1. Samandrag
EØS-komiteen sitt vedtak nr. 13/98 gjeld innlemming i EØS-avtala av eit fellesskapshandlingsprogram for helseovervaking i samband med innsatsen for folkehelsa. Handlingsprogrammet blei skipa ved avgjerd i Europaparlamentet og Rådet 20. juni 1997, og gjeld for tidsrommet 1997 til 2001. Vedtaket i EØS-komiteen og vedtaket til EU om å setje i verk programmet følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.
Føremålet med programmet er å medverke til å skipe eit helseovervakingssystem som gjer det mogleg å
- | måle helsetilstanden, utviklingstrekk og avgjerande helsefaktorar i heile Fellesskapet, |
- | lette planlegginga, oppfølginga og vurderinga av fellesskapsprogram og -tiltak, |
- | gje medlemsstatane føremålstenlege helseopplysningar, som kan nyttast til jamføringsføremål og til støtte for den nasjonale helsepolitikken gjennom å oppmuntre til samarbeid mellom medlemsstatane og om naudsynt gjennom å støtte innsatsen deira ved å fremje samordninga av politikken og programma deira på dette området, og gjennom å fremje samarbeid med tredjestatar og med internasjonale organisasjonar som arbeider på området. |
Dei tiltaka som skal gjennomførast innan ramma av programmet, er:
- | Fastsetjing av helseindikatorar for Fellesskapet. |
- | Skiping av eit fellesskapsnett for felles bruk av helsedata. |
- | Analysar og rapportar. |
Som eit ledd i samarbeidet i EØS vedtok EØS-komiteen 6. mars 1998 å endre protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridomane, slik at avtala òg omfattar fellesskapshandlingsprogrammet for helseovervaking. Det vert i proposisjonen gjort greie for hovudinnhaldet i innleinga og dei fire artiklane i vedtaket.
Som følgje av at Noregs deltaking i fellesskapshandlingsprogrammet for helseovervaking vil gjere det naudsynt å gje løyvingar i fleire år framover, må avgjerda leggjast fram for Stortinget. Då EØS-komiteen 6. mars 1998 tok avgjerda om å innlemme programmet i EØS-avtala, informerte Noreg dei andre avtalepartane om at rettslege krav i høve til forfatninga må stettast i Noreg før avgjerda kan bli bindande.
Sosial- og helsedepartementet vil ha ansvaret for å samordne den norske deltakinga i programmet. Departementet tek sikte på å skipe eit nasjonalt samordningsutval for programmet.
Den finansielle ramma for gjennomføringa av programmet er 13,8 mill. ecu for tidsrommet 1997-2001. Det norske tilskotet er totalt rekna til om lag 250.000 ecu eller om lag 2 mill. kroner. For 1998 utgjer det norske tilskotet om lag 300.000 kroner. I tillegg kjem administrasjonskostnader som blir rekna saman med adminstrasjonskostnadene ved deltaking i dei andre helseprogramma. Tilskotet blir dekt under budsjettet til Sosial- og helsedepartementet, kap. 719 Andre førebyggande tiltak, post 21.
Det vert understreka i proposisjonen at det er viktig for Noreg å ta del i det europeiske samarbeidet som blir utvikla innan folkehelsa, m.a. med sikte på standardisering og innsamling av helsedata som kan jamførast og er samsvarande. Internasjonale samanlikningar er verdfulle i utforminga av den nasjonale folkehelsepolitikken. Det vert òg peika på at Noreg ligg langt framme på området helseovervaking t.d. når det gjeld overvaking og førebygging av kreft og smittsame sjukdomar, og at dette kan kome andre statar til gode. Det vert uttala at norsk deltaking i programmet vil gje kunnskap om EU sitt arbeid på dette området, og vil kunne gjere det mogleg å påverke EU sine prioriteringar, retningslinjer og tiltak.