Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå utanrikskomiteen om samtykke til å la seg binde av den reviderte landmineprotokollen av 3. mai 1996 og protokollen om blindande laservåpen av 13. oktober 1995, begge til FN-konvensjonen av 10. oktober 1980 om forbod mot eller restriksjonar på bruk av visse konvensjonelle våpen som kan skade i utrengsmål eller som kan ramme vilkårleg.

Innhold

Til Stortinget.

Regjeringa ber i proposisjonen om samtykke frå Stortinget til å la seg binde av protokoll om forbod mot eller restriksjonar på bruk av miner, minefeller og andre innretningar, med endringar av 3. mai 1996, og protokoll eller restriksjonar på bruk av visse konvensjonelle våpen som kan skade i utrengsmål eller som kan ramme vilkårleg.

       Kapittel 1 i proposisjonen inneheld samandrag. Kapittel 2 omhandlar bakgrunnen for saka. I kapittel 3 blir det gjort greie for forhandlingsprogram, i kapittel 4 for hovudspørsmål under revisjonskonferansen som førte fram til dei aktuelle protokollane. I kapittel 5 blir det gjort greie for dei ulike artiklane i den reviderte protokoll II om miner og minefeller. Kapittel 6 omhandlar dei ulike artiklane i protokoll IV om blindande laservåpen. Tilleggsprotokoll til Konvensjonen om forbod mot eller restriksjonar på bruk av visse konvensjonelle våpen som kan skade i utrengsmål eller som kan ramme vilkårleg i norsk omsetjing, og protokoll om forbod mot eller restriksjonar på bruk av miner, minefeller og andre innretningar, med endringar av 3. mai 1996 (protokoll II, med endringar av 3. mai 1996) som følgjer som vedlegg til Konvensjonen om forbod mot eller restriksjonar på bruk av visse konvensjonelle våpen som kan skade i utrengsmål eller som kan ramme vilkårleg, i engelsk originaltekst med omsetjing til norsk, følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

       Det vert i proposisjonen synt til at eitt av dei alvorlegaste og mest akutte humanitære problema i vår tid er mengdene av udetonerte miner som i dag er spreidde over store område i den tredje verda. Desse rammar blindt, lemlestar eller drep, og er eit uføreseieleg og varig trugsmål mot sivile. FN-konvensjonen av 1980 om inhumane våpen er den viktigaste globale, folkerettslege reiskapen som kan avgrense bruken av desse minene, som i dag valdar svære lidingar i konfliktområde over heile verda. Men konvensjonen har til no vist seg utilstrekkeleg til å få bukt med mineproblemet. Som ei følgje av m.a. dette vedtok generalsekretæren i FN i 1993 å kalle inn til ein revisjonskonferanse for å styrkje føresegnene i landmineprotokollen til konvensjonen, og å vurdere tilleggsprotokollar.

       Det vert vidare synt til at Revisjonskonferansen, som vart opna 25. september 1995 og avslutta 3. mai 1996, gjorde to viktige vedtak. Det vart vedteke ein ny, revidert landmineprotokoll. Dernest vart det vedteke ein ny protokoll som forbyr bruk og eksport av blindande laservåpen.

       Det vert opplyst i proposisjonen at den nye, reviderte landmineprotokollen er styrkt på fleire viktige punkt. For det første er det etablert eit generelt forbod mot bruk av antipersonellminer som ikkje kan oppdagast, har lang levetid og er plasserte utanfor regulerte minefelt. Det er desse minene som valdar dei største lidingane. Dette forbodet tek til å gjelde ni år etter at protokollen har trådd i kraft. For det andre har partane forplikta seg til ikkje å eksportere eller overføre slike antipersonellminer. For det tredje er bruksområdet til protokollen utvida til å gjelde interne væpna konfliktar. Dette er eit framsteg fordi den gamle protokollen berre var gyldig i konfliktar mellom statar. For det fjerde er den nye protokollen utstyrt med ei konsultasjonsordning som forpliktar partane til å kome saman årleg for å drøfte korleis føresegnene vert etterlevde. Og for det femte skal det samankallast ein tilsynskonferanse i år 2001 med sikte på å styrkje føresegnene i protokollen ytterlegare.

       Det vert halde fram i proposisjonen at sjølv om den nye, reviderte protokollen etter Regjeringa sitt syn ikkje er fullt ut tilfredsstillande, er han betre enn den gamle, og representerer framfor alt eit viktig steg i rett lei. Protokollen må ikkje sjåast som avslutninga av ein prosess, men heller som innleiinga til ein ny fase der ein kan trappe opp arbeidet for å gje born, kvinner og menn i krigs- og konfliktutsette område betre vern mot landminer. For å vidareføre og intensivere arbeidet for eit totalforbod mot antipersonellminer, vil Regjeringa saman med andre likesinna land arbeide for å skape ei ny internasjonal norm og auka press for avskaffing av bruk og produksjon av antipersonellminer gjennom etablering av ein mellomstatleg, juridisk bindande avtale som forbyr produksjon, eksport/import, lagring og bruk av desse våpna.

       Det vert opplyst at norsk tilslutnad til protokollen ikkje er venta å medføre særlege økonomiske eller administrative konsekvensar.

       Det vert halde fram i proposisjonen at det òg er av verdi at revisjonskonferansen lukkast i å vedta ein ny protokoll som forbyr bruk og overføringar av laservåpen, dersom dei er konstruerte som antipersonellvåpen og har som viktigaste stridsfunksjon å gjere varig blind. Det viktige i vedtaket ligg særleg i at det innfører eit forbod mot ein våpentype som enno ikkje er ferdig utvikla og klargjort for bruk.

Komiteen rår Stortinget til å samtykke i at Noreg let seg binde av Protokoll om forbod mot eller restriksjonar på bruk av miner, minefeller og andre innretningar og Protokoll om blindande laservåpen, båe i samsvar med tilråding frå Regjeringa.

       Komiteen syner til Innst.S.nr.186(1994-1995). Komiteen rådde der m.a. til at:

       « - Regjeringen arbeider for et internasjonalt totalforbud mot produksjon, lagring, salg, kjøp og bruk av antipersonellminer, inkludert såkalte sektorminer som anvendes som antipersonellminer.
       - Regjeringen arbeider aktivt for en så restriktiv revisjon av FNs konvensjon om inhumane våpen som mulig. » (Innstillingen s. 4.)

       Komiteen har merka seg at Regjeringa har arbeidd for å vinne støtte til begge desse måla. Komiteen syner til at Regjeringa hausten 1995 la ned eit nasjonalt forbod mot produksjon, eksport, lagring og bruk av antipersonellminer. Komiteen konstaterer at forbodet òg omfattar sektorverkande miner som vert utløyste med snubletråd. Sektorverkande miner som vert utløyste med fjernkontroll, dvs. som blir nytta som våpensystem, fell utanfor forbodet. Komiteen syner til at den siste antipersonellmina vart destruert den 1. oktober 1996.

       Komiteen syner til brev frå utanriksministeren til komiteen, dagsett den 10. juni 1997. Brevet inneheld følgjande fråsegn frå Forsvarsdepartementet:

       « Forsvaret har fulgt opp forbudet mot antipersonellminer i Norge. ... Tiltredelse av protokollen har derfor ingen ytterligere konsekvenser for Forsvaret i den forstand at det ikke vil ha noen følger for nye operative konsepter og doktriner at Norge binder seg til den reviderte landmineprotokollen. »

       Brevet følgjer som trykt vedlegg til denne innstillinga.

       Komiteen syner elles til gjennomgangen av forhandlingane og konklusjonar i proposisjonen. Komiteen reknar med at Regjeringa held fram arbeidet for strengare reguleringar og totalforbod i samsvar med tidlegare tilrådingar frå komiteen, jf. Innst.S.nr.186(1994-1995).

I henhold til Stortingets beslutning av 9. juni 1997 forela utenrikskomiteen med brev av 11. juni 1997 utkast til innstilling for forsvarskomiteen til uttalelse.

       I sitt svarbrev av 11. juni 1997 opplyser forsvarskomiteen at det under høring med statsråd Kosmo ble lovet et skriftlig svar knyttet til den redegjørelsen som ble gitt vedrørende mulige konsekvenser for dagens strukturer og operative konsepter. Forsvarskomiteen legger til grunn for sine merknader at det varslede brev bekrefter den muntlige fremstillingen statsråden ga komiteen.

       Forsvarskomiteen har følgende merknader:

       « Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, viser til Stortingets behandling av Innst.S.nr.186(1994-1995). Disse medlemmer mener at Regjeringen har fulgt opp innstillingen fra en enstemmig utenrikskomité. Disse medlemmer har for øvrig ingen merknader og slutter seg til utkastet til innstilling.

       Komiteens leder, Hans J Røsjorde, Fremskrittspartiet, viser til møte med forsvarsministeren i forsvarskomiteen 11. juni 1997 kl. 10.30. Dette medlem viser til at det under møtet fremkom at Forsvarets Overkommando (FO) først var blitt bedt om å uttale seg om St.prp. nr. 57 (1996-1997) 10. juni 1997. Videre vises til at den nevnte proposisjonen passerte Statsråd fredag 6. juni 1997 og ble referert i Stortinget mandag 9. juni 1997 om kvelden, der det ble vedtatt å sende utenrikskomiteens foreløpige innstilling til uttalelse fra forsvarskomiteen før endelig avgivelse.
       Dette medlem peker på at dette innebærer at FO ikke hadde fått anledning til å uttale seg om et dokument som har klar betydning for våre forsvarsplaner før dette dokument har passert statsr& Dette medlem finner det oppsiktsvekkende at Forsvarssjefen ikke er gitt en anledning til en faglig vurdering av konsekvensene ved å la Norge binde seg til den reviderte landmineprotokollen.
       I denne sammenheng vil dette medlem vise til at den reviderte landmineprotokoll er datert 3. mai 1996. Det skulle derfor være mer enn god nok tid til å kunne legge proposisjonsteksten frem for Forsvarssjefen til uttalelse før proposisjonen passerte Statsråd og var fremlagt for Stortinget mandag 9. juni 1997.

       Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet har merket seg Forsvarsdepartementets svar gjennom utenriksministeren til utenrikskomiteen der det fremgår at tiltredelse av protokollen ikke medfører ytterligere konsekvenser for Forsvaret i den forstand at det ikke vil ha noen følger for nye operative konsepter. Disse medlemmer har videre merket seg at forsvarsministeren i brev til forsvarskomiteen av 11. juni 1997 har bekreftet at samtykke til den reviderte landmineprotokoll heller ikke vil få konsekvenser for dagens struktur og operative konsepter.
       Disse medlemmer vil videre peke på at dagens og de fremtidige operative konsepter bl.a. baserer seg på bruk av sektorvirkende våpen (Claymore-miner) og våpensystemer blant annet basert på MLRS-anskaffelsen. Disse medlemmer legger til grunn at de anskaffelser som er gjort av denne typen materiell og det materiell som er planlagt innkjøpt ikke forhindres ved norsk tiltredelse av den reviderte landmineprotokoll og viser i denne sammenheng til forsvarsministerens forsikringer om dette ved møte med forsvarskomiteen 11. juni 1997 som tidligere referert.
       Disse medlemmer vil advare mot at Norge går lenger enn dette ved eventuelle nye revisjoner av landmineprotokollen, og vil vektlegge sikkerhet i eget forsvar og sikkerheten for våre soldater i tilfelle et væpnet angrep på Norge.
       Disse medlemmer vil vise til at det bør fremgå av slike proposisjoner hvilke land som signaliserer tilslutning og hvilke som ikke gjør det.
       Disse medlemmer vil igjen understreke at det for fremtiden må være en klar plikt for Regjeringen å innhente Forsvarssjefens uttalelse til konvensjoner og protokoller som angår vår vedtatte forsvarsstruktur og våre operative konsepter og en slik uttalelse bør følge proposisjonen som trykt vedlegg.
       På denne bakgrunn slutter disse medlemmer seg til at Norge kan la seg binde av den reviderte landmineprotokoll av 3. mai 1996. »

Komiteen viser til de respektive fraksjoners merknader og slutter seg til uttalelsen på dette grunnlag.

Komiteen har elles ingen merknader, syner til proposisjonen, og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       Stortinget gjev samtykke til å la seg binde av Protokoll om forbod mot eller restriksjonar på bruk av miner, minefeller og andre innretningar, med endringar av 3. mai 1996, og Protokoll om blindande laservåpen av 13. oktober 1995, begge til FN-konvensjonen av 10. oktober 1980 om forbod mot eller restriksjonar på bruk av visse konvensjonelle våpen som kan skade i utrengsmål eller som kan ramme vilkårleg, i samsvar med forslag framlagt i St.prp. nr. 73 (1996-1997).

Oslo, i utanrikskomiteen, den 11. juni 1997.

Haakon Blankenborg, Anne Enger Lahnstein,
leiar og ordførar. sekretær.

Spørsmål frå utanrikskomiteen til utanriksministeren, datert 9. juni 1997 og utanriksministerensine svar datert 10. juni 1997.

A. Utanrikskomiteen sine spørsmål

       Hvilke konsekvenser vil samtykke til å la seg binde av den reviderte landmineprotokollen av 3. mai 1996 ha for Norges forsvarsstruktur og elementer og systemer som inngår i vår forsvarsstruktur?

       Herunder ønskes spesielt forklaring på følgende deler av protokollens tekst:

- Hva menes med begrepet «andre innretninger» i artikkel 3.1, c ?
- Hvordan skal artikkel 3.3 tolkes (omfang) ?
- Hvordan skal artikkel 6.3, vedrørende fjernleverte miner, tolkes ?

       For å kunne avgi innstilling slik at proposisjonen kan behandles i vår, er komiteen avhengig av å motta svar i løpet av tirsdag 10. juni d.å.

B. Utanriksministeren sine svar

       Det vises til utenrikskomiteens brev av 9. ds. med spørsmål i tilknytning til behandlingen av St.prp. nr. 73 (1996-1997) Om samtykke til å la seg binde av den reviderte landmineprotokollen av 3. mai 1996 og protokollen om blindande laservåpen av 13. oktober 1995, begge til FN-konvensjonen av 10. oktober 1980 Om forbod mot eller restriksjonar på bruken av visse konvensjonelle våpen som kan skade i utrengsmål eller som kan ramme vilkårleg.

       Spørsmålene har vært forelagt Forsvarsdepartementet, som har svart som følger på hovedspørsmålene i de to brev:

       « Forsvaret har fulgt opp forbudet mot antipersonellminer i Norge (jf. Stortingets behandling av Innst.S.nr.186(1994-1995). Tiltredelse av protokollen har derfor ingen ytterligere konsekvenser for Forsvaret i den forstand at det ikke vil ha noen følger for nye operative konsepter og doktriner at Norge binder seg til den reviderte landmineprotokollen.

       Svarene på de tre underspørsmålene fra Høyres stortingsgruppe er som følger:

1. Hva menes med begrepet « annen innretning »i artikkel 3.1, c ?

       Definisjonen av dette begrepet står i artikkel 2.5:

       « Andre innretningar », manuelt utlagt ammunisjon og innretningar, medrekna improviserte sprenginnretningar, som er tiltenkt å drepe, skade eller øydelegge, og vert utløyst ved fjernkontroll eller automatisk etter ei viss tid. »

2. Hvordan skal artikkel 3.3 tolkes (omfang) ?

       Artikkel 3.3 lyder:

       « det er under alle omstende forbode å bruka noka mine, minefelle eller annan innretning som er utforma eller er av slik art at ho kan valde skade eller liding i utrengsmål. »

       Ordlyden legger opp til en definisjon av « utrengsmål ». Med dette må forstås at det må være klare beveggrunner for bruken av minene. En legger opp til at miner kun skal brukes mot militære, og at bruken ikke skal være vilkårlig. Artikkelen oppsetter en nedre grense for hva som må til for at en skal kunne bruke miner. Resten av artikkelen beskriver forhold som ikke er i utrengsmål, men som av andre grunner ikke er lovlig, f.eks. 3.7 som oppsetter et generelt forbud mot bruk av miner til represalier mot sivilbefolkningen. Når det gjelder spørsmålet om hvor denne grensen går, er det ikke enkelt å bestemme det. Dette blir subjektiv vurdering. En ting er imidlertid klart, og det er at den som ønsker å legge miner, må foreta en bevisst vurdering om behovet. Dersom man ikke har en militær virkning, er det ikke tillatt med bruk av miner.

Hvordan skal artikkel 6.3 vedrørende fjernleverte miner, tolkes?

       Artikkel 6.3 lyder:

       « Det er forbode å bruke fjernleverte miner som ikkje er antipersonellminer, med mindre dei så langt det er praktisk gjennomførleg er utstyrte med ein effektiv mekanisme som sikrar at dei vert øydelagde eller nøytraliserte, og har ein deaktiveringsmekanisme som er konstruert slik at mina ikkje lenger vil fungere som ei mine når ho ikkje lenger tener det militære føremålet som leg til grunn for at ho vart utlagt. »

       Teksten legger opp til at miner lagt av fly eller levert ved hjelp av raketter, skal ha spesielle egenskaper. Det gjelder i denne sammenheng alle andre miner enn antipersonellminer. Spørsmålet her er hvor lenge en skal kunne si at minene har militært formål. Sett i sammenheng med artikkel 6.2 og teknisk vedlegg artikkel 3 må minene automatisk deaktiveres senest etter 120 dager. Artikkel 6.3 oppsetter altså en ytterligere begrensning på hvor lenge minene skal være aktive. »