Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

8. Verksemda i Folketrygdfondet i 1996

8.1 Samandrag

       Det er i meldinga gjort greie for Folketrygdfondet sitt styre og administrasjon i 1996.

       Det er vidare gjort greie for reglane for plasseringsverksemd.

       Styret for Folketrygdfondet har ansvaret for forvaltninga av midlane til fondet innanfor dei retningslinene Stortinget har fastsett og eventuelle nærare retningsliner som er gitte av Kongen i medhald av § 9 i fondet sitt regelverk om plasseringa av midlane.

       Fondet auka i 1996 forvaltningskapitalen sin med 9,5 mrd. kroner til 102,5 mrd. kroner. Forvaltningskapitalen auka til samanlikning med 10,3 mrd. kroner i 1995.

       Stats- og statsgaranterte obligasjonar og sertifikat (inkl. kontolån til statskassa knytt til underliggjande statslån) er hovudplasseringsforma til Folketrygdfondet. Ved utgangen av 1996 var 55,9 mrd. kroner plasserte i denne kategorien papir (rekna etter bokførd verdi), eller 61,5 % av dei samla plasseringane til fondet. Tilsvarande tal ved utgangen av 1995 var 50,8 mrd. kroner, dvs. 60,6 % av dei samla plasseringane.

       Fondet sine samla plasseringar i private og kommunale obligasjonar og sertifikat auka frå om lag 22,9 mrd. kroner ved utgangen av 1995 til 25,6 mrd. kroner ved utgangen av 1996. Dette svara til høvesvis 27,4 og 28,2 % av dei samla plasseringane.

       Bankinnskota var på 0,7 mrd. kroner ved det siste årsskiftet. Dette utgjorde 0,8 % av dei samla plasseringane.

       Folketrygdfondet har frå juni 1991 hatt høve til å plassere i eigenkapitalinstrument i form av børsnoterte aksjar, grunnfondsbevis og konvertible obligasjonar (jf. St.prp. nr. 69 (1990-1991) og Innst.S.nr.228 (1990-1991)). Den øvre ramma for plasseringar i aksjar blei, jf. over, utvida frå 15 til 20 % av fondet sin forvaltningskapital ved Stortinget sitt vedtak 28. oktober 1994. Øvre grense for eigenkapitalplasseringar var ved utgangen av 1996 18,8 mrd. kroner rekna på grunnlag av bokførd verdi av fondskapitalen inklusive opptente, ikkje utbetalte renter. Eigenkapitalplasseringane til fondet var på same tid på i alt 8,7 mrd. kroner (bokførd verdi) investerte i 44 ulike selskap. Av dette utgjorde plasseringar i konvertible obligasjonar knapt 139 mill. kroner. Eigenkapitalplasseringane svara til 9,6 % av dei samla plasseringane til fondet. Plasseringane i eigenkapitalinstrument blei frå utgangen av 1995 til utgangen av 1996 reduserte med 492 mill. kroner. Marknadsverdien av dei samla eigenkapitalplasseringane til fondet i form av aksjar, grunnfondsbevis og konvertible obligasjonar var ved utgangen av 1996 på 13,2 mrd. kroner. Fondet har såleis ein urealisert kursvinst på slike verdipapir på 4,5 mrd. kroner.

       Samla urealiserte kursvinstar (netto) og opptente ikkje utbetalte renter utgjorde 11,7 mrd. kroner.

       Det verdikorrigerte resultatet til Folketrygdfondet (dvs. inkl. urealiserte vinstar) var i 1996 på 9,5 mrd. kroner. Dette svara til ei nominell avkastning på 10,2 % rekna på basis av fondet sin kapital ved inngangen til året, mot ei avkastning på 12,5 % i 1995. Avkastninga på fondet sine plasseringar i renteinstrument (obligasjonar, sertifikat og bankinnskott) var i 1996 på 7,5 %, medan avkastninga på aksjar var på 31,4 %. Totalindeksen ved Oslo Børs gjekk til samanlikning opp med 32,6 % i 1996. Samla renteinntekter i 1996 var 6.304 mill. kroner, medan motteke aksjeutbytte var på 364 mill. kroner.

       Fondet hadde i 1996 ein realisert kursvinst på aksjar og obligasjonar på til saman 67 mill. kroner. Fondet hadde gjennom året ein auke i urealiserte verdipapirgevinstar på aksjar og obligasjonar på 2,8 mrd. kroner. Dei urealiserte kursvinstane var fordelte med 2,1 mrd. kroner på aksjeporteføljen og 0,7 mrd. kroner på dei resterande verdipapira.

8.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tek det som står i meldinga om Folketrygdfondet si verksemd i 1996 til orientering.

       Komiteen har elles ingen merknader.