1. Sammendrag
Forslagsstillarane viser i dokumentet til at det i kulturminneåret 1997 er på sin plass å fastsetja eit betre lovvern også for lause gjenstandar, slik at ikkje freda bygningar vert ståande som tomme « skal » utan opprinneleg innhald. Det er rimeleg å nytta same tidsinndeling som elles i kulturminnevernet, med reformasjonen som overgangstidspunktet, men det bør tyda at også nyare gjenstandar i særlege tilfelle bør få tilsvarande vern, jf. definisjonen av lause kulturminne i § 12 i lov om kulturminner.
På denne bakgrunn vert følgjande framlegg framsett, dagsett 5. mars 1997:
« Stortinget ber Regjeringa leggja fram regelverk som sikrar at gamle lausøyregjenstandar (lause kulturminne) i privat eige kan sikrast varig vern gjennom rett for det offentlege til overtaking. »