Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om pensjonar frå statskassa.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 140 (1997-1998)
  • Kildedok: St.prp. nr. 43 (1997-98)
  • Dato: 31.03.1998
  • Utgiver: familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetall: 1

Innhold

Til Stortinget.

       Departementet legg i proposisjonen fram ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre Stortinget.

       Heile summen av pensjonar som blei utbetalt i 1997 var på kr  28.239.178. Det er løyvd kr  60.635.000 på kap. 1541 post 01 Pensjonar frå statskassa, på statsbudsjettet for 1998.

       For enkjer/enkjemenn gjeld pensjonen så lenge dei er ugifte.

   Komiteen har ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       Stortinget samtykkjer i at pensjonar frå statskassa som gjeld mellombels, blir vedtekne i samsvar med framlegget til tilråding i St.prp. nr. 43 (1997-1998).

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 31. mars 1998.

May-Helen Molvær Grimstad, Ola T Lånke, Grethe G Fossum,
leiar. ordførar. sekretær.