Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

      Sosial- og helsedepartementet gjer i proposisjonen framlegg om auke av løyvingane for 1998 under kap. 2711 post 70 Refusjon spesialisthjelp og post 71 Refusjon psykologhjelp og under kap. 2755 post 61 Tilskot til fastlønsordning allmennlegar, post 62 Tilskot til fastlønsordning fysioterapeutar, post 70 Refusjon allmennlegehjelp og post 71 Refusjon fysioterapi. Auken på i alt 109,0 mill. kroner har samanheng med reviderte avtalar med Den norske lægeforening, Norske Fysioterapeuters Forbund og Norsk Psykologforening om takstar og driftstilskot. Det er sett av reservar til dekking av meirutgiftene ved oppgjeret under kap. 2309 Tilfeldige utgifter (Ymseposten). Denne løyvinga vil det seinare bli gjort framlegg om å setje ned.

       Eigenbetalinga frå pasientane er halden uendra ved oppgjeret. Auken i takstane som følgje av dei nye avtalene kjem difor fullt ut på refusjonsdelen.

Avtaler om driftstilskot og takstar for legar

       I forhandlingsmøte 3. juni 1998 blei Den norske lægeforening, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for legar med avtale om drift av privat praksis. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 1998 - 30. juni 1999.

       Det tilrådde framlegget gir ei samla ramme på 4,4 prosent. Meirutgiftene for folketrygda til refusjonar og fondsavsetnader i 1998 er rekna til 76,0 mill. kroner, delt med 22,0 mill. kroner på kap. 2711 post 70 Refusjon spesialisthjelp og 54,0 mill. kroner på kap. 2755 post 70 Refusjon allmennlegehjelp.

       Tilskot til fastlønsstillingar var i 1997.214.000 kroner knytt til minst 20 timar kurativt arbeid pr. veke/1.600 konsultasjonar pr. år og 166.500 kroner knytt til minst 14 timar/1.000 konsultasjonar. Departementet tilrår at tilskota til fastlønsstillingar for allmennlegar blir sette ned til respektive 203.000 kroner og 158.000 kroner for 1998. Reduksjonen heng saman med auken i eigendelane i juli 1997 og januar 1998.

       Det er teke omsyn til auken i eigendelane i budsjettet for 1998. Reguleringa av fastlønstilskotet gir difor meirutgifter for folketrygda i 1998 rekna til 7,0 mill. kroner på kap. 2755 post 61 Tilskot til fastlønsordning allmennlegar.

       Den samla budsjettauken som følgje av avtalen blir 83,0 mill. kroner.

Avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar

       I forhandlingsmøte 2. juni 1998 blei Norske Fysio-terapeuters Forbund, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 1998 - 30. juni 1999.

       Avtalen føreset ei regulering av takstar og driftstilskot med 4,0 prosent pr. 1. juli 1998. Takstar og driftstilskot aukar med same prosentsats. Folketrygda skal som tidlegare setje av 1,5 prosent av utbetalte refusjonar til fond for etter- og vidareutdanning. Meirutgiftene for folketrygda til refusjonar og fondsavsetningar i 1998 er rekna til 18,0 mill. kroner på kap. 2755 post 71 Refusjon fysioterapi.

       Fastlønsilskotet var 108.000 kroner i 1997. Departementet tilrår at fastlønnstilskotet aukar til 109.000 kroner for 1998, og at kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønsordning fysioterapeutar blir regulert med 4,0 mill. kroner.

Avtaler om driftstilskot og takstar for psykologar

       I forhandlingsmøte 2. juni 1998 blei Norsk Psykologforening, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for spesialistar i klinisk psykologi. Avtalen skal gjelde for perioden 1. juli 1998 - 30. juni 1999. Avtalen føreset ei regulering av takstar og driftstilskot med i alt 4,0 prosent pr. 1. juli 1998. Fondsavsetninga er auka i takt med auken i rammen. Departementet tilrår at kap. 2711 post 71 Refusjon psykologhjelp blir regulert med 4,0 mill. kroner.