Oppsummering
Desse fire klagesakene illustrerer, slik ombodsmannen ser det, kor viktig det er at sakshandsamingsreglane blir følgde i saker som omhandlar skulestrukturen i ein kommune. I alle desse sakene har det vore mykje strid om vedtaka, og dei involverte partane synest å ha følt seg overkøyrde. Sakshandsamingsreglane er med på å sikre at sakene blir så godt opplyst som mogleg før avgjerdene blir fatta. Ved at saka blir lagt fram for samarbeidsutvala ved dei aktuelle skulane, får også dei impliserte partane kunnskap/varsel om at skulen kan bli lagd ned, og dei kan dermed gje uttrykk for sitt syn på saka før vedtaket er fatta. Dersom foreldra/elevane hadde fått delta i prosessen, ville det etter ombodsmannen også kanskje ha vore lettare å akseptere desse avgjerdene.