Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Kort om undersøkingane

I ombodsmannssak 97-0862 (Nedlegging av Breistrand skule) har ombodsmannen undersøkt fleire forhold når det gjeld handsaminga av saka i kommunen. Ombodsmannen har sett på forhold som galdt rekkjefylgja for avrøystinga i kommunestyret, krinsavrøystinga og habilitet, men ingen av desse forholda har gjeve grunnlag for å rette avgjerande innvendingar i saka. Ombodsmannen fann grunn til å kritisere at ikkje foreldra/elevane ved Breistrand skule blei informerte om dei ulike forslaga til vedtak frå administrasjonen før møtet i kommunestyret, i og med at to av forslaga førte med seg vesentlege endringar for elevane ved Breistrand skule. Ombodsmannen uttalte at ein slik rett til varsel og uttalerett for dei som blir ramma av avgjerda (retten til kontradiksjon), må reknast som eit grunnleggjande rettstryggleikskrav ved offentleg maktutøving.

I ombodsmannssakene 97-1165 (Nedlegging av Lavikdal skule) og 97-1280 (Nedlegging av grendeskular i Fyresdal) har ombodsmannen særleg undersøkt om sakene var tilstrekkeleg opplyste før vedtak blei fatta, derunder om samarbeidsutvala ved dei aktuelle skulane hadde fått uttale seg i saka.

Av grunnskulelova av 13. juni 1969 nr. 24 § 32 nr. 1 framgår det at kvar skule skal opprette eit samarbeidsutval med «to representantar for lærarane, ein representant for andre tilsette, to representantar for foreldrerådet, to representantar for elevrådet, og rektor som representant for kommunen. I tillegg nemner kommunen opp ein representant til utvalet». I § 32 nr. 2 heiter det vidare at utvalet har «rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen». Den lovbestemte ordninga med samarbeidsutval ved grunnskulane er også ført vidare i § 11-1 i den nye opplæringslova av 17. juli 1998 nr. 61, som ennå ikkje har trådt i kraft.

Verken i Lavikdal-saka eller Fyresdal-saka hadde dei aktuelle samarbeidsutvala fått uttale seg før kommunestyra fatta sine vedtak. Ombodsmannen uttalte at ei avgjerd om nedlegging av skular har store konsekvensar for dei impliserte partane, og at samarbeidsutvala ved si lovbestemte samansetjing sit med viktig lokalkunnskap som skal medverka til å opplyse saka så godt som mogleg før det blir fatta vedtak om skulestrukturen i kommunane. På denne bakgrunnen kritiserte ombodsmannen at dei aktuelle samarbeidsutvala ikkje var blitt høyrde, og bad i båe sakene om at fylkesmannen/utdanningskontoret tok opp sin kontroll med vedtaket til ny vurdering.

Fylkesmannen og Statens utdanningskontor i respektive Sogn og Fjordane og Telemark vurderte saka på nytt, men båe heldt fast ved at vedtaka var blitt til på lovleg måte. I Fyresdal-saka har ombodsmannen i ein sluttkommentar vist til at det er semje om at det var ein sakshandsamingsfeil at saka om nedlegging av skulane ikkje blei lagt fram for samarbeidsutvala. Ved vurderinga om kva for ein verknad denne feilen kan ha hatt på vedtaket er det prinsippet i forvaltningslova § 41 som må leggjast til grunn; det skal med andre ord vurderast kor sannsynleg det er at feilen ”kan ha virket bestemmende for vedtakets innhold.”. Vedtaket om å leggje ned skulane var i all hovudsak grunna i kommunen sin vanskelege økonomiske situasjon. Dette kan ombodsmannen vanskeleg overprøve, men ombodsmannen finn grunn til å peike på at dei økonomiske tilhøve ikkje har vore nærare konkretisert og er lite egna til å kaste ljos over spørsmålet om sakshandsamingsfeilen kan ha påverka resultatet i saka. Ombodsmannen finn at han ikkje har grunnlag for å ta uttrykkeleg standpunkt til kva for verknad det kan ha hatt for vedtaket i saka og uttalar: ”Slik saka no framstår, finn eg likevel grunn til å seie at vedtaket etterlet tvil, jf. ombodsmannslova § 10 andre leden fjerde punktum.”

I ombodsmannssak 97-2014 (Nedlegging av skoler i Gausdal kommune) er det berre Fylkesmannen i Oppland/Statens utdanningskontor i Oppland sin kontroll av Gausdal kommunestyre sitt vedtak som har vore vurdert. Ombodsmannen har i denne saka ikkje gjort nærmare undersøkingar av sakshandsaminga i kommunestyret, men utan vidare lagt til grunn fylkesmannen sitt standpunkt om at Gausdal kommunestyre og formannskapet sine vedtak var ugyldige. På bakgrunn av at kommunestyret hadde handsama kravet om kontroll av vedtaket etter kommunelova § 59 og vedtatt å oppretthalde sitt opphavlege vedtak med endring av datoen for iverksetjing, konkluderte fylkesmannen med at feilene var reparerte. Ombodsmannen fann det vanskeleg, ut frå dei opplysningane som låg føre, å kunne seie seg samd med fylkesmannen i denne vurderinga, og bad Fylkesmannen i Oppland om å vurdere saka på nytt. Fylkesmannen vurderte saka på nytt, men endra ikkje standpunkt. Eit avgjerande forhold i saka var om ein av representantane i kommunestyret hadde vore inhabil.