Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om forslag frå stortingsrepresentant Steinar Bastesen om oppretting av forskarstillingar ved Norsk Institutt for Genøkologi i Tromsø.
Dette dokument
- Innst. S. nr. 70 (1997-1998)
- Kildedok: Dokument nr. 8:34 (1997-98)
- Dato: 22.01.1998
- Utgiver: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Oppretting av forskarstillingar ved Norsk Institutt for Genøkologi i Tromsø
- 2. Komiteens sine merknader
- 3. Komiteen si tilråding
- Vedlegg
Til Stortinget.
I dokumentet vert det gjort slikt framlegg:
« Stortinget ber Regjeringen om at det opprettes 1 til 2 forskerstillinger tilknyttet Norsk Institutt for Genøkologi i Tromsø. »
Komiteen har med interesse merka seg at det blir arbeidd for å få etablert ei privat forskingsstifting « Norsk Institutt for Genøkologi - GENØK » i Tromsø. Utgangspunktet for arbeidet er det medisinsk-biologiske miljøet ved Universitetet i Tromsø.
Komiteen vil understreke at det er viktig å satse på forsking og kompetanseutvikling på området genteknologi. I denne konkrete saka gjeld spørsmålet om Stortinget skal be Regjeringa opprette 2 forskarstillingar ved det nye forskingsinstituttet. Sjølv om komiteen er samd i at det er viktig å styrke innsatsen innanfor forsking og kompetanseutvikling på dette feltet, kan komiteen ikkje stø framlegget. Komiteen viser i denne samanhengen til brev frå statsråden, dagsett 17. desember 1997, som er teke inn som trykt vedlegg til innstillinga. Her går det fram at tildeling av midlar til private forskingsinstitusjonar ikkje er knytte opp til bestemte stillingar. Komiteen reknar med at forskingsstiftinga, når ho er etablert, søkjer om basisløyving frå Noregs forskingsråd eller eit departement, etter dei vanlege retningslinene for slik støtte.
Komiteen har elles ingen merknader og rår Stortinget til å gjere slikt
Dok.nr.8:34 (1997-1998) - forslag frå stortingsrepresentant Steinar Bastesen om oppretting av forskarstillingar ved Norsk Institutt for Genøkologi i Tromsø - vert å leggje ved møteboka.
Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 22. januar 1998. |
Grete Knudsen, | Petter Løvik, | Rune Kristiansen, |
leiar. | ordførar. | sekretær. |
Brev dagsett 17. desember 1997 frå statsråd Jon Lilletun til komiteen:
Eg syner til brev frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, dagsett 3. desember 1997, med spørsmål om kommentarar til Dok.nr.8:34 (1997-1998) Forslag frå stortingsrepresentant Steinar Bastesen om opprettelse av forskerstillinger ved Norsk Institutt for Genøkologi i Tromsø.
Forslaget reiser viktige spørsmål om alvorlege helse-, miljø- og ressursutfordringar og peikar på behovet for å auka innsatsen til forsking og kompetanseutvikling på feltet. Dette er eg samd i.
Initiativet til etablering av Norsk Institutt for Genøkologi (GENØK) er teke av nokre tilsette ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Tromsø. Sjølv om meininga er at GENØK skal vere ei privat stifting, så er det frå stiftarane si side meint å vere nær kontakt mellom stiftinga og Universitetet i Tromsø. Eg føreset at universitetet tek kontakt med departementet når det gjeld dei organisatoriske spørsmåla.
Når det gjeld tildeling av midlar til private forskingsinstitutt, så er desse ikkje knytte opp til bestemte stillingar. Slike institutt kan derimot søkje om ei basisløyving, anten frå Noregs forskingsråd eller frå eit departementet.
Dersom GENØK vert etablert og ønskjer statleg tilskott, vil eg tilrå at stiftinga vender seg til eit relevant departementet eller til Noregs forskingsråd. Før tilskott blir gjeve er det vanleg at ein får vurdert organisasjonen, det faglege grunnlaget, målsetjinga osb. Til orientering følgjer « Retningslinjer for statlig finansiering av forskningsinstitutt », fastsett av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i 1994.