Innstilling frå utanrikskomiteen om Noregs deltaking i den 52. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 51. generalforsamling.
Dette dokument
- Innst. S. nr. 180 (1997-1998)
- Kildedok: St.meld. nr. 31 (1997-98)
- Dato: 13.05.1998
- Utgiver: utanrikskomiteen
- Sidetall: 3
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Meldinga gjer greie for dei hovedsakene som prega FNs 52. ordinære generalforsamling og vidareførte sesjonar av FNs 51. generalforsamling. Som vedlegg til meldinga følgjer utanriksministerens innlegg i FNs 52. generalforsamling 22. september 1997, statsministerens innlegg under FNs generalforsamlings 19. spesialsesjon om oppfølginga av Rio-konferansen, ei oversikt over FNs medlemsland og ny bidragsskala, programbudsjettet for toårsperioden 1998-99, ei oversikt over FN-familien i tillegg til oversikt over aktuelle forkortingar.
Det vert i meldinga vist til at det dominerande spørsmålet under den 52.generalforsamlinga var oppfølginga av reformpakken som vart framlagd av generalsekretæren i juli 1997. Første del av reformforhandlingane fokuserte på dei initiativa som generalsekretæren kunne iverksetje innanfor eige mandat. Framlegga som galdt nedrusting, konfliktførebygging og menneskerettar førde til mest debatt. Etter vanskelege forhandlingar leidd av Noreg og Brasil, vedtok generalforsamlinga 12. november ein resolusjon med ei klar tillitserklæring til Generalsekretæren og med oppmoding om iverksetjing av tiltaka som ligg innanfor mandatområdet hans.
Den andre fasen av reformforhandlingane tok for seg generalsekretæren sine tilrådingar til medlemslanda. Forhandlingane om desse tilrådingane avdekka tradisjonelle motsetnader mellom nord og sør. Ei rekkje av dei meir kompliserte og kontroversielle tilrådingane vart anten overførte til andre organ eller utsette i påvente av ytterlegare opplysningar om gjennomføring av tiltaka. Det vart vedteke å opprette ei stilling som varageneralsekretær med særleg ansvar for økonomiske og sosiale saker.
Kva gjeld reform av Tryggingsrådet, er det særleg i spørsmålet om utviding av taket på faste medlemmer at medlemslanda står langt frå kvarandre. Også i spørsmålet om vetoretten og ei eventuell utviding av denne til nye faste medlemmer er det store motsetnader.
Det vert opplyst at det viktigaste reformframlegget på finanssida var at FN skal gå over til resultatbasert budsjettering. Eit amerikansk krav om å få senka det amerikanske bidraget frå 25 til 20 % vart avvist.
Om nedrusting heiter det i meldinga at på grunn av Ottawa-prosessen og samråda om eit forhandlingsmandat for Nedrustingskonferansen (CD) i Genève, vart personellminene den dominerande nedrustingssaka under haustsesjonen. Ein resolusjon lagd fram av Noreg og dei andre kjernegruppelanda vart vedteken med stor oppslutning.
Det vert opplyst at FNs økonomiske situasjon kom til å prege også den 51. generalforsamlinga. Medlemslanda skuldar FN stadig meir pengar. USA åleine skuldar omlag 1,4 mrd.USD. Generalsekretæren åtvara om at FN kan få eit alvorleg likviditetsproblem. Han kunne heller ikkje lenger garantere dei troppebidragsytande landa refusjon av utgiftene til mannskap og materiell.
Kva gjeld regionale konfliktar går meldinga gjennom status i fredsprosessane i Kongo, Rwanda, Sierra-Leone, Liberia, Somalia, Vest-Sahara, Midtøsten, Irak, Guatemala, Haiti, Det tidlegare Jugoslavia, Albania, Kaukasus og Sentral-Asia.
I omtalen av fredstryggjande operasjonar og preventivt diplomati vert det peika på at fredstryggjande operasjoner har minka kraftig i omfang sidan 1995-96. Talet på militært personell er redusert frå ca 80.000 i 1996 til 11.750 ved utgongen av 1997. Av dette deltek Noreg med 681 militært personell i sju av i alt 15 fredstryggjande operasjonar. I tillegg kjem 780 personar i NATO-operasjonen SFOR i Bosnia-Hercegovina. Det vert vidare opplyst at den 51. generalforsamlinga etter eit norsk initiativ vedtok å opprette eit fond for preventiv handling. Fondet skal gje generalsekretæren større handlingsrom i arbeidet med å styrkje innsatsen for å førebyggje potensielle konfliktar. Noreg har gjeve 4 mill. USD til fondet.
I omtalen av økonomiske spørsmål vert det framheva i meldinga at den 52. generalforsamlinga var prega av eit vanskelegare forhandlingsklima. Usemje om korleis omgrepet « berekraftig utvikling » skulle definerast, og spørsmålet om i kva omfang ein skal halde oppfølgingskonferansar til dei store verdskonferansane gjorde forhandlingane om ein del resolusjonar vanskelegare.
Trass i kritisk haldning frå vestleg side, vart det vedteke å halde ein spesialsesjon for oppfølging av Kairo-konferansen om befolkningsspørsmål, ein spesialsesjon i 2001 for oppfølging av Den internasjonale busetjingskonferansen (Habitat II) og ein tiårsgjennomgang av programmet for dei minst utvikla landa (MUL).
Ein kom til sist også fram til ein resolusjon om iverksetjing av ein førebuingsprosess til dialog om finansiering av utvikling, der ein mellom anna skal ta stilling til kva form, omfang og innhald ein slik dialog skal ha.
Det går fram av meldinga at Generalforsamlinga møttest til sin 19. spesialsesjon (UNGASS 19) i New York 23.-28. juni 1997 for å markere femårsjubileet for Rio-konferansen om miljø og utvikling.
Spesialsesjonen synte klart at det ikkje finst noka global politisk semje om å sameine vekst og miljøomsyn. Trass i dette fekk spesialsesjonen vedteke eit fokusert og handlingsretta arbeidsprogram for dei neste fem åra. Likeeins fekk ein vedtak om å setje i verk mellomstatlege prosessar på områda ferskvatn, skog og energi.
Det vert vidare opplyst at debatten om miljøspørsmål under haustsesjonen i stor grad vart prega av prosedyreresolusjonar.
I saker som vedkjem samordning av FNs naudhjelp, vert det framheva at ei rekkje delegasjonar ønskte velkomen generalsekretæren si utnemning av ny naudhjelpskoordinator. Det vert peika på at reforminitiativ på det humanitære området er særleg viktig.
I eit norsk innlegg vart det ellers uttrykt sterk uro over auken i valdelege åtak på humanitært hjelpepersonell.
I omtalen av menneskerettsspørsmål nemner meldinga tendensen til auka polarisering mellom nord og sør i handsaminga av desse sakene. Det var vanskelege forhandlingar om ein resolusjon om retten til utvikling og ein resolusjon om markeringa av 50-årsjubileet for Menneskerettsfråsegna.
Det vert vist til at Noreg heldt innlegg under sakslistepunktet om barns rettar. I innlegget la ein vekt på verdien av Barnekonvensjonen, viste til barnearbeidskonferansen i Oslo i oktober 1997 og tok opp problema knytte til barn i væpna konfliktar.
Avslutningsvis vert det i meldinga gjort greie for handsaminga av juridiske spørsmål i 6. komité under 52. generalforsamling. Det vart gjort vedtak om å innkalle til ein diplomatkonferanse i Roma 15. juni til 17. juli 1998 for å forhandle fram ein traktat om oppretting av ein fast mellomfolkeleg domstol.
Det vert vist til at det i 1999 er 100 år sidan den første mellomfolkelege fredskonferansen i Haag. Generalforsamlinga inviterte til markering av denne hendinga og avslutninga av FNs folkerettstiår (1991-99).
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Haakon Blankenborg, Kjell Engebretsen, Kirsti Kolle Grøndahl, Thorbjørn Jagland, Marit Nybakk og Tom Thoresen, fra Fremskrittspartiet, Dag Danielsen og Andr Kvakkestad, fra Kristelig Folkeparti, Einar Steensnæs og Elsa Skarbøvik, fra Høyre, Jan Petersen og Siri Frost Sterri, fra Senterpartiet, Johan J Jakobsen, fra Sosialistisk Venstreparti, Lisbet Rugtvedt og fra Venstre, Harald Hove, mener meldingen gir et godt bilde av de hovedspørsmålene som ble drøftet i den 52. ordinære generalforsamlingen og de videreførte sesjonene av FNs 51. generalforsamling. Komiteen har merket seg at de sakene som har vært mest dominerende er oppfølgingen av reformpakken som generalsekretæren la fram i juli 1997 og regionale konflikter. Komiteen vil vise til Innst.S.nr.266 (1996-1997), jf. St.meld. nr. 44 (1996-1997), der komiteen
« ... mener reformarbeidet i FN er av stor betydning og vil be om at kommende meldinger om generalforsamlingens arbeid brukes til å oppdatere Stortinget på framdriften av reformer i organisasjonen. » |
Komiteen mener meldingen gir et godt sammendrag av det pågående reformarbeidet i FN og behandlingen av dette på 52. generalforsamling.
Komiteen har merket seg at Generalforsamlingen 12. november 1997 ga sin støtte til generalsekretærens reformforslag innenfor eget mandatområde. Blant de tiltakene som ble vedtatt igangsatt var en sterkere samordning av FNs aktiviteter på landnivå, et tiltak som springer ut av et felles nordisk initiativ.
Komiteen vil videre vise til de motsetningene i holdninger mellom nord og sør som også preger debatten om reformarbeidet, noe som har nødvendiggjort kompromisser på flere av de opprinnelige reformforslagene fra generalsekretæren.
Komiteen har merket seg at medlemslandene skylder mer enn 2 mrd. USD i ubetalte bidrag og at USA alene skylder ca 1,4 mrd. USD. Komiteen vil sterkt understreke nødvendigheten av at medlemslandene oppfyller sine økonomiske forpliktelser.
Komiteen viser for øvrig til Innst.S.nr.29 (1997-1998), jf. St.meld. nr. 43 (1996-1997) Om reform av De forente nasjoner.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre følgende
St.meld. nr. 31 (1997-1998) - Om Norges deltaking i den 52. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 51. generalforsamling - vedlegges protokollen.
Oslo, i utenrikskomiteen, den 13. mai 1998. |
Haakon Blankenborg, | Marit Nybakk, | Einar Steensnæs, |
leder. | ordfører. | sekretær. |