Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

5. Komiteens tilråding

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I.

På statsbudsjettet for 1998 blir det gjort følgjande endringar:

Kap. Post Formål Kroner

Utgifter:

1301

Forsking og utvikling m.v.

51

Transportforsking, blir auka med

5 000 000

frå kr13 900 000 til kr 18 900 000

52

Telekommunikasjonsforsking, blir auka med

6 000 000

frå kr 23 400 000 til kr 29 400 000

70

Tilskot til rasjonell og miljøvenleg transport, kan overførast,

blir redusert med

5 000 000

frå kr 27 200 000 til kr 22 200 000

1310

Flytransport

70

Godtgjersle for innanlandske flyruter, kan nyttast under kap. 1311 post 60, blir auka med

2 300 000

frå kr 246 800 000 til kr 249 100 000

1311

Tilskot til regionale flyplassar

70

Overføring til Luftfartsverket, blir redusert med

2 300 000

frå kr 99 100 000 til kr 96 800 000

1312

Oslo Lufthavn AS

90

Lån til Oslo Lufthavn AS blir redusert med

420 000 000

frå kr 2 420 000 000 til kr 2 000 000 000

1320

Statens vegvesen (jf. kap. 4320)

23

Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m., kan overførast, kan nyttast under post 30, blir auka med

3 100 000

frå kr 5 187 300 000 til kr 5 190 400 000

1350

Jernbaneverket (jf. kap. 4350)

70 (ny)

Tilbakebetaling til Telenor AS blir løyvt med

208 000 000

Inntekter:

4350

Jernbaneverket (jf. kap. 1350)

04(ny)

Leigeinntekter blir løyvt med

27 000 000

5611

Renter av lån til NSB BA

80

Renter, blir redusert med

2 843 000

fra kr 98 400 000 til kr 95 557 000

II.

Stortinget samtykker i at:

  • 1. Skedsmo kommune får høve til å forskotere 22 mill. kroner til prosjektet rv159 Knatten - Lørdagsrud - Vigernes x rv22 i 1998 og 1999, mot refusjon av 15 mill. kroner i 1999 og 7 mill. kroner i 2002, utan kompensasjon for renter og prisstigning.

  • 2. Drammen kommune får høve til å forskotere 41,5 mill. kroner til rv283, bygging av undergang under jernbanen på Grønland, mot refusjon, utan kompensasjon for renter og prisstigning. Refusjonstidspunktet skal fastsetjast i samband med revisjon av Nasjonal transportplan 2002-2011 og påfølgjande handlingsprogram.

  • Fitjar kommune får høve til å forskotere 12 mill. kroner til utbetring og trafikksikring av rv545 mellom Sandvikvåg og Svartasmoget, mot refusjon, utan kompensasjon for renter og prisstigning. Refusjonstidspunktet skal fastsetjast i samband med revisjon av Nasjonal transportplan 2002-2011 og påfølgjande handlingsprogram.

  • 3. Stikkordet «kan nyttast under post 23» kan leggjast til kap. 1350, post 30 Investeringar i lina, kan overførast.