3. Forslag frå mindretal
Forslag frå Senterpartiet og SosialistiskVenstreparti:
Forslag 1
Stortinget ber Regjeringa vurdere å stille som vilkår om heil eller delvis tilbakeføring av innvilga SND-støtte til det einskilde lokalsamfunn dersom verksemda utan skjellig grunn ønsker å redusere, legge ned eller flagge ut verksemda.
Forslag 2
Stortinget ber Regjeringa om å syte for at eigenkapitaldivisjonen si verksemd vert desentralisert til fylkesnivå på lik line med andre verkemiddel i SND.
Forslag 3
Invest in Norway vert nedlagt.
Forslag 4
Tapsfondet for den distriktsretta og den landsdekkande risikolåneordninga vert auka frå 25 til 35 % av den totale låneramma.
Forslag frå Senterpartiet:
Forslag 5
Stortinget ber om at styret i eigenkapitaldivisjonen vert utpeika etter forslag frå Regjeringa.
Forslag 6
Stortinget ber Regjeringa om å redusere maksimalbeløpet for eigenkapitaldivisjonen sine investeringar i ei verksemd frå 50 mill. kroner til 35 mill. kroner.
Forslag 7
Stortinget ber Regjeringa gjera det mogleg for fylkeskommunane å prøva ut andre modellar for organisering av SND sitt ytre apparat i tråd med « modell B » i samsvar med utgreiinga om organiseringa av SND sitt ytre apparat.
Forslag frå Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 8
Stortinget ber Regjeringa gjere framlegg om eit statleg omstillings- og strukturfond til bruk ved høve kor arbeidsplassar, komptetanse, marknadsleveransar osv. står i fare.