Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykkjer i at:
1. |
Hordaland fylkeskommune får høve til å forskottere 20,0 mill. kroner til fv 344 Stamnes-Eidslandet mot refusjon, utan renter, i perioden 1998-2001. |
2. |
Fullmakta til Vegdirektoratet for 1997 til å gje tilsegn om statsgaranti for lån med 2. prioritet til å skaffe og byggje om ferjer i den delen av riksvegferjedrifta som mottar statstilskott vert endra frå 216,7 mill. kroner til inntil 294,8 mill. kroner. Summen av nytt og gamalt ansvar skal ikkje overstige 824 mill. kr. Summane inkluderer påslag på 10 % til dekning av eventuelle inndrivingskostnader. |
3. |
Jernbaneverket kan overskride løyvingane for 1997 på kap. 1350, postane 23 Drift og vedlikehald og 30 Investeringar i linja, tilsvarande rekneskapsførte inntekter på kap. 4350, post 02 Sal av eigedomar m.v. og post 03 Arbeid for framande, med inntil 6 % av dei samla løyvingane på kap. 1350 Jernbaneverket. Fullmakta gjeld ikkje sal til NSB Gardermobanen AS og vidaresal av elektrisitet til togdrift. |
4. |
Jernbaneverket kan overskride løyvingane for 1997 på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald, tilsvarande rekneskapsførte inntekter på kap. 4350, post 06 Vidaresal av elektrisitet til togdrift.
|
|
Oslo, i samferdselskomiteen, den 6. juni 1997.
|
Magnus Stangeland, |
Ole Johs Brunæs, |
Solveig Torsvik, |
leder. |
saksordfører. |
sekretær. |