Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Bakgrunnen for undersøkingane

Dei fire klagesakene er grunna i at kommunestyra i respektive Skånland, Høyanger, Fyresdal og Gausdal kommunar fatta vedtak om nedlegging av ein eller fleire skular i kommunane. Det er i alle sakene kravd kontroll av vedtaka etter kommunelova av 25. september 1992 nr. 107 § 59. Undersøkingane i dei fire klagesakene hos ombodsmannen blei sette i verk etter konkrete klager frå partar som blei ramma av vedtaka om nedlegging av dei aktuelle skulane.

Vurderinga av om det skal bli vedtatt samanslåing av ein eller fleire skulekrinsar i ein kommune, vil i stor mon vere tufta på ei samansett samfunnsmessig vurdering der omsynet til kva som er ein mest rasjonell skulestruktur for kommunen ut frå økonomi, befolkningsfordeling og befolkningstilvekst, vil stå sentralt. Ombodsmannens kontroll med slike avgjerder vil for det meste retta seg mot sakshandsaminga avgjerdene er tufta på, av di ombodsmannen berre har avgrensa rett til å kritisere slike skjønnsavgjerder. I desse skjønnsavgjerdene vil ulike og ofte sterkt motstridande omsyn og interesser bli trekt inn i grunnlaget for avgjerda og rett sakshandsaming blir difor særs viktig. Tilliten til dei vedtaka som til slutt skal gjerast, vil også stå og falle med at sakshandsaminga føre vedtaket har vore rett.

Når det gjeld innhaldet i avgjerdene, nemner ombodsmannen for ordens skuld at undersøkingane derifrå dessutan i liten grad vil vere egna for ei etterprøving av kor føremålstenleg eit slikt vedtak vil vere. Dersom avgjerda er lovleg, kan ombodsmannen berre uttale kritikk dersom det hefter alvorlege feil ved skjønnet. Det vil vere tilfellet dersom det er lagt vekt på utanforliggjande eller usaklege omsyn, eller avveginga av dei ulike skjønnsmomenta har vore vilkårlege. Ombodsmannen kan også kritisere ei skjønnsmessig avgjerd dersom resultatet i saka er «klart urimelig», jf. ombodsmannslova av 22. juni 1962 nr. 8 § 10 andre ledd.

Ombodsmannens undersøking av dei fire klagesakene har difor måtta konsentrere seg om sakshandsaminga og dei rettslege sidene ved kommunestyra sine vedtak og den kontrollen fylkesmannen/utdanningskontora har gjort med vedtaka etter kommunelova § 59.