Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

2. Programkategori 21.2 Luftfartsformål

Departementet tilrår å auke løyvinga til Oslo Lufthavn AS med 311 mill. kroner på bakgrunn av eit tilsvarande redusert lånebehov i 1998.

Løyvinga på kap. 1312, post 90, kan ikkje overførast frå ein budsjettermin til den neste. Den ubrukte delen av lånet for 1998 blei derfor ført tilbake til statskassa. Mindreutgiftene i 1998 er berre ei forskuving av utgiftene til Oslo Lufthavn AS.

Komiteen har ingen merknader.

Det blir gjort greie for at overføring av eigedelar frå Luftfartsverket til Oslo Lufthavn AS vil skje til bokført verdi, jf. orientering i St.prp. nr. 27 (1988-99).

Overføringa gjeld Luftfartsverket sine bygningar med tilhøyrande inventar på Gardermoen, eit nytt navigasjonsanlegg (DVOR/DME) på Gardermoen og det meste av det rullande materiellet Luftfartsverket hadde på Fornebu og Gardermoen.

Den samla bokførte verdien av anleggsmidla pr. 1. oktober 1998 er 64,7 mill. kroner, der bygningane (39,9 mill. kroner) og rullande materiell (21,4 mill. kroner) utgjer dei største delane.

I statsrekneskapen vil salet komme fram som negativt forbruk på kap. 2450, post 30 Flyplassanlegg, og som utgift på kap. 240, post 95 Innskott ansvarleg lånekapital.

Komiteen har ingen merknader.

Det vert foreslått at overføringa av 30 mill. kroner til Statsbygg for opprydding av forureina grunn på Fornebu, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (1998-99), bør førast som driftsutgift og ikkje på investeringsbudsjettet til Luftfartsverket.

Vidare blir det vist til at overføringa på kap. 1311, post 70, frå Samferdselsdepartementet til Luftfartsverket er ein kompensasjon for Luftfartsverket sin verksemd på dei regionale flyplassane. Departementet gjer derfor framlegg om at Luftfartsverket inntektsfører overføringa på 88 mill. kroner på kap. 2450, post 24.2 Inntekter regionale flyplassar, i staden for på post 24.1 Driftsinntekter.

Endringane vil ikkje verke inn på budsjettbalansen.

Komiteen har ingen merknader.

I St.prp. nr. 1 (1998-99) la Samferdselsdepartementet opp til at andre byggjetrinn av anlegget for avising på Stavanger lufthamn, Sola, skulle byggjast i 1999. Luftfartsverket har etter ei nærare vurdering kome til at tiltaket bør utsetjast til 2001.

Utsetjinga vil gi rom for einskilde nye, mindre investeringstiltak i 1999. Mellom anna vil det for å betre regulariteten ved Molde lufthamn, Årø, bli etablert instrumentflyging frå aust.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, har ingen merknader.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener at de opprinnelige planer for Stavanger Lufthavn, Sola gjennomføres i henhold til St.prp. nr. 1 (1998-99).