2. Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Dag Terje Andersen, Erik Dalheim, Ranveig Frøiland, Trond Giske, Berit Brørby Larsen, Tore Nordtun og Hill-Marta Solberg, frå Framstegspartiet, Siv Jensen, Per Erik Monsen og Kenneth Svendsen, frå Kristeleg Folkeparti, Randi Karlstrøm, leiaren Lars Gunnar Lie og Ingebrigt S Sørfonn, frå Høgre, Børge Brende, Per-Kristian Foss og Kjellaug Nakkim, frå Senterpartiet, Jørgen Holte, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, frå Venstre, Terje Johansen og frå Tverrpolitisk Folkevalgte, Steinar Bastesen, viser til at meldinga gjeld statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1997 og til at det i meldinga dessutan er gitt ei orientering om resultatrekneskapen for petroleumsfondet for 1997. Komiteen tek meldinga til orientering. Komiteen viser til at Stortinget seinare på grunnlag av innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen til dokument frå Riksrevisjonen, vil handsame konstitusjonelle merknader frå Riksrevisjonen med svar og forslag til desisjon av statsrekneskapen for 1997.