1. Samandrag
- 1.1 Innleiing
- 1.2 Mål og strategiar i alkohol- og narkotikapolitikken
- 1.3 Bakgrunn
- 1.4 Tiltak i handlingsplanen
- 1.5 Økonomiske og administrative konsekvensar
Sosial- og helsedepartementet legg i proposisjonen fram ein handlingsplan for redusert bruk av rusmiddel i perioden 1998-2000.
Regjeringa ser med uro på at forbruket av alkohol er aukande, samstundes som illegale rusmiddel får innpass i nye ungdomsmiljø. Ei slik utvikling forsterkar dei sosiale problema som er knytte til bruk av alkohol og narkotika og aukar presset på helsestellet. Regjeringa meiner det i denne samanhengen er viktig med eit aktivt arbeid i alle aldersgrupper for å motverke rusmisbruk som ei kjelde til dårleg helse, kriminalitet og valdsbruk. Handlingsplanen tek sikte på å presentere strategiar og satsingsområde som kan føre til auka innsats i det haldningsskapande og førebyggjande arbeidet mot rusmiddelbruk.
Departementet peikar på at rusmiddelpolitikken handlar om den vanskelege avveginga mellom individet sin sjølvråderett og samfunnet sitt ynske om å verne mot skadeverknader av dei val som vert gjorde. Ein heilskapleg politikk må etter Regjeringa sitt syn innebere både kontrolltiltak og stimuleringstiltak. Regjeringa vil vidareføre ein restriktiv rusmiddelpolitikk for å avgrense skadeverknadene. Handlingsplanen tek sikte på å styrkje handhevinga av regelverket. Regjeringa vil vidare stimulere til brei mobilisering basert på omsorg for dei svakaste og for komande generasjonar. Det blir vist til at det er påvist ein klar samanheng mellom totalforbruket av alkohol i eit samfunn og talet på storforbrukarar. Haldningsskapande arbeid er vektlagt i planen.
Det blir i proposisjonen peika på at næringsinteresser i Noreg og andre land no driv eit aktivt arbeid for å knytte alkoholbruk til stadig fleire situasjonar og aldersgrupper. Planen inneheld tiltak for å styrkje medvitet om og setje grenser for desse strategiane. Fleire av tiltaka i planen tek sikte på å heve debutalderen for bruk av alkohol. Regjeringa vil leggje til rette for ei samfunnsutvikling der det er mogleg å tilby trygge og inkluderande rammer om oppveksten til born og unge.
Regjeringa legg vekt på at det gjennom utarbeiding og oppfølging av kommunale rusmiddelpolitiske handlingsplanar blir lagt til rette for utvikling av organiserte og forpliktande samarbeidsformer i kommunar og lokalsamfunn.
Det blir i proposisjonen understreka at målet for alkoholpolitikken står fast. Regjeringa ønskjer i størst mogleg grad å avgrense dei skadane som bruk og misbruk kan føre til. Dette gjeld både dei samfunnsmessige og dei individuelle skadane.
Målet for narkotikapolitikken står òg fast: Eit samfunn fritt for narkotikamisbruk.
Regjeringa har formulert desse måla for ein meir offensiv rusmiddelpolitikk:
– reduksjon av det totale alkoholforbruket med 25 prosent innan år 2000
– reduksjon av misbruket av illegale stoff
– auka medvit om samanhengane mellom bruk og misbruk av ulike rusmiddel
– heva debutalder for bruk av alkohol
– styrkte negative haldningar til bruk av narkotika og misbruk av alkohol
– eit betra og meir effektivt behandlings-, etterverns- og omsorgstilbod for rusmiddelmisbrukarar
Regjeringa legg opp til følgjande strategiar for å nå måla:
– samarbeid med heim og skule og fritidstiltak i det haldningsskapande arbeidet
– brei mobilisering av frivillige krefter, organisasjonar og ungdomskulturelle miljø
– la kommunane, det lokale politiet og lokalmiljøa spele ei sentral rolle i det førebyggjande arbeidet
– la det førebyggjande arbeidet ha eit langsiktig perspektiv
– rette innsatsen både mot heile befolkninga og mot risikogrupper
– la ungdom og unge vaksne vere viktige målgrupper for innsatsen
– syte for at behandlings- og omsorgstiltak spelar på lag med frivillige organisasjonar, grupper og einskildpersonar
– styrking av ettervernet
Noreg ligg lågt samanlikna med andre land i Europa når det gjeld omsetnad av alkohol. I 1996 var det årlege gjennomsnittsforbruket (registrert forbruk) i Noreg av rein alkohol pr. innbyggjar (15 år og over) 5,04 liter. Til samanlikning har fleire andre europeiske land ein omsetnad på over 10 liter pr. innbyggjar. Forbruket i Noreg nådde eit toppunkt på 5,98 liter i 1980. I perioden frå 1980 og fram til i dag, har det totalt sett vore ein stagnasjon og nedgang på om lag 16 prosent målt i liter alkohol. Dei siste åra kan det sjå ut som om forbruket igjen er aukande. Øl er den dominerande alkoholtypen i Noreg med 57,4 prosent av omsetnaden rekna i rein alkohol. Sidan 1980 har brennevinsomsetnaden vist sterk nedgang, medan vinomsetnaden derimot har stige. Ein ny type alkoholdrikk som kom til Noreg i 1996, er rusbrusen som på kort tid har fått ei ikkje uvesentleg utbreiing særleg blant ungdom. I tillegg til den registrerte omsetnaden blir det drukke uregistrert alkohol i form av legalt eller illegalt heimeprodusert alkohol og alkohol importert som reisegods. I Noreg reknar ein med at det uregistrerte forbruket er rundt rekna 25-30 prosent av totalforbruket.
Det blir peika på at i internasjonal samanheng er narkotikaproblemet relativt avgrensa i Noreg. Nye undersøkingar tyder likevel på at narkotikamisbruket er aukande også her. Det typiske norske misbruket er eit blandingsmisbruk der alkohol, vanedannande lækjemiddel og ulovlege stoff blir misbrukte saman eller kvar for seg. Det er introdusert nye stoff i ungdomsmiljø, gjerne knytte til visse ungdomskulturelle trendar. Stadig fleire ungdommar oppgir å ha brukt ulike narkotiske stoff. Talet på dødsfall på grunn av misbruk av slike stoff har auka, og i 1997 blei det på landsbasis registrert 177 narkotikarelaterte dødsfall. Også den gruppa som bruker dei tyngre stoffa, ser ut til å ha blitt større dei siste åra. Det har dei siste ti åra vore ein markant auke av narkotikarelatert kriminalitet og i talet på narkotikabeslag i Noreg. I dei siste åra gjeld dette først og fremst for stoff som LSD, kokain, ecstasy og amfetamin.
Det vert understreka at det særs ofte er slik at ungdommar som kjem i kontakt med illegale rusmiddel, gjerne først har starta med alkohol, dernest sigarettar, så sniffestoff, så hasj og til slutt andre illegale stoff. Medan hasjbruk så å seie er fråverande blant ungdom som ikkje røykjer eller drikk alkohol, viser fleire studiar at om lag halvparten av dei som tidleg blir daglegrøykjarar og tidleg utviklar eit høgt forbruk av alkohol, også prøver hasj. Fleire studiar viser at om lag halvparten av dei som har eit jamt forbruk av hasj, også bruker andre narkotiske stoff, som amfetamin, ecstasy, kokain og heroin. Bruken av hasj kjem først i tid. Ofte utviklar hasjbrukarane eit alkoholproblem òg. I aukande grad vev hasj seg altså inn i eit blandingsmisbruk saman med alkohol, vanedannande lækjemiddel og andre narkotiske stoff.
Det blir peika på at medan det tidlegare var tydelege skott mellom dei illegale og dei legale rusmidla, så har skiljelinene no teke til å bli viska ut. Tidleg debut og høgt forbruk av sigarettar og alkohol er i dag dei sterkaste teikna på at ungdom er i risikosona for misbruk av narkotiske stoff. Dette er etter departementet si meining kanskje det som utgjer den mest utfordrande endringa i forbruksmønsteret av rusmiddel dei seinare åra. Samstundes som departementet meiner det er gode grunnar til å halde fast ved skiljet mellom legale og illegale rusmiddel, så ser ein at legale rusmiddel i aukande grad dannar grunnlag for bruk av illegale rusmiddel, og at dei ulike rusmiddeltypane i aukande grad blir brukte saman og i blanding.
Det blir òg peika på at rusmiddelbruken blir forma i ein sosial samanheng, og at foreldra er særleg viktige. Det har lenge vore klart at born av foreldre med rusmiddelproblem er meir utsette enn andre for å bli misbrukarar sjølve. I dei seinare åra er det dokumentert kor avgjerande det er når og på kva måte foreldra introduserer borna sine til alkohol. Svært mange får alkohol heime lenge før dei sjølve kan skaffe seg slike varer på lovleg vis.Etter departementet si meining er heimen kanskje den viktigaste arenaen når det gjeld å forme det forholdet born og ungdom får til rusmiddel, og foreldra dei som best er i stand til å gjere noko for å førebyggje ei uheldig utvikling, noe som ofte vil måtte innebere at foreldra sjølve må stille spørsmål ved eige konsum og eigne normer.
Undersøkingar utførte av Statens institutt for alkohol- og narkotikaforskning (SIFA) viser at haldningane til alkoholbruk og alkoholpolitiske lover og reglar har endra seg i liberal retning gjennom ein lang periode, truleg i mesteparten av etterkrigstida. Folk aksepterer no både mykje hyppigare alkoholbruk og at det blir drukke meir pr. gong før dei reknar det som misbruk. Likevel synest det som eit fleirtal i befolkninga er rimeleg nøgd med hovudlinene i norsk alkoholpolitikk.
Det blir peika på at dagens narkotikapolitikk har stor oppslutnad hjå folk flest. Undersøkingar utførte av SIFA viser at klart restriktive haldningar til bruk og omsetnad av narkotika dominerer blant folk. Haldningane blant ungdom ser likevel ut til å ha endra seg i noko meir liberal retning i 1990-åra, men framleis er det store fleirtalet sterkt restriktivt også i denne gruppa. Det er ein klar oppslutnad om ein aktiv verkemiddelbruk i narkotikapolitikken. Det blir uttrykt stor vilje til å gripe inn både med førebyggjande, terapeutiske og repressive tiltak.
Regjeringa vil oppnemne eit rusmiddelpolitisk råd for å sikre eit breitt samfunnsmessig engasjement. Rådet skal fungere som referansegruppe for sosialministeren og vere bindeledd mellom styresmaktene, partane i arbeidslivet, næringslivsorganisasjonane, forsik-ringsbransjen og dei rusmiddelpolitiske organisasjo-nane.
Rusmiddeldirektoratet vil gjennomføre ein haldningskampanje for å auke forståinga blant foreldre om kor viktig det er å skape trygge og inkluderande oppvekstmiljø for born og unge, og om at foreldra må vere gode rollemodellar når det gjeld bruk av rusmiddel. Samstundes med at innsatsen overfor foreldra blir auka, vil Rusmiddeldirektoratet også lansere ein haldningskampanje mot ungdomsfyll. Hovudmålet vil vere å utsetje debutalderen. Kampanjane vil mellom anna også fokusere på dei skadeverknadene som følgjer av langing av alkoholhaldig drikke til mindreårige. Regjeringa vil syte for at det vert sett i verk tiltak for å gjere foreldre betre i stand til å oppdage ungdommen sin narkotikabruk, og som vil gje rettleiing om korleis dei bør gå fram i høve seg til misbruket.
Sosial- og helsedepartementet vil tilføre dei regionale kompetansesentra for rusmiddelspørsmål ekstra ressursar for å rettleie grunnskulane og dei vidaregåande skulane i rusmiddelundervisninga og andre haldningsskapande tiltak.
Rusmiddeldirektoratet vil vidareføre og vidareutvik-le støtta til rusfrie miljøtiltak og ungdomskulturelle motkulturar, og vil leggje vekt på å prøve ut nye tiltak på området. Regjeringa vil auke støtta til dei rusmiddelpolitiske organisasjonane. Prosjekt som tek sikte på å byggje nettverk i lokalmiljøa, vil bli prioriterte. Regjeringa ser det òg som viktig å engasjere organisasjonar og grupper som ikkje har arbeid med å førebyggje rusmiddelbruk som hovudmål, i det lokale førebyggjande arbeidet. Regjeringa vil auke støtta til rusmiddelrelaterte førebyggjande prosjekt i regi av mellom anna frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, kultur- og fritidstiltak og ulike ungdomsgrupper.
Sosial- og helsedepartementet oppnemnde i 1997 Norsk forebyggingsforum for to år. Dette året kjem forumet mellom anna til å
– lage ei handbok i førebyggjande arbeid i samarbeid med Nordlandsklinikken
– leggje fram forslag til ein langsiktig kampanje for å redusere forbruket av alkohol og narkotika
– setje i gang tiltak for ungdom utan tilknyting til organisasjonslivet
Regjeringa vil halde ved like og styrkje den breie oppslutninga om at sentrale arenaer og situasjonar skal haldast rusmiddelfrie. Døme på slike situasjonar er samvær med og aktivitetar saman med born og ungdom, graviditet, idrett og friluftsliv, og periodar der ein brukar medikament. Regjeringa vil vidareutvikle og styrkje det samarbeidet som allereie skjer på dette området, mellom anna med Alko-Kutt-aksjonen, AKAN og Norges Idrettsforbund. Regjeringa vil vurdere korleis satsinga gjennom Alko-kutt kan organiserast for å gi denne ein meir permanent karakter. Regjeringa vil dessutan styrkje samarbeidet og samordne innsatsen mellom aktuelle departement og andre interesserte partar med sikte på å redusere bruken av rusmiddel i trafikken. Regjeringa har fremja forslag om å innføre ei fast promillegrense på 0,5 promille for førarar av småbåtar, og vil i 1998 leggje fram forslag om ei lovendring med sikte på å senke promillegrensa for bilførarar.
Justisdepartementet har utarbeidd ein strategiplan for førebyggjande polititeneste og vil i særleg grad prioritere strategiar retta mot ungdom i risikosoner. Både når det gjeld narkotikakriminalitet og anna kriminalitet skal det iverksetjast særskilt tilpassa tiltak med sikte på å hindre gjentak og stoppe utvikling av karrierar som rusmiddelmisbrukarar og kriminelle. Vidare arbeider Justisdepartementet også med ein handlingsplan for å intensivere kampen mot narkotika i fengsla.
Det blir sagt i proposisjonen at den største utfordringa no er å styrkje det kommunale arbeidet med rusmiddelproblematikk, medrekna tiltak for misbrukarar. Kommunehelsetenesta kan spele ei viktig rolle når det gjeld å avdekkje rusmiddelproblem på eit tidleg tidspunkt, og det er den kommunale sosialtenesta som har hovudansvaret for å gje råd og rettleiing og syte for hjelpe-, behandlings- og rehabiliteringstilbod til misbrukarar, medrekna ettervern. Det blir understreka at samarbeidet med frivillige organisasjonar er viktig, og at ettervernet må utformast på ein slik måte at klienten får eit reelt alternativ til eit liv i rus. Sosial- og helsedepartementet vil leggje vekt på mellom anna desse forholda, i særleg grad ettervernet, i ein eigen Handlingsplan for styrking av førstelinetenesta i sosialtenesta, som blir sett i verk i l998. Noreg har mange døgninstitusjonsplassar for omsorg for, behandling og rehabilitering av rusmiddelmisbrukarar. For å vidareutvikle og sikre kvaliteten ved desse institusjonane tek Sosial- og helsedepartementet sikte på å utarbeide ei forskrift om kvalitet i tiltak for rusmiddelmisbrukarar. Som ledd i kvalitetssikringsarbeidet vil Sosial- og helsedepartementet vidareføre støtta til dei regionale kompetansesentra for rusmiddelspørsmål. Departementet vil òg vidareføre støtta til det viktige arbeidet som blir utført av frivillige organisasjonar. Departementet vil dessutan stimulere forsøk med nye ettervernstiltak. På oppdrag frå Sosial- og helsedepartementet har Rusmiddeldirektoratet etablert eit nasjonalt dokumentasjons-system for tiltaka for rusmiddelmisbrukarar.
Regjeringa vil oppmode kommunane til å skjerpe kontrollen der det er nødvendig, og å samarbeide med politiet lokalt mellom anna for å sikre at ulovleg verksemd ikkje finn stad i samband med den lovlege omsetnaden av rusmiddel. Samarbeidet om dette mellom det offentlege, serveringsnæringa og dei rusmiddelpolitiske organisasjonane vil bli styrkt. Regjeringa viser til heimelen kommunane har etter serveringslova til etter særskilte vilkår også å regulere opningstidene for den einskilde serveringstaden. Justisdepartementet har sett i gang kurs for dørvakter, som igjen har informert politiet om kriminelle handlingar, mellom anna omsetnad av narkotika. Rusmiddeldirektoratet vil vidareføre innsatsen mot ulovleg omsetnad av alkohol og narkotika gjennom haldningsskapande arbeid som tek sikte på å redusere etterspurnaden.
Ein reknar med at alkohol tilsvarande om lag 9 prosent av totalforbruket er blitt skaffa gjennom illegale kanalar. Regjeringa vil understreke at smugling av alkohol og narkotika og heimebrenning er eit alvorleg samfunnsproblem som det må setjast inn store ressursar for å hindre.
Dei endringane som er gjorde i alkohollova med verknad frå 1. januar 1998, gir kommunane høve til å drive ein meir aktiv alkoholpolitikk. Regjeringa ser på evalueringa av oppfølginga av lovendringane som ei viktig oppgåve. Det vil særleg vere viktig å undersøkje i kva grad kommunane faktisk nyttar den heimelen dei no har fått i den reviderte lova til å styre den lokale alkoholpolitikken på ein betre måte. Regjeringa vil kartleggje nærmare dei grensene for tiltak som internasjonalt regelverk set.
Frå 1. januar 1998 er kommunane pålagde å utarbeide ein alkoholpolitisk handlingsplan. Regjeringa ser slike planar som eit viktig verkemiddel for kommunane i arbeidet med å leggje til rette for ein heilskapleg rusmiddelpolitikk. Sosial- og helsedepartementet vil i 1998 utarbeide ein mal for slike rusmiddelpolitiske handlingsplanar, og Rusmiddeldirektoratet vil gi stimuleringsmidlar for å få sett planane i verk.
Landsplanen for A/S Vinmonopolet har heimel i alkohollova � 3-3 og gir departementet høve til å fastsetje eit høgste tal på salsbevillingar og bestemme fordelinga av dei. Regjeringa Harlem Brundtland føreslo i 1996 å la eit tak på talet på vinmonopolutsal stå ved lag, men at ramma for talet kunne utvidast med opptil 50 utsal. Eit fleirtal i Stortinget slutta seg våren 1997 til dette forslaget. Etter dette opna A/S Vinmonopolet to nye utsalsstader hausten 1997. Denne regjeringa har ønskt å sjå ei så omfattande utviding av talet på utsal i samanheng med den rusmiddelpolitiske handlingsplanen. Sosial- og helse-departementet forlengde derfor i desember 1997 i første omgang landsplanen for perioden 1994-1997 til også å omfatte 1998, og det blei sett ei ramme på 8 nye utsal i 1998. For perioden 1999-2002 har departementet vedteke ein ny landsplan for Vinmonopolet, med ei ramme på inntil 40 nye utsal, i tillegg til dei 10 som ble vedtekne for 1997/98.
Regjeringa legg vekt på at A/S Vinmonopolet gir brei informasjon om grunnlaget for verksemda og den rolla verksemda spelar som alkoholpolitisk instrument. Regjeringa vil såleis ta initiativ til at verksemda i større utstrekning enn i dag utarbeider og bruker informasjonsmateriell o.l. Informasjonsansvaret skal også omfatte utarbeiding av opplysningsmateriell om helsefarane ved overdrive alkoholforbruk, og mellom anna støtte opp under punktfråhaldsstrategien. Regjeringa er oppteken av at A/S Vinmonopolet ikkje blir brukt som salskanal for alkoholhaldige drikker som av alkoholpolitiske grunnar er uønskte på marknaden i Noreg, t.d. produkt som tydeleg rettar seg til ungdom. Det vil bli vurdert om departementet bør bruke retten til å påverke vareutvalet meir aktivt enn i dag. Regjeringa vil òg vurdere helsefaremerking av alkoholhaldige drikker som eit mogleg tiltak.
Regjeringa arbeider med tiltak som kan effektivisere forbodet mot alkoholreklame.
Det er i Dokument nr. 8:41 (1997-98) sett fram forslag om forbod mot varer og reklame som relaterer seg til narkotika. Stortinget vedtok 28. april 1998 å oversende forslaget til Regjeringa for utgreiing og uttale. I straffelova § 140 er det eit generelt forbod mot å oppfordre til straffbare handlingar. Sosial- og helsedepartementet ønskjer å innføre eit forbod som spesielt rettar seg mot oppmoding til bruk av illegale narkotiske stoff, og tek sikte på å leggje fram ein odelstingsproposisjon om dette.
Sosial- og helsedepartementet har følgt nøye med på utviklinga av salet av rusbrus som på grunn av smaken og marknadsføringa i særleg grad appellerer til ungdom. Førebels ser det ut til at salet gjennom A/S Vinmonopolet har stagnert, etter at det ein periode fram til sommaren 1997 auka markant. Salet av maltbasert rusbrus i daglegvarehandelen har gått ned. Regjeringa finn det likevel uheldig at nokre av desse drikkene kan seljast i daglegvarehandelen som øl. Regjeringa tek derfor sikte på at definisjonen av øl i forskrifta til øllova blir revidert, slik at rusbrus basert på malt ikkje kan omsetjast etter reglane i alkohollova som om det var øl. Regjeringa har også vurdert om det er råd å påleggje rusbrus ei særskild avgift. På grunn av store problem med å definere produktet klart nok til å skilje det frå andre produkt i avgiftsmessig samanheng, vil det vere vanskeleg å føreslå ei særskild avgift.
Sosial- og helsedepartementet vil utarbeide utkast til ei forskrift om 18-års aldersgrense knytt til innførsel, sal og kjøp av preparat og andre varer som i hovudsak blir brukte ved tilverking av eller som tilsetjing til alkoholhaldig drikk. Formålet med forskrifta vil vere å syte for at såkalla «rusbruspulver» ikkje blir omsett av eller til mindreårige. Sosial- og helsedepartementet har også vurdert forbod mot «rusbruspulver», men funne at pliktene ein har gjennom EØS-avtala ikkje gjer det mogleg.
Legalt utskrivne medikament hamnar til ein viss grad på den ulovlege stoffmarknaden. Statens helsetilsyn vil styrkje rettleiinga og tilsynet med korleis legar skriv ut resept på vanedannande medikament. Sosial- og helsedepartementet vil vidare vurdere den rolla legalt utskrivne lækjemiddel spelar som misbruksproblem, mellom anna når det gjeld overdosedødsfall, og tiltak for å motverke slike problem og medfølgjande dødsfall.
Både på alkohol- og narkotikaområdet skjer det ei global utjamning av forbruksmønstra. Internasjonalt blir det teke til orde for meir liberale haldningar til narkotikabruk. Regjeringa vil at Noreg framleis skal stå for ein restriktiv rusmiddelpolitikk, og meiner det i aukande grad er viktig at Noreg deltek i internasjonale forum der holdningar til rusmiddel blir drøfta og påverka. Regjeringa legg vekt på eit utstrekt nordisk samarbeid om rusmiddelspørsmål. Noreg vil framleis ta aktiv del i alle relevante FN-forum.Noreg deltek òg gjennom EØS-avtala i Narkotikaførebyggingsprogrammet under Folkehelseprogrammet til EU, og er ein aktiv medlem i samarbeidsgruppa om narkotikaspørsmål i Europarådet.
Regjeringa stør FN sitt arbeid for å stimulere til auka internasjonal innsats mot narkotikaproblema, mellom anna med prosjektstøtte for å skape alternative inntekter for bønder som i dag dyrkar narkotika. Det vil bli vurdert ytterlegare bruk av norske bistandsmidlar til det internasjonale samarbeidet for å medverke til å redusere både det nasjonale og det internasjonale rusmiddelmisbruket.
Alkoholpolitikken blir i stor grad forvalta av kommunane. Det gjeld òg for ei rad tiltak retta mot narkotika. Ein meir offensiv alkohol- og narkotikapolitikk må derfor innebere auka kommunalt engasjement og kommunal innsats. For å kunne starte opp handlingsplanen i 1998, meiner Regjeringa det er nødvendig å styrkje statsbudsjettet med i alt 20 mill. kroner, og gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 610 Rusmiddeldirektoratet med 13 mill. kroner og under kap. 614 Tiltak for rusmiddelmisbrukarar med 7 mill. kroner. Midlane skal bli nytta til å styrkje rusmiddelundervisninga i skulen, til haldningskampanjar, til kommunal innsats for å setje i verk rusmiddelpolitiske planar, som tilskot til frivillig innsats, til nye ettervernstiltak og til oppretting av Rusmiddelpolitisk råd.
Planen gjeld for perioden 1998-2000, og Regjeringa tek sikte på at planen minst skal ha den same ramma i 1999 og 2000 som i 1998.
Når det gjeld finansiering av løyvinga, vert det vist til framlegg i St.prp. nr. 65 (1997-98) om reduksjon av løyvinga under kap 673, post 61 Oppfølging av ansvarsreformen for menneske med psykisk utvik-lingshemming.