskapssenteret skal ikkje oppretta nye utdannings- og/eller forskingsinstitusjonar. Senteret skal bidra til å styrkje dei etablerte norske utdannings- og forskingsmiljøa og bidra til å knyte universitet og høgskular tettare opp til næringslivet.

Fleirtalet vil vidare understreke at Staten skal delta aktivt med å realisere visjonane om eit IT- og kunnskapssenter på Fornebu gjennom tilrettelegging av areal og deltaking i selskapsdanning med private aktørar.

Fleirtalet meiner at i val av interessent må ein derfor m.a. vektlegge interessenten sine internasjonale kontaktar og planar for å knyte til seg kompetanse frå andre land, opplegg for samarbeid med regionane og tiltak for å utvikle miljø andre stader i landet, planar som viser korleis senteret skal bidra til ny næringsverksemd og vera ein motor for fornying for heile landet og planar for samspel mellom forsking, utdanning og næringsverksemd.

Fleirtalet vil peike på at skal dette lykkast, må Staten vera ein aktiv pådrivar og medaktør i utviklinga.

Fleirtalet vil vise til at slikt partnerskap ser vi også i t.d. USA og i våre naboland Sverige og Danmark i samband med Øreseund-initiativet.

Fleirtalet vil streke under målet om eit internasjonalt konkurransedyktig IT- og kunnskapssenter som også kan støtte opp om dei regionale utviklingsmiljøa. Ved å skape attraktive fagmiljø, eit godt bumiljø, og internasjonalt konkurransedyktige rammevilkår kan eit kunnskapssenter tiltrekkje etableringar og kompetanse frå andre land. Dette kan vera eit verdifullt bidrag i oppbygginga av ny næringsverksemd i Noreg.

Fleirtalet vil peike på at Stortinget i Innst. S. nr. 99 (1998-1999) ba Regjeringa kome attende med ei innstilling på kva interessent som hadde utvikla den beste planen.

Fleirtalet vil streka under at det her må leggjast vekt på plan for gjennomføring av visjonen. Dette skal ikkje handsamast som eit eigedomsprosjekt.

Fleirtalet har merka seg at to av dei tre interessentane som det vert forhandla med har slått seg saman. Dette er i tråd med det fleirtalet i Stortingets næringskomité uttalte i Innst. S. nr. 99 (1998-1999) kor det heiter:

«Flertallet hadde sett det sterkt ønskelig med en samling av flere interessenter i ett selskap."

Fleirtalet har vidare merka seg at forhandlingane ikkje er sluttført og at det er behov for meir tid. Fleirtalet meiner at desse forhandlingane burde kunne gjennomførast raskare enn det Regjeringa legg opp til, slik det går fram av vedlagte brev fra Arbeids- og administrasjonsdepartementet datert 28. oktober 1999. Fleirtalet føreset no at proposisjonen blir lagt fram for Stortinget seinast 17. desember 1999.

Fleirtalet har merka seg at Regjeringa meiner at det ikkje trengst meir enn 316 da. til føremålet. Vidare at om interessentar ønskjer meir enn det, må dei kjøpe det uavhengig av Staten og ha eit eige selskap for dette. Fleirtalet syner til at Stortinget tidlegare har understreka at det måtte bli avsett eit stort nok areal til å få eit internasjonalt slagkraftig senter som også evner å tilføre regionane i Noreg element som dei treng. Fleirtalet har merka seg at dei to interessentane har svært ulike arealbehov.

Fleirtalet viser til at det største alternativet på ca. 500 da. i det vesentlege vil gje meir areal til nærings- og boligformål i høve til 316 da.

Fleirtalet meiner at det største alternativet vil styrke totalkonseptet. Fleirtalet meiner at det vil neppe vera ei god løysing med to ulike selskap. Legg ein alt inn i det felles eigarselskapet, vil ein unngå at nokon sit og forvaltar delar av dette senteret som eit reint eigedomsprosjekt utan å delta i fellesutgiftene. Ein risikerer at Staten deltek utelukkande på den kostnadskrevjande delen, medan dei private eig selskap der lønnsemda blir god.

Fleirtalet vil understreke at Staten må ha eit ansvar for å realisere visjonen. Visjonen føreset ein samla plan og overordna styring av heile verksemda. Derfor bør Staten vera med på eigarsida i eit felles eigarselskap som har ansvaret for heile utbygginga og utviklinga av kunnskapsmiljøet.

Fleirtalet peikar på at utgangspunktet har vore at Staten sin del av fellesskapet skulle vera eit tinginnskot der ein går inn med bygningar og eigedommar og gjer ei avtale som sikrar Staten moglegheit til å selja seg ut etter ei tid. I Administrasjonsdepartementet sitt budsjett for 2000 er det gjort greie for at Staten skal delta med 260 mill. kroner, tilsvarande verdien av terminalbygningen, parkeringsbygget m.m. som kontantinnskot. Desse 260 mill. kroner er avsett på Næringsdepartementet sitt budsjett. Fleirtalet er open for at det kan bli nytta kontantantinnskot slik det er gjort greie for i St.prp. nr. 2 (1999-2000). Fleirtalet meiner likevel at skal Staten ha eit ansvar for at visjonen blir fylgt opp, må Staten sin deltaking vera stor nok til å få ein god nok kontroll. Fleirtalet meiner difor at Staten må gå inn med ein verdi tilsvarande sine eigedommar i det aktuelle området på ca. 425 mill. kroner. Ei løyving på 165 mill. kroner utover det som er avsett i budsjettet for 2000 må da løyvast i 2001.

Eigedommar som blir erverva frå Oslo kommune og SAS bør seljast inn i selskapet, slik at Staten får dekka sine kjøpsutgifter. Om Staten deltek kun med sine eigedommar, eller verdien av desse, vil det vera ein omdisponering av Staten sin kapital.

Fleirtalet ber om at Regjeringa i sluttforhandlingane legg avgjerande vekt på det felles eigarselskapet sine moglegheiter for å realisere visjonen.

Fleirtalet syner til at både når det gjeld næringsliv og utdannings- og forskingsaktivitetar på Fornebu, er målsettinga å legge til rette for nyskaping og nye aktørar. For dette føremålet må både organisasjonsstruktur og aktørar legge til rette for fri utveksling av idear innafor kunnskapsmiljøet. Fleirtalet legg også stor vekt på at etableringane av miljøet ikkje må gi etableringshindringar for nye og/eller utanlandske aktørar.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre viser til tidligere stortingsbehandlinger om etablering av et IT- og kunnskapssenter på Fornebu og understreker følgende:

Disse medlemmer mener enkeltforhold i interessentenes tilbud, som for eksempel internasjonale kontakter, ikke alene kan ha avgjørende vekt. Samarbeidspartner for staten må velges etter en samlet vurdering av det foreliggende tilbud. Disse medlemmer viser til at det må legges vekt på tilbudenes sannsynlighet og mulighet for vellykket gjennomføring av planene i tråd med intensjonene for et IT- og kunnskapssenter.

Disse medlemmer mener at statens fremste oppgave skal være å legge til rette for etablering av et IT- og kunnskapssenter i samarbeid med private. Staten bør ikke ha en aktiv rolle i ordinær boligbygging på Fornebu. Disse medlemmer mener at staten bør sørge for at formålet med IT- og kunnskapssenteret blir opprettholdt også i fremtiden. Dette kan sikres gjennom statlig deltagelse i felles selskap med private.

Disse medlemmer understreker at etableringen av et IT- og kunnskapssenter ikke må bli behandlet som et rent eiendomsprosjekt. Formålet skal være å tilrettelegge for forsknings-, utdannings-, inkubator- og næringsvirksomhet. Disse medlemmer mener boligbygging, utover et begrenset antall forsker- og studentboliger, ikke er nødvendig for å skape et funksjonelt IT- og kunnskapssenter. Disse medlemmer vil påpeke at dersom en stor boligandel inngår i senteret, kan det føre til at etableringen nærmer seg et rent eiendomsprosjekt, noe som ikke er intensjonen.

Disse medlemmer ber om at forhandlingene sluttføres, og at den varslede proposisjonen blir lagt frem for Stortinget så raskt som mulig.

Disse medlemmer har merket seg at begge interessentenes arealdisponeringer er relativt like med hensyn til hovedformålet for IT- og kunnskapssenteret. Forskjellen mellom et senter på 316 og 505 dekar ligger først og fremst i boligdelen. Et IT- og kunnskapssenter på 505 dekar vil ha en relativt stor boligandel. Disse medlemmer anser det derfor ikke nødvendig med en slik boligmasse for å realisere IT- og kunnskapssenteret.

Disse medlemmer mener at et areal på 316 dekar for et felles selskap mellom staten og private er tilstrekkelig. Gjennom deltagelse i et felles selskap på 505 dekar vil staten bidra til ordinær boligbygging, og det sågar i et område som er svært attraktivt. I et så attraktivt område som Fornebu må private, uten statlig medvirkning, kunne finansiere boligutbygging. Disse medlemmer mener at den private interessenten for egen regning og risiko kan erverve og utvikle boligområder tilstøtende IT- og kunnskapssenteret.

Disse medlemmer mener at det på dette grunnlag er tilstrekkelig med et statlig kontantinnskudd på 260 mill. kroner i det/de felles selskap i IT- og kunnskapssenteret på Fornebu. Dette innebærer en betydelig statlig innsats i prosjektet. Dette må ses i relasjon til de midler som stilles til rådighet for IT-satsing i alle deler av landet gjennom forskningsinstitusjoner og det ordinære virkemiddelapparatet.

Disse medlemmer vil på denne bakgrunn fremme følgende forslag:

«Stortinget samtykker i at Regjeringen kan sluttføre forhandlingene med IT Fornebu Technoport og Nettverk Fornebu AS med de forutsetninger som gis i proposisjonen. Begrunnet anbefaling av interessent og avtale mellom staten og private skal legges fram for Stortinget i særskilt proposisjon så snart forhandlingsresultatet foreligger.»

Komiteens medlemmer fra Høyre er fremdeles positive til utvikling av et IT- og kunnskapssenter på Fornebu. Disse medlemmer støtter Regjeringens syn på hvordan og i hvilket omfang dette bør gjøres og viser til St.meld. nr. 13 (1998-1999) som beskriver dette:

  • «1. Regjeringen går inn for at staten aktivt bidrar til etablering av et IT- og kunnskapssenter for Fornebu. Som en oppfølging av St.meld. nr. 38 (1997-1998) og Innst. S. nr. 232 (1997-1998) foreslås følgende tiltak for å få realisert senteret:

    • a) Det legges til rette for utdannings- og forskningsaktivitet i Terminalbygget i tråd med utdanningsinstitusjonenes egen ønsker og planer. Dette vil skje i regi av etablerte institusjoner og aktiviteten foreslås lagt til Terminalbygget. Arealbehovet er vurdert til ca. 8 000 m2.

    • b) Ca. 200 dekar av de statlige eiendommene som er regulert til næringsformål, selges med IT-føringer. Videre selges utdanningsformål, med IT-føringer til høyest mulig pris.

    • c) Staten skal medvirke til etablering av inkubatoraktivitet hvor det samarbeides mellom bedrifter, SIVA og SND. Aktiviteten legges til Terminalbygget.»

Disse medlemmer har all grunn til å tro at det er så sterke interesser knyttet til dette næringsområdet og til realisering av et IT-senter på Fornebu at det vil kunne realiseres uten at staten skal engasjere seg på eiersiden. De interessentene som fremstår som de mest aktuelle har begge lansert prosjekt som de har stor tro på. Det må videre antas at de har en finansiell styrke og vilje til å ta den nødvendige risiko ved å realisere sine egne prosjekt. Disse medlemmer finner flertallets begrunnelse for nødvendigheten av statlig eierdeltakelse som helt irrelevant. Statens behov for styring må gjøres gjennom avtaler mellom den aktuelle utbygger og relevante utdanningsinstitusjoner og ikke gjennom utøvelse av aktivt eierskap. Det må også antas at det blant interessentene er tilstrekkelig med risikovillig kapital slik at mangel på kapital ikke er et problem for å realisere prosjektene.

Disse medlemmer vil også peke på faren for fremtidige konflikter i et så omfattende prosjekt på grunn av statens og statlige selvstendige institusjoners forskjellige roller innenfor samme prosjekt. Disse medlemmene viser til at statlig eierskap i et så stort omfang som det flertallet legger opp til, vil øke faren for tildeling av prosjektmidler av ulike slag begrunnet i selve eierskapet og ikke nødvendigvis forankret ut fra faglige kriterier.

Disse medlemmer opprettholder sitt standpunkt om at arealer utover de ca. 8 000 m2 i Terminalbygget som beskrevet i St.meld. nr. 13 (1998-1999) skal selges med IT-føringer til høyest mulig pris, og fremmer følgende forslag:

«Regjeringen bes utlyse og avhende statens arealer på Fornebu i tråd med Regjeringens egne anbefalinger i St.meld. nr. 13 (1998-1999).»