Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

Sosial- og helsedepartementet gjer i proposisjonen framlegg om auke av løyvingane for 1997 under kap. 2711 post 71 Refusjon psykologhjelp og under kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønsordning fysioterapeutar og post 71 Refusjon fysioterapi. Auken på i alt 27,5 mill. kroner har samanheng med reviderte avtalar med Norske Fysioterapeuters Forbund og Norsk Psykologforening om takstar og driftstilskot. Det er sett av reservar til dekning av meirutgiftene ved oppgjeret under kap. 2309 Tilfeldige utgifter (Ymseposten). Denne løyvinga vil det seinare bli gjort framlegg om å setje ned.

Avtalar om driftstilskot og takstar for legar

       Da forhandlingane mellom Kommunenes Sentralforbund/staten og Den norske lægeforening ikkje er avslutta, kan spørsmålet om eventuelle meirutgifter for folketrygda til refusjonar som følgje av ein ny avtale med legane ikkje leggjast fram for Stortinget til handsaming i vårsesjonen. Departementet bed difor om fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonane og fastlønstilskotet som følgje av dei avtalane partane eventuelt kjem fram til. Det blir lagt til grunn at eigenbetalinga for pasientane skal aukast med 12 prosent i gjennomsnitt. Den endelege løyvingssaka vil bli lagt fram for Stortinget seinare.

Avtale om driftstilskot og takstar forfysioterapeutar

       I forhandlingsmøte 2. juni 1997 blei Norske Fysioterapeuters Forbund, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 1997 - 30. juni 1998. Avtalen føreset ei regulering av takstar og driftstilskot med 5,3 prosent pr. 1. juli 1997. Takstar og driftstilskot aukar med same prosentsats. Eigenbetalinga frå pasientane blir auka med 9 prosent. Folketrygda skal som tidlegare setje av 1,5 pst av utbetalte refusjonar til fond for etter- og vidareutdanning. Meirutgiftene for trygda til refusjonar og fondsavsetningar i 1997 er rekna til 21,5 mill. kroner.

       Fastlønstilskotet var 105.000 kroner i 1996. Departementet tilrår at fastlønnstilskotet aukar til 108.000 kroner for 1997 og at kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønsordning fysioterapeutar blir regulert med 3,0 mill. kroner.

Avtalar om driftstilskot og takstar for psykologar

       I forhandlingsmøte 3. juni 1997 blei Norsk Psykologforening, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for spesialistar i klinisk psykologi. Avtalen skal gjelde for perioden 1. juli 1997-30. juni 1998. Avtalen føreset ei regulering av takstar og driftstilskot med i alt 4,4 prosent pr. 1. juli 1997. Eigenbetalinga frå pasientane blir auka med 12 prosent. Fondsavsetninga er auka i takt med auken i ramma. Departementet tilrår at kap. 2711 post 71 Refusjon psykologhjelp blir regulert med 3,0 mill. kroner.