Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

8. Forskning, utvikling og kompetanse

Forskning og utvikling er en nøkkelfaktor når vi skal utnytte våre naturgitte forutsetninger bedre og ivareta de muligheter markedene gir for norsk fiskerinæring. Friere konkurranse i handelen med fisk kombinert med strengere retningslinjer for statlige støtteordninger overfor næringslivet stiller nye krav til konkurransedyktighet og dermed løpende innovasjon i næringen.

Satsingen på marin FoU i Norge har som hovedmål å utvikle kunnskap for å utløse verdiskapingspotensialet i hele verdikjeden. Fiskeridepartementet ønsker derfor å videreføre bevilgningene til marin FoU på et høyt nivå i årene fremover.

Prioriterte områder er bl.a. forskning rettet mot produkt- og prosessutvikling, bedre totalutnyttelse av råstoffet gjennom marin bioteknologi og utvikling av markedskunnskap. Ressurs- og havmiljøforskningen vil bli opprettholdt på et høyt nivå. Verdikjedeperspektivet skal legges til grunn for den marine FoU.

Fiskeridepartementet vil fremheve betydningen av at de norske fiskeriforskningsmiljøene deltar aktivt i internasjonalt forskningssamarbeid.

Det er viktig å få til større FoU-engasjement i mellomstore og mindre bedrifter og bidra til samspill mellom forskningsmiljøer og bedrifter. Dette kan gjøres gjennom utveksling mellom FoU-miljøer og næring, og ved overføring av teknologi og kunnskap mellom de ulike delene av næringen.

Næringen bidrar i dag bare i beskjeden grad til FoU på fiskerisektoren. Næringens lave egenfinansiering av FoU skyldes i første rekke en struktur med mange små og mellomstore enheter med begrenset egenkapital og lønnsomhet. Skal potensialet for verdiskaping i næringen realiseres, er det behov for å øke forskningsinnsatsen i forhold til dagens nivå.

Økte FoU-midler fra næringen skal bl.a. styrke den næringsrettede FoU-innsatsen, bransjeutviklingstiltak og fellesprosjekter til nytte for hele næringen.

Fiskeridepartementet mener at økt næringsfinansiering av FoU i fiskeri- og havbrukssektoren mest hensiktsmessig kan realiseres gjennom en lovpålagt avgift.

Fiskeridepartementet vil i samarbeid med de sentrale næringsorganisasjonene utrede spørsmålet om en generell FoU-avgift for fiskeri- og havbruksnæringen, og vil komme tilbake til Stortinget med saken på en egnet måte.

Fiskerinæringen utvikler seg mot en moderne næringsmiddelindustri med et bredt produktspekter, med kunder over hele verden. Utfordringene på kompetanse- og rekrutteringssiden i norsk fiskerinæring må derfor vies betydelig oppmerksomhet når strategiene for utvikling av næringen legges.

Få av dem som i dag arbeider i fiskerinæringen har høyere utdanning. En stor utfordring er derfor å øke andelen med formell kompetanse blant dem som allerede er i arbeidslivet gjennom etterutdanning.

Det er et mål å få flere kvinner inn i ledende stillinger i fiskerinæringen, og å gjøre arbeidsplassene mer varierte og interessante på alle nivåer.

Komiteen viser til at grunnlaget for norsk fiskeriforvaltning er at det fins god nok kunnskap om ressursgrunnlaget. Forskningsinnsats er difor ein avgjerande faktor.

Komiteen vil peika på at når ein ser dei store og vanskelege oppgåvene ressurs- og miljøforskinga står ovanfor, og den betydning resultata av denne forskinga har for forvaltninga, og derigjennom næringa, må ambisjonsnivået når det gjeld løyvingar til forsking aukast monaleg i åra som kjem.

Komiteen ser for seg at det vil bli stilt nye og strengare krav til dokumentasjon av tilstanden til fiskebestandane våre. Dette gjeld både dei kommersielle og ikkje-kommersielle artane, miljøet og forureiningssituasjonen, og nye krav til forvaltninga. Sameleis gjeld dette forsking knytt til sjøpattedyr og utviklinga i bestandane.

Komiteen vil understreka at gjennom vitskapleg ressurs- og miljødokumentasjon og ei god forvaltning på dette området, vil ein kunna tryggja næringa si framtid, samt ivareta dei internasjonale forpliktelsane våre.

Komiteen syner til at Det Internasjonale Råd for Havforskning (ICES) er rådgjevande organ for både norske styresmakter, EU, Russland, Island osb., når det gjeld forvalting av fiskeressursane i Nord-Atlanteren og i våre farvatn. Det er i første rekkje innan dette organet og på det internasjonale plan at norske havforskarar må gjera seg gjeldande om vår forsking og våre metodar skal verta anerkjente og tatt i bruk. Komiteen meiner det vil vera heilt avgjerande for Norge sin posisjon i internasjonale fiskeriforhandlingar, at dei norske fagmiljøa har høg fagleg standard og at dei samarbeider og utfyller kvarandre på ein positiv og god måte. Komiteen er vidare oppteken av at ein får mest mogeleg att for kvar forskingskrone.

I samband med styrking av forskingsinnsatsen knytt til marin sektor er det nødvendig å styrkja heile det norske forskingsmiljøet på området. Komiteen er mellom anna kjent med at utfordringane universiteta står ovanfor, når det gjeld marin forsking som marinbiologi og fiskesjukdomar, er store i høve til dei midla som står til rådvelde.

Komiteen meiner Norge som eit lite land, ikkje er tent med at forskingsressursane vert splitta på for mange aktørar. Komiteen meiner det difor må byggjast vidare på dei forskingsmiljøa me har, der Havforskningsinstituttet i Bergen er berebjelken innan ressursforsking og Fiskeriforskning i Tromsø utgjer tyngdepunktet innan foredlingsforsking. Komiteen meiner vidare det er grunn til å byggja vidare på den semja desse miljøa har kome fram til når det gjeld oppgåvefordeling i åra frametter.

Komiteen ser det som svært positivt at Havforsk-ningsinstituttet og Fiskeriforskning er samde seg imellom at Havforskningsinstituttet opprettar eit nasjonalt samarbeidsforum for å handsama nasjonale ressursrelaterte fagspørsmål og for å skipa ei sterkare koordinering av ressursforskinga.

Komiteen meiner det er ein grunnleggjande føresetnad at dei forvaltingsretta og rådgjevande forskingsinstitutta er anerkjende fagmiljø, og at dei har integritet og truverd både i internasjonale fora, forvaltinga, fiskerinæringa og hjå interesseorganisasjonane. Måten desse institutta vert finansierte på er difor i ein slik samanhang av stor betydning.

Komiteen syner til den betydningsfulle nasjonale og internasjonale fagressursen Havforskningsinstituttet er og den betydning dette miljøet har for den sterke posisjonen Norge har i internasjonal samanhang innan dette fagfeltet. Komiteen meiner det må vera rett ressursbruk å byggja opp så sterke fagmiljø som mogeleg og at det må byggjast vidare på Havforskningsinstituttet som eit av dei største og mest samansette tverrfaglege kompetansemiljø innan marin forskning og forvalting i Europa. Komiteen meiner det ikkje er rett med ei funksjonstapping av dette miljøet, som kan svekka dei fortrinn Norge har for å få etablert eit internasjonalt senter for forsking på berekraftige fiskeri.

Komiteen meiner forskingsmiljøet i Tromsø bør få større ansvar for bestandsforsking der det har spesielt gode føresetnader. Komiteen meiner vidare at forskingsinnsatsen innan marknadskunnskap, produkt- og prosessutvikling og betre totalutnytting av råstoffet gjennom marin bioteknologi må styrkjast.

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Høgre, understrekar at heile den marine forskinga må få eit økonomisk løft der det offentlege i særleg grad har ansvar for å sikra forskings- og kunnskapsgrunnlaget innan ressurs- og miljøforskinga. I den samanhang er bygging av nytt forskingsskip til erstatning for G. O. Sars som no er 30 år gamalt, eit av tiltaka som hastar.

Komiteen viser til at forskingsinnsats avgjer om det også skal vera mogeleg å få fram nye artar for kommersiell utnytting. Komiteen meiner at samarbeidet mellom styresmaktene og oppdrettsnæringa må halde fram og styrkjast, og offentlege midlar til forsking og utvikling av nye metodar, nye artar og sjukdomsførebygging innafor oppdrettsnæringa må få ein auke i åra som kjem.

Kveite, torsk og skjell kan gje økonomiske resultat som forsvarer utviklingskostnadene. Komiteen meiner oppbygging av forskingsfond er vegen å gå for å finansiera nødvendig forsking knytt til vidare utvikling av havbruksnæringa.

Komiteen meiner det må prøvast ut ei ordning med nye typar oppdrettsanlegg, for å prøva ut kva effekt det kan ha i eit miljøperspektiv, t.d. i forhold til miljø og smittespreiing. Også landbaserte anlegg bør vurderast nærare i denne samanhengen.

Komiteen meiner at det òg er eit stort potensiale i å utvikla høgkvalitetsprodukt basert på biprodukt frå fisk som slo og avkapp. Innsatsen for å få formidla forskingsresultata, samt at forskingsresultata vert teken i bruk, må styrkjast.

Komiteen syner til at villaksbestanden syner tilbakegang i heile Nordatlanteren, og meiner det må skaffast fram eit meir konkret faktagrunnlag knytt til utviklinga i villaksbestanden med sikte på å betra situasjonen.

Komiteen er kjend med at det er utført eit viktig forskingsarbeid knytt til laksen sitt opphald i elvane, og meiner det trengst større forskingsinnsats knytt til villlaksen sitt opphald i havet for å løysa problema.

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Høgre, meinar det må innførast ei eiga FoU-avgift, som næringa i samarbeid med Norsk Forskningsråd forvalter. Fleirtalet understrekar ar denne avgifta ikkje kjem istadenfor offentleg satsing på marin forsking. Fleirtalet syner til at store deler av næringa sjølv er samd i dette og meiner at saka ikkje treng ytterlegare vurdering, men utarbeiding av eit hensiktsmessig regelverk.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre mener en eventuell FoU-avgift bare bør innføres dersom det er bred tilslutning til dette i fiskerinæringen. Det er en forutsetning at næringen selv administrerer ordningen og bestemmer hvordan de innbetalte midlene skal brukes. En eventuell FoU-avgift bør sees i sammenheng med Regjeringens arbeid med å utrede og legge fram forslag til økonomiske stimuleringstilak for å fremme forsknings- og utviklingsarbeidet i bedriftene, jf. Stortingets vedtak i forbindelse med behandlingen av Budsjett-innst. S. I (1998-99).

Komiteen har merka seg at fiskerinæringa i aukande grad er ein del ein global industri, der nyskaping og fleksibilitet er viktig for å oppretthalda og ut-vikla konkuransedugleiken. Det generelle kompetansenivået må difor verta høgare i alle ledd. Kompetanse er ein viktig konkurransefaktor i arbeidet med å få fram kvalitetsprodukt, som ein betalingssterk marknad er viljug til å kjøpa. Komiteen ser at kompetansenivået vil få større og større betydning, ettersom kvaliteten på produktet som når kunden i stor grad er avhengig av korleis råstoffet vert handtert alt frå fangstreiskapen vert sett i havet.

Komiteen meiner det er bruk for omfattande kompetansehevingstiltak i fiskerinæringa både på fangst- og industrisida. Auka kunnskap om råstoffhandtering og produksjonsøkonomi trengs for å kunna auka lønsemda. Det er avgjerande at næringa sjølv innser behovet for kompetanse og tek i bruk dei som alt har skaffa seg slik kompetanse.

Komiteen sitt fleirtal, medlemmane frå Arbeiderpartiet, Framstegspartiet og Høgre, meiner ein kunne venta at meldinga hadde analysert grundigare korleis næringa kan utvikle kompetansen internt og korleis næringa kan få nødvendig kompetanse frå det formelle utdanningssystemet. Eit mål om meir satsing på produkt- og prosessutvikling bør til dømes ha som konsekvens at det løyvast pengar til stillingar innanfor dette fagfeltet ved våre høgare læresteder.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet og Fremskrittspartiet, mener at man heller ikke kan forvente at en næring som har en så liten andel ansatte med høyere utdannelse, alene skal ta det økonomiske ansvaret for å oppgradere arbeidsstokken i tråd med markedsdrevne utfordringer. Det bør derfor forventes at Regjeringen viser problematikken rundt etter- og videreutdanning i fiskerinæringen spesiell oppmerksomhet. I tillegg til de økonomiske sidene, gjør den desentraliserte strukturen at det må utvikles modeller for opplæring som er tilpasset spredt lokalisering og sesongmessige svingninger i driften, for eksempel gjennom utvikling av fjernundervisningstilbud.

Komiteen vil understreka at det er næringa sin eigen evne til å framstå med attraktive arbeidsplassar når det gjeld lønsemd, gode arbeidstilhøve og utfordrande arbeidsoppgåver, som i stor grad avgjer i kva grad rekrutteringsarbeidet skal lukkast.

Komiteen meiner rekrutteringsarbeidet må starta tidleg ved at elevane alt i barne- og ungdomsskulen får informasjon om og kontakt med fiskerinæringa og livet langs kysten. Lærare og rådgjevarane i ungdomsskulen vert ei viktig målgruppe. Tilhøva må leggjast tilrette slik at dei som vel fiskerifagleg utdanning i den vidaregåande skulen, vert sikra lærlingeplass. Det er i dag utvikla eit tilbod med fjernundervisning via Opplæringskontora for fiskerifag som tilbyr fiskarar høve til å ta fagbrev. Dette må vidareførast og vidareutviklast. Også på universitets- og høgskulenivå vil det vera stor bruk for rekrutteringstiltak for å sikra næringa heilt nødvendig kompetanse.

Komiteen vil understreka at det må vurderast sæskilte tiltak for å få fleire kvinner til å satsa på fiskerirelaterte utdanningar og yrke.