Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå utanrikskomiteen om Noregs deltaking i den 53. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 52. generalforsamling.

Innhold

Til Stortinget.

Meldinga gjer greie for dei hovedsakene som prega FNs 53. ordinære generalforsamling og vidareførte sesjonar av FNs 52. generalforsamling. Som vedlegg til meldinga følgjer utanriksministerens innlegg i FNs 53. generalforsamling 21. september 1998, utviklings- og menneskerettsministerens tale under markeringa av 50-årsjubileet for menneskerettserklæringa samt sosialministerens innlegg under FNs spesialsesjon for å bekjempe verdens narkotikaproblem 8.-10. juni 1998. Vidare følgjer ei oversikt over FNs medlemsland samt bidragsskalaen, programbudsjettet for 1998-99, ei oversikt over FN-familien i tillegg til oversikt over aktuelle forkortingar.

Det vert i meldinga vist til at dei to temaene som gjennomsyrte mange av debattane under den 53. generalforsamlinga, var globaliseringsproblematikken og verknadene av finanskrisa i Asia. Andre sentrale tema var atomsprengingane i India og Pakistan i tillegg til menneskeverdspørsmål. Dei viktigaste einskildsakene som var til handsaming var Den internasjonale straffedomstolen og oppfølginga av Generalsekretærens Afrika-rapport.

Medan den 52. generalforsamlinga var prega av reformspørsmål, viste haustsesjonen av den 53. generalforsamlinga mindre oppslutning om reformarbeidet. Denne minkande interessa kan ha samanheng med at FN sin finansielle krise ikkje lenger vert sett på som overhengande. Det framgår av meldinga at det er ei utbreidd oppfatning at hovedutfordringa no først og fremst er å få gjennomført dei allereie fatta reformvedtaka frå den 52. generalforsamlinga. Det vert konstatert at framdrifta her er god. Det vert også framheva som positivt at resolusjonen om treårsgjennomgangen av FN sine operasjonelle aktivitetar gjev eit sterkt mandat til oppfølging av reforminitiativ.

Kva gjeld reform av Tryggingsrådet, viste haustsesjonen at det er liten utsikt til framgang i spørsmålet om utviding og samansetjing av Rådet. Derimot har det vore noko framgang i spørsmålet om Rådet sine arbeidsmetoder. I tråd med oppfordringa frå utanrikskomiteen i Innst. S. nr. 29 (1997-98), vert det i meldinga gjeve ei oppdatering av reformarbeidet i FN. Dette omfattar ein gjennomgang av reformforhandlingane i den 53. generalforsamlinga og ei statusoversikt over reformarbeidet i noko vidare samanheng.

Om handsaminga av nedrustningsspørsmål heiter det i meldinga at disse vart prega av dei indiske og pakistanske prøvesprengingane i mai 1998, som Generalforsamlinga fordømde. Ellers var det viktigaste nye initiativet ein resolusjon om eit nytt program for kjernefysisk nedrustning. På den konvensjonelle sida vedtok Generalforsamlinga tre resolusjonar om handvåpen og ein resolusjon som støtta opp under minekonvensjonen.

Kva gjeld regionale konfliktar går meldinga gjennom status i fredsprosessane i Kongo, Rwanda, Angola, Etiopia og Eritrea, Midtausten, Irak, Guatemala, Haiti, Det tidlegare Jugoslavia, Kypros, Kaukasus og Sentral-Asia, Afganistan, Kambodsja og Aust-Timor.

I omtalen av fredstryggjande operasjonar og preventivt diplomati vert det peika på at fredstryggjande operasjoner har minka kraftig i omfang sidan 1995-96. Talet på militært personell er redusert frå ca. 80 000 i 1996 til 11 600 ved utgongen av 1998. Av dette deltek Noreg med 178 militært personell og 27 sivile polititenestemenn i sju av i alt 16 fredstryggjande operasjonar. I tillegg kjem ca. 800 personar i NATO-operasjonen SFOR i Bosnia-Hercegovina. Etter å ha delteke i UNIFIL i meir enn 20 år, trekte Noreg styrkebidraget sitt mot slutten av 1998. I debatten om fredstryggjande operasjonar framkom det usemje mellom industriland og utviklingsland i synet på bruken av sekondert personell i FN-sekretariatet. Alliansefrie land er vidare skeptisk til beredskapsordningar som også Noreg deltek i.

I omtalen av økonomiske spørsmål vert det framheva i meldinga at den 53. generalforsamlinga var prega av globaliseringsproblematikken og av verknadane av den finansielle krisa i Asia. Sjølv om globaliseringsdebatten ikkje vart så politisert som ein kunne frykte, var det ei viss usemje mellom industriland og utviklingsland når det gjeld vektlegginga av dei positive og negative følgjene av globaliseringa. Det var også usemje mellom nord og sør om rollefordelinga mellom FN og Bretton Woods-institusjonane i internasjonale finans- og utviklingsspørsmål.

Det går fram av meldinga at 50-årsmarkeringa av Den internasjonale fråsegna om menneskerettane ga menneskerettsspørsmål ein sentral plass på den 53. generalforsamlinga. Dei politisk motiverte åtaka på menneskerettsarbeidet heldt fram. Dette kom særleg til uttrykk i spørsmålet om retten til utvikling og i resolusjonsforhandlingane om menneskerettsinstrumenta. Oppslutninga om landresolusjonane er fallande på grunn av veksande allmenn motstand mot denne typen resolusjonar. Det går vidare fram av meldinga at den 53. generalforsamlinga vedtok fråsegna om menneskerettsforsvararar som var framforhandla under leiing av Jan Helgesen frå Noreg.

Avslutningsvis vert det i meldinga gjort greie for handsaminga av juridiske spørsmål i 6. komité under den 53. generalforsamlinga. Det vart gjort vedtak som sikra at den førebuande kommisjonen for den internasjonale straffedomstolen vil møte i 1999. Generalforsamlinga vedtok dessutan to resolusjonar om havrettsspørsmål, ein generell resolusjon og ein resolusjon om fiskerispørsmål.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Haakon Blankenborg, Kjell Engebretsen, Kirsti Kolle Grøndahl, Thorbjørn Jagland, Marit Nybakk og Tom Thoresen, fra Fremskrittspartiet, Dag Danielsen og Fridtjof Frank Gundersen, fra Kristelig Folkeparti, Elsa Skarbøvik og Einar Steensnæs, fra Høyre, Jan Petersen og Siri Frost Sterri, fra Senterpartiet, Johan J. Jakobsen, og fra Sosialistisk Venstreparti, Erik Solheim, mener meldingen gir en god gjennomgang av de viktigste sakene som ble drøftet i FNs 53. ordinære generalforsamling og videreførte sesjoner av den 52. generalforsamling. Komiteen har merket seg at Norge har vært svært aktiv i perioden, delvis som ledd i valgkampen om en plass i Sikkerhetsrådet fra 2001. Komiteen har videre merket seg at det nordiske samarbeidet i FN er styrket det siste året med en politisk vilje til å videreføre det. Samtidig registrerer komiteen at EU er den mest sentrale politiske aktøren i FN ved siden av 77-landsgruppa.

Komiteen vil uttrykke bekymring over en tilsynelatende økende forskjell i holdninger i FN-systemet mellom u-land og i-land og utviklingslandene imellom.

Komiteen vil vise til at toneangivende utviklingsland er negative til deler av den nødvendige reformprosessen i FN-systemet, bl.a. fordi de frykter at reformene vil føre til reduksjon av de rike landenes overføringer til verdensorganisasjonen. Komiteen er enig med Regjeringen i at det er viktig for Norge og likesinnede land å holde oppe en konstruktiv dialog med Sør for å sikre en videreføring av et helt nødvendig reformarbeid. Komiteen har merket seg at Sør-Afrika, som har ledervervet i Den alliansefrie bevegelsen (NAM), har tatt flere konstruktive initiativ for dialog mellom landene i Nord og Sør.

Komiteen har merket seg at den 53. generalforsamling bl.a. har vært opptatt av kjernevåpenspørsmål, kvinnespørsmål og regionale konflikter, i tillegg til 50-års jubileet for menneskerettskonvensjonen.

Komiteen tar til etterretning at Norge stemte for en fordømming av Indias og Pakistans prøvesprengninger og for en resolusjon om forbud mot produksjon av spaltbart materiale. Komiteen har videre merket seg at Norge støttet målsettingen med resolusjonen fra New Agenda-initiativet, men avsto fra å stemme.

Komiteen vil vise til at det er et stort behov for å arbeide videre med kvinnerelaterte spørsmål som en del av FNs humanitære arbeid og utviklingsarbeid. Komiteen har merket seg at generalforsamlingen bl.a. tok opp kvinner og menneskerettigheter, tradisjoner som er skadelige for kvinner og småjenter, kvinners helse og salg av kvinner. Komiteen mener UNDP har et viktig ansvar for å styrke kvinnenettverk og kvinners deltakelse i demokratiske prosesser.

Komiteen vil for øvrig vise til at den 53. generalforsamlingen markerte overgangen til forberedelsene til femårsgjennomgangen i år 2000 av Kvinnekonferansen i Beijing, og at det ble vedtatt å holde en spesialsesjon for oppfølging av handlingsprogrammet fra Befolkningskonferansen i Kairo.

Komiteen registrerer at regionale konflikter og interne voldshandlinger innenfor nasjonalstater utgjør den største utfordringen for FN som verdensorganisasjon framover. Reformprosessen vil måtte inkludere en debatt om organisering, beslutningsprosesser, mandat og virkemidler og FNs rolle i forhold til humanitære intervensjoner og fredsbevarende styrker.

Komiteen slutter seg for øvrig til Regjeringens vurderinger av FNs 53. generalforsamling.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

St.meld. nr. 35 (1998-99) - Om Noregs deltaking i den 53. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 52. generalforsamling - vedlegges protokollen.

Oslo, i utanrikskomiteen, den 19. mai 1999.

Haakon Blankenborg,

leiar.

Marit Nybakk,

ordførar.

Einar Steensnæs,

sekretær.