Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Merknader frå komiteen

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Olav Akselsen, Aud Blattmann, Bent Hegna, Torny Pedersen, Tore Nordseth og leiaren Jens Stoltenberg, frå Kristeleg Folkeparti, Jens Arnfinn Brødsjømoen og Lars Rise, frå Senterpartiet, John Dale, frå Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland og frå Venstre, Gunnar Kvassheim, vil understreke at omsyn til lokaldemokrati og distriktsutvikling må tilleggjast større vekt innan styringsverket, i tråd med den praksis som no blir lagt til grunn. I skriv til komiteen opplyser Miljøverndepartementet at nasjonale inngrep i lokale planer skjer sjeldnare enn tidlegare. Kommunane godkjenner stort sett sine eigne planar, og talet på motsegner har lege stabilt og på eit lågt nivå dei siste åra. I perioden 1995-97 fekk kommunane medhald i 16 pst. av sakene, i 1998 var tilsvarande prosent stege til 48. Dette er ei utvikling fleirtalet oppfattar som svært positiv, og som bør førast vidare med auka engasjement.

Fleirtalet er kjent med at lokale og nasjonale interesser i enkelte høve står i motstrid til kvarandre. Dersom det ligg føre motsegner frå statleg styresmakt på regionalt nivå, fylkeskommunen eller nabokommune, skal ei sak sendast til Miljøvernsdepartementet for avgjerd. Miljøverndepartementet kan óg henta inn kommunale eigengodkjente planar for å oppheve eller endre dei, dersom planane er i strid med nasjonale interesser. Fleirtalet meiner dette er ein god forvaltningspraksis, og konstaterer samtidig at staten er svært varsam med å overprøve lokale politiske vurderingar, i samsvar med det syn som er formulert i forarbeida til plan- og bygningslova.

Fleirtalet konstaterer at det i Dokument nr. 8:121 (1997-98) vert vist til at departementet har oppheva eit vedtak i Jondal kommunestyre om kommuneplan for Hereiane. Grunngjevinga for avgjerda er omsynet til nasjonale interesser. I forslaget etterlyser forslagsstillarane ein gjennomgang av «nasjonale interesser», med sikte på å få fram ein klarare definisjon av omgrepet.

Fleirtalet har merka seg at departementet i dette tilfellet har vist til behovet for å fylgje opp satsingsområde som er prioritert i St.meld. nr. 29 (1996-97), og som Stortinget har slutta seg til. På generelt grunnlag vil fleirtalet understreke, at jamvel om det finst svært få tilfelle av slike inngrep frå statleg hald, og at det her, sett frå nasjonalt synspunkt er snakk om å nytte ein «tryggingsventil», må det leggjast stor vekt på å presentere klare grunngjevingar i dei aktuelle tilfelle. Det er og viktig at dei statlege interessene kjem fram så tidleg som råd i prosessen, slik at det sentrale og lokale nivået heile tida er på det reine med kva som er situasjonen.

Fleirtalet vil elles vise til at Regjeringa nyleg har nemnt opp eit nytt planlovutval, m.a. for å redusere den statlege detaljstyringa av kommunar og fylkeskommunar. Prinsippa om eit heilskapeleg, demokratisk og mest mogeleg desentralisert plansystem ligg til grunn for dette arbeidet. Slik mandatet er utforma vil det vera naturleg at dei prinsipielle spørsmål som er reist i Dokument nr. 8:121 (1997-98), med utgangspunkt i Jondal-saka, også blir fanga opp av planlovutvalet.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Øyvind Korsberg og Øyvind Vaksdal og fra Høyre, Jan Johnsen og Jan Tore Sanner, mener at Leif Lund, Signe Øye og Sylvia Brustad tar opp en meget aktuell og interessant problemstilling i Dokument nr. 8:121 (1997-98). Forslagsstillerne ber om en gjennomgang av begrepet nasjonale interesser i utbyggingssaker med sikte på å få en klarere definisjon som også tar hensyn til lokaldemokrati og distriktsutvikling.

Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at Høyre flere ganger tidligere har tatt opp lignende problemstillinger.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre er overrasket over at forslagsstillernes eget parti, Arbeiderpartiet, ikke tar opp det forslaget som er fremsatt i Dokument nr. 8:121 (1997-98). En gjennomgang av begrepet nasjonale interesser vil være nyttig både i forhold til lokaldemokrati og distriktsutvikling, men også sett i forhold til den private eiendomsrett. Disse medlemmer ser med interesse frem til resultatene av planlovutvalgets arbeid. Planlovutvalget skal imidlertid ta opp mange problemstillinger og det vil ta tid før Stortinget får diskutere konklusjonene.

På denne bakgrunn vil disse medlemmer ta opp det forslag som er fremsatt i Dokument nr. 8:121 (1997-98).