Innstilling frå utanrikskomiteen om ratifikasjon av traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar (CTBT).
Dette dokument
- Innst. S. nr. 150 (1998-99)
- Kildedok: St.prp. nr. 41 (1998-99).
- Dato: 22.04.1999
- Utgiver: Utanrikskomiteen
- Sidetall: 4
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- Samandrag
- Komiteen sine merknader
- Komiteen si tilråding
- Vedlegg: Spørsmål fra utenrikskomiteen til utenriksministeren, datert 25. mars 1999, og utenriksministerens svar, datert 8. april 1999.
Til Stortinget.
Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om at stortinget gjev samtykke til ratifikasjon av ein traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar, underteikna i New York 24. september 1996. Regjeringa gjer vidare framlegg om ei tilleggsløyving på 15,3 mill. kroner i statsbudsjettet for 1999, kap. 100 post 71, for å dekkje norske utgifter i samband med etterleving av traktaten.
Det vert i proposisjonen synt til at traktaten om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar (Comprehensive Nuclear-Test-Ban Treaty - CTBT) vart opna for underteikning i New York 24. september 1996. Noreg underteikna traktaten same dag. 152 land har per 1. februar 1999 underteikna traktaten. 28 land har ratifisert traktaten.
Det vert vidare synt til at traktaten først trer i kraft etter at ei gruppe på 44 namngjevne land, som står på Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) si liste over land med kjernefysiske anlegg, og som formelt har delteke i forhandlingane om traktaten, har ratifisert han. Per 1. februar 1999 har 14 av desse ratifisert traktaten. Noreg er mellom dei landa som må ratifisere traktaten for at han kan tre i kraft.
Det er avgjerande at atommaktene Frankrike, Kina, Russland, Storbritannia og USA har slutta seg til traktaten. Av desse har per 1. februar 1999 Storbritannia og Frankrike ratifisert traktaten.
Det vert opplyst i proposisjonen at det er usikkert når traktaten kan tre i kraft. Fleire av dei landa som må ratifisere traktaten for at han kan tre i kraft, har enno ikkje underteikna traktaten. Frå norsk side har ein, til liks med andre vestlege land, lagt til grunn at ein tek sikte på å ratifisere traktaten og følgje føresegnene i han, utan omsyn til at det er uvisst når traktaten faktisk vil kunne tre i kraft. Ein vil av politiske grunnar forhalde seg som om traktaten har trådd i kraft. Meininga er å byggje opp ei politisk drivkraft for at traktaten kan tre i kraft snarast råd.
Det vert synt til at føremålet med traktaten er å skapa eit bindande internasjonalt totalforbod mot alle typar kjernefysiske prøvesprengingar. Kvar part pliktar å ikkje gjennomføre prøvesprenging av kjernevåpen eller anna kjernefysisk sprenging, og å forby og forhindre slik kjernefysisk sprenging på område under parten sin jurisdiksjon eller kontroll. Kvar part pliktar vidare å avstå frå å valde eller oppmuntre til, eller på nokon måte delta i, gjennomføring av prøvesprenging av kjernevåpen eller anna kjernefysisk sprenging. Traktaten fastset ei rekkje ordningar og tiltak som skal medverke til å sikre at føremålet i traktaten vert oppfylt.
Det vert opplyst at traktaten opprettar ein eigen organisasjon som skal ha ansvar for å gjennomføre føresegnene i traktaten, mellom anna spørsmål om verifikasjon og etterleving. Organisasjonen skal ha sete i Wien.
Verifikasjonsregimet i traktaten er omfattande. Det er sett saman av eit internasjonalt overvakingssystem, inspeksjonar på staden, samrådsordningar og tillitskapande tiltak. Det internasjonale overvakingssystemet skal omfatte overvakingsanlegg grunna på dei fire teknologiane seismologi, radionukleide metodar, infralyd og hydroakustikk. Saman vil desse fire teknologiane gjera det mogleg å overvake kjernefysiske sprengingar på og under jordoverflata, i atmosfæren og under vatn. Målestasjonane som inngår i overvakingssystemet, vil sikre kontinuerleg registrering av hendingar som kan indikere brot på traktaten. Slik omfattande overvaking representerer eit nytt element i verifikasjon av internasjonale avtalar innanfor rustingskontroll og nedrusting.
Det internasjonale datasenteret som blir etablert i Wien, skal ta imot og handsame data frå det globale nettverket av i alt 321 målestasjonar. Noreg vil spela ei sentral rolle i overvakingssystemet. 6 målestasjonar, mellom desse nokre av dei største og mest avanserte, vil vera lokaliserte på norsk territorium.
NORSAR (Norwegian Seismic Array) på Kjeller vil ha ansvaret for å drive og vedlikehalde dei norske målestasjonane, fungere som nasjonalt datasenter og sikre den naudsynte kontakten med Teknisk sekretariat i Wien i denne samanheng. Ein føreset at NORSAR skal oppretthalde og vidareutvikle den naudsynte tekniske og vitskaplege ekspertisen til å hjelpe norske styresmakter i tekniske spørsmål knytte til etterleving av prøvestansavtalen. Prøvestansorganisasjonen skal etter traktaten ikkje sjølv vurdere dei data som vert samla inn under Internasjonalt overvakingssystem, og som kan indikere eventuelle brot på traktaten. Ein vesentleg del av verifikasjonen av traktaten skal høyre inn under dei einskilde traktatpartane.
Det vert halde fram i proposisjonen at kjernefysiske prøvesprengingar er ei sterk påkjenning på det internasjonale ikkjespreiings- og nedrustingsarbeidet. Sidan 1945 har kjernevåpenmaktene gjennomført i alt 2046 kjernefysiske prøvesprengingar. Av desse har Russland gjennomført 715 testar, og av desse att vart omlag 130 prøvesprengingar gjennomførte på Novaja Semlja.
Traktaten om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar er eit viktig steg i arbeidet med å setja punktum for det kjernefysiske våpenkappløpet. Etter at traktaten vart opna for underteikning, vart det ikkje gjort noko kjernefysisk prøvesprenging før mai 1998. Da braut både India og Pakistan den internasjonale norma som traktaten hadde etablert. Dei indiske og pakistanske sprengingane understrekar ytterlegare kor viktig traktaten er. India og Pakistan har ikkje underskrive traktaten.
Når det nærare gjeld økonomiske og administrative følgjer av traktaten vert det i proposisjonen m.a. synt til at Noregs del av Prøvestansorganisasjonen sine samla utgifter når traktaten trer i kraft og ved full drift av Internasjonalt overvakingssystem vil kunne liggje på omlag 6,5 mill. kroner.
Noreg si rolle i gjennomføringa av traktaten medfører at driftskostnadene for dei fire norske primærstasjonane, som etter artikkel IV i traktaten skal refunderast, vert forskotterte av Noreg. Vidare vil ein frå norsk side vera ansvarleg for driftskostnadene for dei to sekundære stasjonane i Noreg. Drift av sekundære stasjonar er etter traktaten partane sitt ansvar, og utgifter til drift vil ikkje verte refunderte.
For 1999 reknar Regjeringa med at dei samla norske utgiftene i samband med etterleving av traktaten vil vere omlag 18,7 mill. kroner. Av dette vil 3,4 mill. kroner vera Noreg sin del av Prøvestansorganisasjonen sitt budsjett for 1999. Ein reknar med at budsjettfølgjene utover bidrag til Prøvestansorganisasjonen vil vera omlag 15,3 mill. kroner, og av dette 8,5 mill. kroner til drift av dei norske stasjonane i primær- og sekundærnettet under Internasjonalt overvakingssystem. Utgiftene knytt til å oppretthalde og vidareutvikle nasjonal kompetanse i Noreg for aktivt å kunne medverke til gjennomføringa av traktaten vil vera 6,8 mill. kroner.
Komiteen viser til at Norge aktivt har arbeidet for en internasjonal avtale med forbud mot alle former for kjernefysiske prøvesprengninger. En traktat som inneholdt bestemmelser mot prøvesprengninger av kjernevåpen og andre kjernefysiske sprengninger (Comprehensive Nuclear-Test-Ban Treaty - CTBT) ble åpnet for undertegning i New York september 1996. Norge undertegnet traktaten samme dag.
Komiteen har merket seg at pr. 1. februar 1999 har hele 152 land undertegnet traktaten, og at 28 land har ratifisert traktaten så langt.
Videre har komiteen forstått at traktaten først trer i kraft når 44 av Det internasjonale atomenergibyrået navngitte land har ratifisert den, og at Norge er et av disse landene. Av disse 44 landene er det fremdeles noen som ikke har undertegnet traktaten og det er derfor usikkert når traktaten kan tre i kraft.
Komiteen slutter seg til det syn at en av politiske hensyn forholder seg til traktaten som om den var trådd i kraft, for på den måten å medvirke til en forsering av fremdriften.
Ut fra dette slutter komiteen seg til Regjeringens anbefalinger om nødvendige bevilgninger for inneværende år for å dekke kostnadene til drift av de fire norske primærstasjonene, og til å opprettholde og videreutvikle nasjonal kompetanse i Norge for aktivt å kunne medvirke til gjennomføring av traktaten.
Komiteen slutter seg til Regjeringens anbefaling om å ratifisere traktaten av 24. september 1994 om totalforbud mot kjernefysiske prøvesprengninger.
Komiteens medlemmer fra Høyre viser til brev av 8. april 1999, vedlagt innstillingen, fra utenriksministeren til komiteen, hvor utenriksministeren på spørsmål fra komiteen om hvorfor utgifter forbundet med ratifikasjon av traktaten ikke er lagt inn i budsjettet, svarer at det fortsatt knytter seg noe usikkerhet til de økonomiske konsekvensene. Disse medlemmer vil støtte forslag til tilleggsbevilgning, men finner grunn til å påtale at forslag til inndekning ikke samtidig fremmes fra Regjeringens side, men skyves frem til behandling av Revidert nasjonalbudsjett senere i vår. Disse medlemmer mener inndekning bør skje over kap. 161 og vil fremme slikt forslag ved behandling av Revidert nasjonalbudsjett.
Komiteen har elles ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I.
Stortinget gjev samtykkje til ratifikasjon av ein traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar, underteikna i New York 24. september 1996.
II.
På statsbudsjettet for 1999 vert det gjort følgjande endring:
Kap. | Post | Føremål | kr |
100 | Utanriksdepartementet | ||
71 | Ymse tilskot, vert auka med | 15 300 000 | |
frå kr 10 345 000 til kr 25 645 000 |
I proposisjonen fremmes det forslag om en tilleggsbevilgning på inneværende års budsjett med kr 15 300 000.
Så langt komiteen kan forstå måtte det antagelig ha vært kjent for departementet at denne utgiften ville påløpe inneværende år. En ber derfor om å bli gjort kjent med hvilke vurderinger som lå til grunn for at det ikke ble tatt høyde for dette i statsbudsjettet for 1999.
Ved fremleggelsen av St.prp. nr. 1 (1998-99) var det enkelte uavklarte spørsmål vedrørende ratifikasjon av prøvestansavtalen, herunder omfanget av de budsjettmessige konsekvenser. Det ble således i proposisjonen, side 32, anført at Regjeringen ville fremme en egen proposisjon om samtykke til ratifikasjon av Prøvestansavtalen, og i den forbindelse komme tilbake til de økonomiske konsekvenser som følge av Norges verifikasjonsforpliktelser.
Som det fremgår av St.prp. nr. 41 (1998-99) knytter det seg fortsatt noe usikkerhet til de økonomiske konsekvensene ved verifikasjon av avtalen. Dette gjelder i hovedsak hvor stor del av Norges utgifter som vil bli refundert fra organisasjonen og fra hvilket tidspunkt refusjon kan forventes.
Regjeringen legger imidlertid stor vekt på at Norge nå ratifiserer avtalen og har derfor funnet det riktig å fremme proposisjon om dette - til tross for at de økonomiske sidene ved avtalen ennå ikke er fullstendig avklart.
Oslo, i utanrikskomiteen, den 22. april 1999.
Haakon Blankenborg, leiar. |
Kjell Engebretsen, ordførar. |
Einar Steensnæs, sekretær. |