1. Programområde 21.1 Administrasjon m.m.
I samband med Revidert nasjonalbudsjett 1998, jf. Innst. S. nr. 252 (1997-98), reduserte Stortinget løyvinga på kap. 1301 post 51 Transportforsking, med 5 mill. kroner og post 52 Telekommunikasjonsforsking, med 6 mill. kroner. Ein slik reduksjon kan ikkje gjennomførast utan å bryte inngåtte kontraktar. Det er difor nødvendig å auke løyvinga til opphavleg nivå.
Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga på post 51 Transportforsking, med 5 mill. kroner og post 52 Telekommunikasjonsforsking, med 6 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om å dekkje auken på post 51 Transportforsking ved å redusere løyvinga på kap. 1301 post 70 Tilskot til rasjonell og miljøvenleg transport, med 5 mill. kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeiderpartiet, Sigrun Eng, Eirin Faldet, Sverre Myrli, Gunn Olsen, Ola Røtvei og Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, frå Framstegspartiet, Thore Aksel Nistad og Christopher Stensaker, frå Kristeleg Folkeparti, Rigmor Kofoed-Larsen og Jan Sahl, frå Høgre, Ellen Gjerpe Hansen og leiaren Oddvard Nilsen, frå Senterpartiet, Jorunn Ringstad, frå Sosialistisk Venstreparti, Inge Myrvoll og frå Venstre, May Britt Vihovde, viser til behandlingen av Revidert nasjonalbudsjett 1998 hvor bevilgningene til kap. 1301 post 51 Transportforskning og kap. 1301 post 52 Telekommunikasjonsforskning ble redusert med hhv. 5 mill. kroner og 6 mill. kroner. Komiteen har merket seg at det ikke er mulig å gjennomføre disse reduksjonene uten å bryte inngåtte kontrakter.
Komiteen slutter seg på denne bakgrunn til forslaget om å øke bevilgningene til kap. 1301 post 51 og kap. 1301 post 52 med hhv. 5 mill. kroner og 6 mill. kroner.