Innstilling fra finanskomiteen om fullmakt til å ta opp innenlandske og utenlandske statslån.
Dette dokument
- Innst. S. nr. 34 (1997-1998
- Kildedok: St.prp. nr. 11 (1997-98)
- Dato: 09.12.1997
- Utgiver: finanskomiteen
- Sidetall: 3
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Innledning og sammendrag
- 2. Behovet for lånefullmakter
- 3. Komiteens merknader
- 4. Komiteens tilråding
Innledning og sammendrag
Statens lånebehov og utviklingen i statsgjelden
Statsbudsjettet for 1998, jf. St.prp. nr. 1 (1997-1998) Tillegg nr. 3 (1997-1998), er gjort opp med eit overskot på 69,3 mrd. kroner før overføringar til Statens petroleumsfond. Dette beløpet er i sin heilskap foreslått avsett i petroleumsfondet. Ein netto auke i utlån til statsbankane, kjøp/sal av aksjar og utlån til andre m.m. på 6,6 mrd. kroner, saman med avdrag på langsiktig gjeld på 19,6 mrd. kroner, gjer at staten har eit brutto finansieringsbehov på 26,2 mrd. kroner i 1998. Dette lånebehovet vil bli dekt dels ved nye låneopptak og dels ved trekk på kontantbehaldninga.
Etter gjeldande opplegg for Statens petroleumsfond skal overføringar frå fondet dekkje det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet, jf. omtale i Revidert nasjonalbudsjett 1997. Avdrag på statens gjeld og utlån til statsbankane m.v. skal dekkjast ved trekk på kontantbehaldninga eller ved nye låneopptak. Overskot på statsbudsjettet vil såleis generelt ikkje gje grunnlag for ein reduksjon i statens gjeld.
Nivået på statskassens bruttogjeld har sidan 1993 vore om lag uendra. Ved utgangen av 1996 utgjorde statsgjelda i alt 284,8 mrd. kroner, medan fordringane utanom kapitalinnskot i forretningsdrifta, forskot og mellom rekneskap med ordinære rekneskapsførarar og andre utgjorde 386 mrd. kroner. Målt på denne måten hadde statskassen netto fordringar på 101 mrd. kroner. Når ein reknar med kapitalinnskot i forretningsdrifta m.v. og statskassens gjeld og avsetningar utanom statsgjelda, utgjorde statskassens netto finansielle fordringar ved utgangen av 1996 om lag 211 mrd. kroner (verdiane er rekna på grunnlag av bokførde verdiar), jf. vedleggstabell 24 i St.meld. nr. 1 (1997-1998).
Statens kontantbehaldning var 83,6 mrd. kroner ved årsskiftet 1996/97. Sjølv om kontantbehaldninga ved utgangen av september 1997 var på om lag 116 mrd. kroner, reknar ein med at nivået ved inngangen til 1998 vil vere klart lågare enn ved inngangen til 1997. Dette har samanheng med at avsetninga til Statens petroleumsfond for 1997 etter gjeldande ordning først skjer 31. desember, og at statens inntektsoverskot gradvis blir bygd opp gjennom året. Som omtala i Nasjonalbudsjettet 1998, tar ein sikte på å leggje om frå årlege til kvartalsmessige overføringar til petroleumsfondet i løpet av 1998. Ei slik omlegging vil m.a. innebere at ein ikkje får den systematiske auken i kontantbehaldninga gjennom året som ein har i dag.
Statens opplåning blir innpassa i den pengepolitiske styringa, og ein har også tatt omsyn til utviklinga i kapitalbalansen overfor utlandet og storleiken på valutareservane. Såleis har staten i periodar lånt i utlandet for å styrkje valutareservane og i periodar lånt meir enn naudsynt innanlands for å trekkje inn likviditet frå marknaden. I januar 1997 t.d. lånte staten om lag 40 mrd. kroner meir enn planlagt i utgangspunktet for å trekkje inn att deler av den likviditeten Noregs Bank tilførte marknaden for å halde kronekursen stabil. I denne månaden vart det såleis m.a. utferda statssertifikat for 43 mrd. kroner. På det meste var uteståande i statssertifikat og kortsiktige kontolånsinnskot frå Folketrygdfondet på 97 mrd. kroner, slik at dåverande fullmaktsramme for slike lån på 100 mrd. kroner nær var uttømt. For å sikre betre handlefridom i den pengepolitiske styringa vart fullmakta for samla uteståande i kortsiktige marknadslån difor utvida med 50 mrd. kroner til 150 mrd. kroner, jf. St.prp. nr. 63 (1996-1997) og Innst.S.nr.295 1996-1997).
I den pengepolitiske styringa tar ein normalt det utgangspunktet at statens inn- og utbetalingar (medrekna lånetransaksjonar) skal vere i balanse, dvs. vere nøytrale i forhold til storleiken på publikum sin likviditet. Overskot på statsbudsjettet vil isolert sett redusere publikum sin likviditet, men når Noregs Bank kjøper utanlandsk valuta for å byggje opp reservar for avsetninga til Statens petroleumsfond, tilfører banken likviditet svarande til overskotet før avsetningar til petroleumsfondet. Postar på statsbudsjettet som overføringar frå Noregs Bank og renter på statens utanlandslån, påverkar ikkje publikum sin likviditet direkte. Desse transaksjonane påverkar derimot storleiken på statsbudsjettet og dermed avsetninga til Statens petroleumsfond. Om ein ikkje gjer korrigeringar, vil transaksjonane indirekte få likviditetsverknad. For 1998 vil overføringar frå Noregs Bank og liknande postar vere større enn t.d. renteutgiftene på utanlandsgjelda, slik at ein vil måtte låne ekstra for å dra inn deler av den likviditeten ein tilfører gjennom transaksjonar i petroleumsfondet.
Avdrag på statens utanlandslån vil ikkje tilføre publikum likviditet. Sidan avdraga på utanlandslåna i 1998 (16,2 mrd. kroner) er mykje større enn netto inntektspostar utan likviditetsverknad « over streken », vil ein under eit likviditetsnøytralt opplegg dekkje ein del av finansieringsbehovet på 26,2 mrd. kroner med trekk på kontantbehaldninga. Utviklinga kan likevel endre dette bildet mykje, spesielt gjeld det utviklinga i valutamarknaden.
Utviklinga i valuta-, penge- og kredittmarknadene har vist at det er ønskeleg å ha rommelege fullmakter slik at ein kan tilpasse statens låneprogram til skiftande forhold gjennom året. På denne bakgrunnen ber ein om, på linje med opplegget for inneverande og tidlegare år, fullmakt for opptak av langsiktige lån som er større enn brutto lånebehov i 1998 på 26,2 mrd. kroner, samtidig som ein ber om rommelege fullmakter for samla uteståande i kortsiktige lån.
Tabell 1 gjev ei samla oversikt over lånefullmaktene i 1996 og 1997 saman med forslag til fullmakter for 1998.
Tabell 1. Fullmakter for opptak av statslån i 1996 og 1997. Forslag til fullmakter for 1998. Mill. kroner.
Ut- | Ut- | ||||
---|---|---|---|---|---|
nytting | nytting | Forslag | |||
pr 31. | Gjeldande | pr 30. | til | ||
Fullmakt | desember | fullmakt | september | fullmakt | |
for 1996 | 1996 | for 1997 | 1997 | for 1998 |
Langsiktige innenlandske | |||||
lån,1 nye lån | 60.000 | 29.700 | 50.000 | 18.700 | 40.000 |
Lån i utlandet, nye lån | 10.000 | 0 | 10.000 | 252 | 10.000 |
Grunnkjøpsobligasjonslån, | |||||
samla utferda2 | 3.400 | 3.324 | 3.400 | 3.324 | 3.400 |
Kortsiktige lån, samla | |||||
uteståande | |||||
- kortsiktige | |||||
marknadspapir34 | 100.000 | 47.700 | 150.000 | 43.950 | 150.000 |
- andre kortsiktige lån | 70.000 | 39.433 | 90.000 | 53.360 | 90.000 |
1. | Inkl. langsiktige kontolån frå Folketrygdfondet. |
2. | Fullmakta gjeld samla utferding av obligasjonar sidan ordninga vart innførd, jf. avsnitt 2.2 |
3. | Inkl. kortsiktige kontolån frå Folketrygdfondet. |
4. | Inkl. auke i fullmakt gitt ved Stortingets vedtak i juni 1997. |
Fullmakta for opptak av nye langsiktige innanlandske og utanlandske statslån blir foreslått sett til 40.000 mill. kroner og 10.000 mill. kroner, høvesvis. Fullmakta for uteståande lån i form av kortsiktige marknadspapir, herunder statssertifikat, blir foreslått halden uendra på 150.000 mill. kroner, og fullmakta for samla uteståande i andre kortsiktige lån blir foreslått halden uendra på 90.000 mill. kroner. På bakgrunn av at det no berre kan utferdast grunnkjøpsobligasjonar for oppgjer som er avtalte før utgangen av 1991, og det er rom under eksisterande ramme for å utferde nye obligasjonar, blir fullmakta for uteståande grunnkjøpsobligasjonar foreslått halden uendra på 3.400 mill. kroner.
Det er i proposisjonen vidare gjort greie for målsetting for Statens gjeldsforvaltning, for behandlingen av over- og underkurs, samordninga av statens utanlandsgjeld og Noregs Banks valutareservar og for integreringssamarbeidet mellom Noregs Bank og sentralbankane i andre land.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Dag Terje Andersen, Erik Dalheim, Ranveig Frøiland, Trond Giske, Berit Brørby Larsen, Tore Nordtun og Hill-Marta Solberg, fra Fremskrittspartiet, Siv Jensen, Per Erik Monsen og Kenneth Svendsen, fra Kristelig Folkeparti, Randi Karlstrøm, lederen Lars Gunnar Lie og Ingebrigt S Sørfonn, fra Høyre, Børge Brende, Per-Kristian Foss og Kjellaug Nakkim, fra Senterpartiet, Jørgen Holte, fra Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, fra Venstre, Terje Johansen og fra Tverrpolitisk Folkevalgte, Steinar Bastesen, slutter seg til forslagene I-VI i proposisjonen vedrørende fullmakter til å ta opp innenlandske og utenlandske statslån i 1998.
Komiteen viser til proposisjonen og til det som står foran og rår Stortinget til å gjøre slikt
Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp nye langsiktige innanlandske statslån til eit beløp av 40.000 mill. kroner i 1998.
Finansdepartementet får fullmakt til å utferde nye grunnkjøpsobligasjonar i 1998 for oppgjer som vart avtalte før 31. desember 1991 innanfor den gitte fullmakta på 3.400 mill. kroner.
Finansdepartementet si fullmakt til å ha uteståande kortsiktige marknadslån blir halden uendra på 150.000 mill. kroner.
Finansdepartementet si fullmakt til å ha uteståande andre kortsiktige lån blir halden uendra på 90.000 mill. kroner.
Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp nye lån i utlandet i 1998 til eit beløp motsvarande 10.000 mill. kroner utrekna på grunnlag av valutakursane per 30. september 1997.
Stortinget samtykker i at inntekter som følgjer av overkurs ved opptak av statslån blir avsett og inntektsførd over løpetida på låna, og at utgifter som følgjer av underkurs ved opptak av statslån blir avsett og utgiftsførd over løpetida på låna.
Oslo, i finanskomiteen, den 9. desember 1997. |
Lars Gunnar Lie, | Per Erik Monsen, | Siv Jensen, |
leder. | ordfører. | sekretær. |