Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Komiteen sine merknader

    Komiteen er samd i at det er ei viktig spørsmålsstilling som blir teken opp i dette forslaget. Komiteen meiner det er ein berande tanke i norsk forbrukarpolitikk at forbrukarane ikkje berre skal ha rett, men også få rett. Komiteen syner elles til at lov- og regelverk for forbrukarane har vorte styrka dei seinare åra, samstundes med at fleire lover er under arbeid.

       Komiteen har merka seg at dersom dei lokale forbrukarkontora ikkje lukkast med å få til ei minneleg løysing, kan ei sak bringast inn for Forbrukartvistutvalet (FTU). Vedtak herifrå har same verknad som ein dom. FTU sine vedtak har stort sett vore respekterte av partane. Komiteen har likevel merka seg at dei næringsdrivande oftare i seinare tider har brakt saker inn for domstolane når forbrukarane har fått medhald i FTU. Komiteen er klar over at handsaminga i FTU er gratis medan ei sak for domstolane kan resultere i etter måten store kostnader for forbrukaren. Der forbrukaren taper saka, kan han også risikere å måtta dekkja motparten sine kostnader. Etter komiteen si meining kan dette vera ein fare for rettsvernet i forbrukarsaker ved at forbrukarar må velja å ikkje bringa saka si inn for Forbrukartvistutvalet av frykt for at saka kan gå vidare til retten.

       Komiteen er samd i at ein må vurdere tiltak for å hindra at forbrukarar som får saka si prøvd for dei alminnelege domstolane, ikkje skal risikere urimelege kostnader. Det kan i tillegg i visse tilfelle vera av generell interesse å få prøvd enkelte forbrukarsaker for domstolane. Komiteen ser at både bransjen og forbrukarinteressene kan vera tente med at saker blir avgjorde ved dei alminnelege domstolane. Dette er bakgrunn for at St.prp. nr. 1 (1997-1998), for Barne- og familiedepartementet, under kap. 865, opna for at det kan gjevast økonomisk støtte til private rettssaker.

       Komiteen meiner ut frå dette at problemstillingane må sjåast ut frå det arbeidet som skal gjerast for å styrka FTU. Sjølv om det kan vera ein fordel med domstolhandsaming i prinsipielle forbrukarsaker, bør hovudregelen vera at forbrukartvistar blir løyste gjennom frivillige ordningar gjennom Forbrukartvistutvalet.

       Komiteen er kjend med at Regjeringa vil laga ei ny stortingsmelding om forbrukarpolitikk og organisering av forbrukarapparatet i løpet av 1998. Der vil problemstillingane som er tekne opp i dette dokumentforslaget bli tekne opp og sett i samanheng. Likeins er det varsla i budsjettproposisjonen for 1998 at det ville koma ein proposisjon om fri rettshjelp. Denne vil også ta opp problemstillingane som er reiste i dokumentforslaget.

       Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti har merka seg at det berre er ved prinsipielt viktige rettssaker at det offentlege skal kunne gje økonomisk støtte til private rettssaker. Dette vil ikkje være dekkjande for dei forhold Dok.nr.8-forslaget er meint å ivareta. Desse medlemene ser det difor som lite hensiktsmessig at departementet avventer erfaringane frå denne ordninga før ein ser på moglegheitene for ei ordning tilsvarande fri rettshjelp, eventuelt andre løysingar.

       Desse medlemene viser til at dokumentforslaget tar sikte på å etablere ei spesiell ordning for denne type saker.