1. Samandrag
Departementet gjer i meldinga framlegg om struktur og innhald i lærarutdanninga. Bakgrunnen er dei omfattande reformene i grunnskole og vidaregåande opplæring og nye krav frå samfunns- og arbeidsliv. Meldinga byggjer på Lærarutdanningsutvalget si innstilling, NOU 1996:22 . Departementet skisserer prinsipp og retningsliner for oppbygginga av dei ulike lærarutdanningskategoriane som grunnlag for det vidare arbeidet med nasjonale rammeplanar for lærarutdanningane.
Departementet legg vekt på at lærarutdanninga skal vere ein integrert del av nettverksamarbeidet mellom institusjonane i Noregsnettet. Rammeplanane skal gi klare styringssignal for å sikre at institusjonane sine fagplanar er relevante. Tiltak skal setjast i verk slik at ein får betre grunnlag for å vurdere om institusjonane gir utdanning i samsvar med rammeplanane. Departementet gjer framlegg om at innhaldet i lærarutdanninga blir fastsett i medhald av universitets- og høgskolelova, medan opplæringslova skal heimle føresegner om kompetansekrav for undervisningspersonalet i grunnskolen, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring. Lærarutdanningslova blir etter dette oppheva.
Departementet meiner at allmennlærarutdanning framleis skal kvalifisere for undervisning på alle steg i grunnskolen og for vaksenopplæring i grunnskolen sine fag. Departementet gjer vidare framlegg om at faglærarar og lærarar med praktisk-pedagogisk utdanning eller anna utdanning godkjend for undervisning på ungdomssteget, kan tilsetjast for undervisning på mellomsteget. Dette vil gjelde fag der dei har relevant kompetanse i eit omfang på minimum 10 vekttal, fagdidaktikk inkludert. Samstundes understrekar departementet at skoleeigar kan fastsetje nærmare spesifiserte krav ut frå lokale tilhøve. For førskolelærarutdanninga tek den nye rammeplanen frå 1995 alt omsyn til reformene i barnehage og grunnskole.
Når det gjeld allmennlærarutdanninga, gjer departementet framlegg om å utvide den obligatoriske delen frå 50 til 60 vekttal. Engelsk skal gå inn som eit obligatorisk fag med 5 vekttal. Matematikk bli utvida frå 5 til 10 vekttal. Eit praktisk og eit estetisk fag blir obligatorisk med 5 vekttal kvar. Kristendomkunnskap med religions- og livssynsorientering har 5 vekttal som obligatorisk fag.
Etter departementet sitt framlegg blir det ein fellesmodell dei tre første åra. I den valfrie delen det fjerde året kan studentane velje anten to einingar på 10 vekttal med den eine som « styrt val », eller ei årseining på 20 vekttal i eitt fag. Kva for fag som skal gå inn i « styrt val », vil bli fastsett for 3-årsperiodar, avhengig av behovet i skolen. Departementet ser det som viktig å styrke realfaga si stilling i lærarutdanninga. Faga skal i første omgang difor vere matematikk eller naturfag. Andre tiltak gjeld etter- og vidareutdanning og eigne « realfagliner » ved utdanningsinstitusjonane.
For å rekruttere fleire studentar frå språklege minoritetar skal dei som er fritekne frå eksamen i sidemål i vidaregåande opplæring, òg få fritak frå kravet om eksamen i begge målformer i allmennlærarutdanninga. For døve vil det bli utvikla ein eigen studieplan. Det skal òg organiserast eit permanent tilbod for høyrande lærarar i teiknspråk. Departementet går vidare inn for å organisere praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfag og yrkesfag i ein felles rammeplan. Organiseringa av den eittårige praktisk-pedagogiske utdanninga ved universiteta vil bli evaluert.
Departementet peikar på at faglærarutdanninga er relativt smal, og at ein i dei fleste tilfelle kan oppnå tilsvarande fordjuping gjennom andre utdanningsvegar. Departementet gjer framlegg om å avvikle ordninga med eigne rammeplanar for fagutdanning i kroppsøving, i naturfag med matematikk og i økonomisk-administrative fag. Den noverande faglærarutdanninga i ernæring, helsefag og miljøfag blir endra til yrkesfaglærarutdanning basert på søkjarar med fagbrev, yrkespraksis og generell studiekompetanse. Etter framlegget blir to faglærarutdanningar styrte av rammeplanar. Det gjeld utdanninga i musikk, dans og drama, og utdanninga i formgjeving, kunst og handverk.
For yrkesfaglærarutdanninga ser departementet behov for radikale endringar av struktur og innhald. Grunnen er at denne utdanninga skal kunne gi kompetanse for undervisning både i dei breie grunnkursa og i dei vidaregåande kursa i yrkesfaglege studieretningar. I tillegg skal ho førebu for undervisning på grunnskolen sitt mellom- og ungdomssteg, i arbeidsmarknadsopplæring og i vaksenopplæring. Departementet går inn for ein ny modell for treårig yrkesfaglærarutdanning, dels ved å gjere om eksisterande faglærarutdanningar, dels ved å nytte ut kapasitet og kompetanse i relevante miljø i ingeniørutdanninga. Den nye modellen skal byggje på alle yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring og innførast i to fasar, for fem (eventuelt seks) yrkesfaglege studieretningar frå år 2000 og fullt utbygd frå år 2006. Yrkesfaglærarutdanninga kan organiserast som fulltids- og deltidsstudium, og som desentralisert utdanning. Departementet vil leggje til rette for yrkesfagleg forsking og for etter- og vidareutdanning av yrkesfaglærarar.
Departementet meiner det er viktig å styrke rekrutteringa til samisk lærarutdanning, og vil ta initiativ til ei eiga utgreiing om samisk lærarutdanning som omfattar alle dei tre samiske språkgruppene.
Departementet meiner vurdering av om ein kandidat er skikka for læraryrket, må finne stad under heile studiet. Rammeplanen må gi klare kriterium for krav til godkjend praksis. Ein eigen lovheimel for vurdering av om lærarstudentar er skikka for yrket, er etter departementet si meining ikkje naudsynt.
Departementet går elles ikkje inn for eit såkalla kandidatår, men vil ta initiativ til avgrensa prøveprosjekt med rettleiing av nyutdanna lærarkandidatar. I samband med revisjon av rammeplanar vil departementet innføre vaksenpedagogikk i all grunnutdanning for lærarar. Det er òg viktig å byggje ut vidareutdanningstilbodet på dette området. Alle nye rammeplanar for lærarutdanning skal omfatte kunnskap om IT og bruk av IT. Forsking og utviklingsarbeid skal vere med på å sikre kvaliteten i utdanninga ved lærarutdanningsinstitusjonane.
Når det gjeld økonomiske og administrative konsekvensar, meiner departementet at framlegga vil kunne løysast innanfor eksisterande rammer, eventuelt ved omdisponeringar, eller ved at departementet kjem tilbake til løyvingar i dei årlege budsjettframlegga.