Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Komiteen sine merknader

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Sylvia Brustad, Odd Eriksen, Aud Gaundal, Leif Lund og Signe Øye, frå Framstegspartiet, Torbjørn Andersen og Lodve Solholm, frå Kristeleg Folkeparti, Olaf Gjedrem og Ivar Østberg, frå Høgre, Sverre J. Hoddevik og Lars Arne Ryssdal, frå Senterpartiet, Inga Kvalbukt og frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, viser til at etter § 1 i lov av 21. desember 1956 nr. 3 om endringar i kommunal inndeling, er det Kongen som har mynde til å gjere endring i den administrative inndelinga.

Komiteen viser vidare til at før ei sak om endring i kommuneinndelinga kan avgjerast skal kommunestyra og fylkestinga i kommunane og fylka som blir berørte av endringa få høve til å gi fråsegn, jf. lova § 1.

Komiteen vil òg vise til at dersom kommunane og fylkeskommunen er samde så kan Kongen vedta ei grenseregulering, og at det berre er ved dei høve at ein ikkje er samde og at grensereguleringane ikkje er av mindre omfang at Stortinget skal handsame saka. Det er eit skjønnsspørsmål kva som skal reknast for å vere av mindre omfang. Komiteen meiner at departementet har høve til å ta avgjerd i denne saka.

Komiteen viser til at Regjeringa i proposisjonen foreslår at 2,5 pst. av Vestre Toten kommune sitt areal vert overført til Østre Toten. Dette medfører at 546 innbyggjarar vert overført slik at Vestre Toten sitt innbyggjartal vert redusert til 12 494 og Østre Toten sitt innbyggjartall vert auka til 14 586.

Komiteen viser ellers til at Østre Toten kommune ønskjer ei slik grenseregulering som det er gjort framlegg om, medan Vestre Toten kommune ikkje ønskjer denne grensereguleringa.

Komiteen viser til at tettstaden Kolbu er delt mellom Østre og Vestre Toten etter dagens målestokk på ein uheldig måte.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre og Sosialistisk Venstreparti, meiner derfor at ei regulering av kommunegrensene mellom Østre og Vestre Toten er naudsynt.

Fleirtalet er likevel av den meining at departementet og fylkesmannen ikkje har gjort nok for å finne ei løysing som begge partar er nøgde med.

Fleirtalet viser i denne samanheng til dei spørsmåla departementet stilte i brev den 16. oktober 1997 til Fylkesmannen i Oppland, knytte til mellom anna konsekvensar for tenesteyting i området, problematisering av aktuelle grenseliner, status for planarbeid i Kolbu, arbeidsmønster og ekspansjonstrekk for tettstaden.

Fleirtalet vil peike på at desse spørsmåla er særs viktige og krev grundige svar, noko ein ikkje kan sjå at fylkesmannen har vore i stand til utifrå tidsaspektet denne saka har hatt.

Komiteen sine medlemer frå Framstegspartiet, Høgre og Sosialistisk Venstreparti meiner òg at ei folkerøysting burde vore halde, ikkje minst utfrå to undersøkingar som har vore føreteke av to ulike interesseorganisasjonar, og som viser motsette synspunkt.

Komiteens sine medlemer frå Framstegspartiet og Høgre meiner derfor at ei offisiell folkerøysting vil avklare kva innbyggjarane i dei grendene/krinsane som vert berørt meiner.

Desse medlemene viser til at ei folkerøysting stiller strenge krav til metode. Klåre alternativ med utgreiing av verknader må leggjast fram for alle partar som vert berørt.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti finner ikke grunnlag for å si at kommunegrensene i dag generelt ikke samsvarer med det som er tjenlig og naturlig.

Dette medlem har ikke prinsipielle motforestillinger mot å regulere grenser mellom kommuner der kommunenes innbyggere finner dette tjenlig, eller å slå sammen kommuner der befolkningen ønsker det.

Dette medlem vil vise til Innst. S. nr. 225 (1995-96), der flertallet sier:

«Flertallet mener lokale folkeavstemninger bør avholdes som et ledd i den lokale avgjørelsesprosessen.»

Når det dreier seg om sammenslåing av kommuner/fylkeskommuner, er fortolkningen enkel, men det er ikke avklart om kravet om lokale folkeavstemninger bare gjelder de innbyggerne som geografisk blir berørt av en eventuell grenseregulering, eller om det er hele kommunens befolkning som skal høres i slike saker.

Dette medlem vil hevde at det er stor grunn til å legge vekt på hva de som reiser et slikt krav ønsker. Imidlertid kan en grenseregulering få store konsekvenser for hele restkommunen og kanskje spesielt for deler av den. Dette er hensyn som ikke kan overses eller overhøres. Kommune- og fylkesinndelingen baserer seg på tilhørighet og historie, men er også geografiske enheter for utøvelse av demokrati, fordeling av plikter og goder og arenaer for utvikling av fellesskap og solidaritet på lokalplanet. Derfor kan det få svært store fordelingspolitiske konsekvenser for hele kommunen å ta vekk deler av den.

Dette medlem vil legge til grunn at kommunestyret i den eller de kommunene/fylkeskommunene som vil miste areal og befolkning, skal ta stilling til hvem som skal høres i en lokal og rådgivende folkeavstemning.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre og Sosialistisk Venstreparti, vil likevel hevde at det er viktig at det vert førteke ei grenseregulering av omsyn til dei mange uheldige sidene som viser seg i og rundt tettstaden Kolbu.

Fleirtalet viser til dei høyringar komiteen hadde med Østre Toten kommune, Vestre Toten kommune, aksjonskomiteen for regulering av kommunegrensene og aksjonskomiteen mot regulering av kommunegrensene.

Fleirtalet viser til at det i desse høyringane kom fram at alle partar er einige om at ein bør føreta grensereguleringar mellom Østre og Vestre Toten ved Kolbu tettstad, slik at ein får ei meir tenleg og naturleg grense mellom dei to kommunane.

Fleirtalet er av den meining at den foreslåtte grensereguleringa som kjem fram i proposisjonen ikkje nødvendigvis løyser dei problem som er i tettstaden Kolbu.

Fleirtalet ser det ikkje naudsynt å gå djupare i realitetane i saka, då ein er av den meining at saka ikkje er grundig nok utgreidd.

Fleirtalet er derfor av den meining at saka vil stå seg på at den vert utsett.

Fleirtalet vil be departementet og fylkesmannen ta ein ny runde med dei berørte kommunane og innbyggjarane i krinsane rundt og i Kolbu som vert berørt av ei grenseregulering.

Fleirtallet meiner at framlegget frå Regjeringa ikkje løyser problema i Kolbu på best mogeleg måte.

Fleirtallet meiner det er gjort eit for dårleg forarbeid frå Regjeringa si side. Fleirtallet er samd i at proposisjonen sendes tilbake til Regjeringa, for å finne ei løysning som begge kommunane kan leve med.

Fleirtallet vil på denne bakgrunn sende proposisjonen attende til Regjeringa og be om at Regjeringa avgjer saka.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og Senterpartiet vil vise til at det har pågått en diskusjon om grenseendring i området i svært lang tid. Dagens grense oppleves som svært uhensiktsmessig både for innbyggerne og for de som yter tjenester i området. Blant annet fører den til at det er nødvendig med en interkommunal skole i området. Disse medlemmer vil vise til at alle parter i området, det vil si både kommunene og innbyggerne, ser det som nødvendig med en grenseregulering. Men det er uenighet om det konkrete forslaget til hvor grensen skal gå.

Disse medlemmer mener det overordnede mål ved en grenseregulering er å få en inndeling som er hensiktsmessig og effektiv. Til grunn for en beslutning om grenseregulering må det ligge en totalvurdering basert blant annet på geografiske og kommunikasjonsmessige forhold og befolkningen i det aktuelle området sin mening om spørsmålet. På bakgrunn av en slik totalvurdering og med tanke på hvor lang tid diskusjonen om en grenseregulering har pågått støtter disse medlemmer derfor den foreslåtte grensereguleringen.

Disse medlemmer anser det som lite sannsynlig at en forlengelse av prosessen vil føre til enighet mellom Østre Toten og Vestre Toten om hvor grensen skal gå. Disse medlemmer mener derfor det ikke løser noe problem å sende saken tilbake til Regjeringen.

Disse medlemmer støtter imidlertid at det brukes noe mer tid på fastsette den endelige grensen i ytterområdet av "Smågarda", og at fylkesmannen gis fullmakt til å fastlegge den endelige grensen. Dette bør gjøres slik at grensereguleringen sikres oppslutning fra innbyggerne i området.

Disse medlemmer støtter at grensereguleringen skjer fra 1. januar 2000.

Disse medlemmer støtter også at innbyggerne i Kolbuområdet både skal velge og bli valgt til i sin nye kommune ved kommunestyre- og fylkestingsvalget i 1999.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

«Med hjemmel i lov av 21. desember 1956 nr. 3 om endring i kommunal inndeling bestemmes:

Grensen mellom Østre Toten og Vestre Toten kommuner i Oppland fylke blir endret slik at tettstedet Kolbu i sin helhet blir liggende i Østre Toten kommune, og en mindre del av Østre Toten kommune i utkanten av Kolbu sentrum blir overført til Vestre Toten. Fylkesmannen gis fullmakt til å fastsette grensen i ytterområdet av "Smågarda".

Overføringen skjer med virkning fra 1. januar 2000.»