Innstilling frå utanrikskomiteen om samtykke til at Noreg deltek i den fjerde kapitalpåfyllinga i Det internasjonale fondet for jordbruksutvikling, IFAD.
Dette dokument
- Innst. S. nr. 269 (1996-1997)
- Kildedok: St.prp. nr. 72 (1996-1997)
- Dato: 11.06.1997
- Utgiver: utanrikskomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Innhold
Til Stortinget.
Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om at Stortinget gjev samtykke til at Noreg tek del i den fjerde kapitalpåfyllinga i Det internasjonale fondet for jordbruksutvikling, IFAD, med 118.216.205 kroner for tidsrommet 1997-1999. Dette tilsvarar ein del på 4,27 % av det samla påfyllingsnivået på 430.138.212 USD.
Kapittel 1 i proposisjonen inneheld ei innleiing. I kapittel 2 vert det gjort greie for bakgrunnen for IFAD. Kapittel 3 omhandlar forhandlingsprosessen om den fjerde kapitalpåfyllinga i IFAD, medan kapittel 4 omhandlar resultatet av forhandlingane. I kapittel 5 vert det gjort nærare greie for det norske bidraget til kapitalpåfyllinga.
Ei oversikt over bidraga til den fjerde kapitalpåfyllinga i IFAD er lagt ved proposisjonen.
Det vert i proposisjonen vist til at Det internasjonale fondet for jordbruksutvikling, IFAD, vart føreslege oppretta på Verdas Matvarekonferanse i 1974. IFAD tilbyr lån på gunstige vilkår til tiltak for å auke matproduksjonen i dei fattigaste utviklingslanda med matvareunderskot og til å betre ernæringsnivået og levevilkåra for dei fattigaste befolkningsslaga i desse landa. Stortinget samtykte 6. mai 1977 i at Noreg ratifiserte avtalen om oppretting av IFAD, jf. Innst.S.nr.356 (1976-1977). Fondet har vore verksamt frå byrjinga av 1978.
Det vert i proposisjonen opplyst at det etter meir enn fire års forhandlingar om den fjerde kapitalpåfyllinga i IFAD, vart oppnådd semje om eit påfyllingsnivå på US dollar 430 mill. over 3 år i forkant av Rådsmøtet i Roma i februar 1997.
Kapitalpåfyllinga er knytta til gjennomføringa av resolusjonen om endra styringsstruktur i IFAD som vart vedteken på rådsmøtet i 1995. Resolusjonen inneber ei endring av fordelinga av stemmer og styreplasser i favør av dei landa som har ytt mest. Den nye strukturen inneber at dei nordiske landa har fått monaleg meir innverknad i IFAD. Tidlegare har dei fire nordiske landa delt ein styreplass i IFAD, medan Noreg og Sverige no vert ei eiga valgruppe som vil ha både ein styreplass og eit varamedlem som møter fast.
Etter Regjeringa si vurdering gjer IFADs fokus på fattigdomsreduksjon, utvikling på landsbygda og kvinner institusjonen særleg interessant frå ein norsk bistandspolitisk synsvinkel. Den nye styringsstrukturen gjev Noreg monaleg større innverknad i IFAD, og det vil bli lagt vekt på å arbeide for at IFAD i enno større grad enn tidlegare kan verta ein viktig samarbeidspartnar på område som er prioriterte i norsk bistandspolitikk. Kapitalpåfyllinga er i seg sjølv eit viktig bidrag til oppfølginga av toppmøtet om matvaretryggleik som vart halde hausten 1996.
Det vert opplyst i proposisjonen at det før kapitalpåfyllingsforhandlingane var endeleg avslutta, i samband med statsbudsjettet for 1997 vart sett av 40 mill. kroner over kap. 163 post 75 Innskot i Internasjonalt fond for jordbruksutvikling til eventuell deltaking i fondspåfyllinga. Løyvinga dekkjer den første av tre årlege innbetalingar. Resten av bidraget vil bli innbetalt dei kommande åra, og dei respektive løyvingsforslaga vil bli lagt fram for Stortinget i budsjetta for 1998 og 1999.
Komiteen sitt fleirtal, alle utanom medlemmen frå Framstegspartiet, har ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
Stortinget gjev samtykke til at Noreg tek del i den fjerde kapitalpåfyllinga i Det internasjonale fondet for jordbruksutvikling, IFAD, med 118.216 205 kroner for tidsrommet 1997 til og med 1999, i samsvar med forslag framlagt i St.prp. nr. 72 (1996-1997).
Oslo, i utanrikskomiteen, den 11. juni 1997. |
Haakon Blankenborg, | Anders Talleraas, | Anne Enger Lahnstein, |
leiar. | ordførar. | sekretær. |