Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om tilleggsløyving på statsbudsjettet for 1998 for å dekkje kontingenten til CERN.
Dette dokument
- Innst. S. nr. 36 (1998-99)
- Kildedok: St.prp. nr. 7 (1998-99).
- Dato: 24.11.1998
- Utgiver: Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget.
Departementet gjer framlegg om ei tilleggsløyving på 20 mill. kroner over statsbudsjettet for 1998. Bakgrunnen er at kontingenten for Noreg si deltaking i den internasjonale samarbeidsorganisasjonen CERN (European Organization for Nuclear Research) er blitt dyrare enn rekna med. Kronekursen har gått ned. Samstundes har norsk BNP, som er hovudelementet i utrekningsgrunnlaget, styrkt seg monaleg i utrekningsperioden i høve til dei andre medlemslanda. Det som står att av kontingenten til CERN skulle vore utbetalt i juli 1998.
Departementet sitt framlegg til løyving under kap. 288 post 72 er rekna ut frå valutakurs pr. 15.oktober 1998.
Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
På statsbudsjettet for 1998 gjøres følgende endring:
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
288 |
Internasjonale samarbeidstiltak: |
||
72 |
Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar, vert auka med |
20 000 000 | |
frå kr 80 573 000 til kr 100 573 000 |
Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 24. november 1998.
Grete Knudsen, |
Petter Løvik, |
Rune E. Kristiansen, |
leiar. |
ordførar. |
sekretær. |