Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1. Innleiing

Etter omlegginga av Kredittmeldinga som vart varsla i Kredittmeldinga 1995, skal meldinga no i større grad enn tidlegare vere eit dokument som omhandlar aktuelle saker på finansmarknadsområdet.

Årsmeldingane frå Noregs Bank, Kredittilsynet, Statens Banksikringsfond, Statens Bankinvesteringsfond og Folketrygdfondet følgjer som utrykte vedlegg til meldinga. Framstillinga er på enkelte punkt ført fram utover årsskiftet 1997/98.

Det er i avsnitt 1.2 i meldinga gitt oversikt over utviklinga på finansmarknaden.

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Dag Terje Andersen, Kjell Ivar Fossnes, Ranveig Frøiland, Trond Giske, Frank Willy Larsen, Tore Nordtun og Hill-Marta Solberg, frå Framstegspartiet, Siv Jensen, Per Erik Monsen og Kenneth Svendsen, frå Kristeleg Folkeparti, Randi Karlstrøm, leiaren Lars Gunnar Lie og Ingebrigt S. Sørfonn, frå Høgre, Børge Brende, Per-Kristian Foss og Kjellaug Nakkim, frå Senterpartiet, Eli Sollied Øveraas, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, frå Venstre, Terje Johansen og frå Tverrpolitisk Folkevalde, Steinar Bastesen, tek departementet si orientering til etterretning.

Komiteen har elles ingen merknader.