2. Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Jan Otto Fredagsvik, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren Svein Ludvigsen, Kristin Krohn Devold og Dag C Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, viser til den framlagte stortingsproposisjonen.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, legg vekt på at reindriftsavtalen og reindriftslova skal vere gode styringselement for å utvikle ei berekraftig reindrift. Fleirtalet syner til at forhandlingane mellom staten og Norske Reindriftssamers Landsforbund (NRL) har ført til semje om ei avtale med ei ordinær ramme på 75 mill. kroner.
Fleirtalet har merka seg at det i samband med denne avtalen er gjort relativt store endringar i tilskotssystemet. Det var derfor også naturleg at denne omlegginga stod sentralt i forhandlingane.
Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, er samd i at det vert sett eit øvre tak på 600 dyr pr. driftseining for å få produksjonstilskot. Vidare at ein berre får utbetalt kalveslakttilskot eller tilleggslaktetilskot dersom ein kjem inn under ordninga med produksjonstilskot. Slike avgrensingar vil ha inntektsutjamnande effekt.
Dette fleirtalet er merksam på at lønsemda i reindriftsnæringa i Troms er svært låg, og meiner derfor at å innføre ei ordning med flat driftstilskot på kr 75.000 pr. eining, under føresetnad av at minimum 800 kg kjøt er levert til godkjent slakteri vil vere føremålstenleg. Dette fleirtalet er merksam på at det kan vere ulikt syn på effekten av denne omlegginga, og meiner det er viktig at reindriftsforvaltinga fylgjer nøye med om resultata vert som ein har rekna med i forhandlingane. Dette fleirtalet er særleg oppteken av at erfaringar og resultata frå Troms vert nøye analysert, og om det er ei omlegging som kan tilpassast resten av næringa. Dette fleirtalet har merka seg at grunngjevinga frå NRL for å vere med på denne omlegginga først og fremst er ut frå at den vil ha inntektsutjamnande karakter.
Dette fleirtalet syner til at ei målsetting med avtalen er å få næringsutøvarane til å tilpasse reintalet etter dei beitetilhøva som er tilgjengelege. Dette fleirtalet ser fastsetjing av dyretal per driftseining som eit ledd i arbeidet med å tilpasse dyretalet til beitegrunnlaget. Det må arbeidast vidare med fordeling og tilpasning av reintalet på haust- og vinterbeite.
Dette fleirtalet syner til at det dei seinare år har vore auka etterspurnad etter reinkjøt, og at det har ført til noko import frå Sverige, Finnland og Russland både av reinkjøt og levande dyr for slakt. Dette fleirtalet legg til grunn at nærings- og marknadsmessige omsyn må vere avgjerande for slik import, og at dispensasjon i høve til forskrift om forbod mot innførsel av dyr vert gjeve når tilhøva ligg til rette for det. Samstundes vil dette fleirtalet understreke at det vert stilt strenge vilkår både til helsedokumentasjon for å unngå smitte, og til transporttilhøva ut frå dyrevernomsyn.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke Framstegspartiet, ser samisk reindrift som ein av dei grunnleggjande faktorane i samisk kultur, og ei berekraftig reindrift omfattar både økonomiske, økologiske og kulturelle område.
Fleirtalet meiner det er eit mål å ha fornying i næringa av omsyn til den kulturelle berekraft reindrifta skal ha og for at den framleis skal vere ei sjølvstendig næring. Det er i denne samanheng viktig at kunnskap og kompetanse om næringa vert vidareført til nye generasjonar. Fleirtalet ser det som positivt at partane er samde om å setje ned ei arbeidsgruppe for å vurdere tiltak som kan lette generasjonsovergangar i næringa.
Fleirtalet vil peike på at ei slik fornying i næringa må skje samstundes som det totale reintalet vert tilpassa beitegrunnlaget i dei ulike distrikta. For å lukkast med dette, meiner fleirtalet at det er naudsynt med eit nært samspel mellom reindriftsforvaltninga og næringsutøvarane i kvart einskild reindriftsområde. Fleirtalet har merka seg at der er uvisse mellom næringsutøvarane omkring dette spørsmålet. Derfor vil fleirtalet be departementet vere særleg merksam på desse problemstillingane.
Fleirtalet ser positivt på at næringa sjølv tek ansvar ved utslakting av dyr som ikkje held produksjonsmål. Fleirtalet meiner det er viktig å tilskunda at lønsemda i næringa vert auka.
Fleirtalet meiner det er rett å sjå dei ulike verkemiddel i reindriftsnæringa i samanheng, og at utøvarane i næringa vert gjort kjent med dei strategiar styresmaktene legg til grunn for rammevilkåra i næringa.
Fleirtalet legg til grunn at andre verkemiddel, som eventuelt vert teken i bruk for å regulere strukturen i næringa, er heimla i reindriftslova og ikkje skal ha si grunngjeving i avtalen.
Fleirtalet vil understreke at det er viktig å sjå på reindrift som ei form for hausting av naturressursar i marginalområde i utmark, og derfor ei næring som er særleg sårbar. Små endringar i værtilhøva kan gje store utslag i næringa. Fleirtalet har merka seg den vanskelege beitesituasjonen i vår for deler av næringa. Det er naturgjevne endringar som i stor grad skuldast klimatiske tilhøve som tilfrosne beiteområde m.a. på Finnmarksvidda. Fleirtalet syner til at landbruksministeren i høyring om St.prp. nr. 46 (1996-1997) i komiteen har gjeve uttrykk for at det frå departementet si side vert arbeidd med å finne gode måtar å møte slike situasjonar på. Fleirtalet legg til grunn at departementet på ein eigna måte vil orientere Stortinget om kva tiltak som kan vere aktuelt å sette i verk, og om naudsynt kome med framlegg om økonomisk medverknad.
Fleirtalet vil særleg peike på at reindrifta i Nord-Trøndelag har svært store vanskar pga. store tap som skuldast rovdyr.
Fleirtalet meiner at dei nye reglane som legg meire vekt på skjøn og sannsynleggjering av tap enn på rein dokumentasjon, vil kunne betre/lette arbeidet med erstatning. Men fleirtalet ser det som urovekkjande at så store delar av reinsdyreiningane vert teke av rovdyr, og ber departementet vurdere tiltak i dei mest utsette områda.
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti vil vurdere den økonomiske situasjonen for reindrifta i Nord-Trøndelag i samband med innstillinga til Revidert nasjonalbudsjett.
Fleirtalet, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, har merka seg og ser positivt på at reindriftsforvaltinga og NRL i fellesskap skal gå gjennom trongen for utviklings- og investeringstiltak innafor dei ulike områda i åra som kjem.
Fleirtalet har m.a. merka seg at det vert sett eit øvre reintal på 600 dyr pr. driftseining for å kunne få tilskot og at dette øvre reintalet berre gjeld krav for å kunne kome inn under tilskotsordning.
Fleirtalet har merka seg at det er semje mellom avtalepartane om å vidareføre den løyvingspraksisen som er etablert når det gjeld tiltak mot radioaktivitet i reinkjøt. Fleirtalet er difor samd i at det vert avsett ei disposisjonsløyving på 4,5 mill. kroner for å finansiere iverksetting av ei tiltakspakke for slaktesesongen 1997-98.
Fleirtalet har merka seg at omstillingsprogrammet er under evaluering og til høyring i ulike instanser. Fleirtalet reknar med at departementet på ein eigna måte informerer Stortinget om effekten av omstillingsprogrammet.
Komiteens medlemmer fra Høyre har merket seg at årets reindriftsavtale innebærer en omlegging av tilskuddssystemet som vil gi en stor inntektsutjevnende virkning. Disse medlemmer mener det er grunn til nøye å følge med på hvilken økonomisk utvikling dette vil gi for næringen. Dette gjelder bl.a. hvilke tilpasninger som vil bli foretatt i næringen for å komme inn under ordningen med tilleggsslaktetilskudd, og om slike tilpasninger er i overensstemmelse med andre langsiktige mål for næringen.
Disse medlemmer har også merket seg den spesielt vanskelige situasjon for reindriftsnæringen i Troms, hvor årets reindriftsavtale innfører en ny tilskuddsordning. Disse medlemmer forutsetter at en tilskuddsordning som er basert på et flatt tilskuddsbeløp på kr 75.000 pr. driftsenhet under forutsetning av en dokumentert leveranse på 800 kg kjøtt til godkjent slakteri må betraktes som et ekstraordinært tiltak. Disse medlemmer mener det uavhengig av dokumenterte behov for økonomisk hjelp vil være viktig med en grundig evaluering av en støtteordning som kan gi som resultat at det til en driftsenhet kan bli utbetalt en støtte som kan beløpe seg til kr 93,75 pr. kg levert kjøtt, dvs. mer enn det dobbelte av prisen for samme vare.
Disse medlemmer viser i denne forbindelse til St.meld. nr. 28 (1991-1992) En bærekraftig reindrift, og hvor Stortinget i Innst.S.nr.167 (1991-1992) satte opp økonomisk bærekraft som et av de tre viktige hovedmål for utformingen av reindriftspolitikken.
Disse medlemmer mener at de hovedmål som ble trukket opp i Reindriftsmeldingen om økologisk, økonomisk og kulturell bærekraft fortsatt må ligge til grunn for utformingen av reindriftsnæringen og finner det betenkelig at proposisjonen ved ensidig å fokusere virkemiddelbruken på inntektsutjevning bryter med Stortingets forutsetninger. Disse medlemmer mener proposisjonen ikke i tilstrekkelig grad legger opp til en helhetlig tenkning og valg av virkemiddelbruk.
Disse medlemmer vil i denne forbindelse be om at virkningene av at årets avtale som setter et øvre tak for tilskuddsberettiget dyretall, løpende vurderes opp mot de virkninger det vil ha for beiteutviklingen at tidligslaktetilskuddene er fjernet. Disse medlemmer mener at mens tidligslaktetilskuddene som tilfalt alle har hatt en positiv virkning mht. dempet beitepress, gjenstår å se om hvorvidt avtalens bestemmelse om øvre tak på 600 dyr pr. driftsenhet som grense for produksjonstilskudd vil ha noen virkning mht. ønsket om å redusere det samlede reintall.
Disse medlemmer har også merket seg de positive erfaringer som er høstet i forbindelse med at det den senere tid er gitt tillatelse til import av levende rein fra Russland og Finland for slakting i Norge. Disse medlemmer er kjent med at det er interesse for et samarbeid om slakting, foredling og markedsføring mellom Norge, Russland og Finland. Disse medlemmer ser dette som et viktig regionaløkonomisk samarbeid, hvor transport av dyr kan skje over korte avstander.
For norsk reindriftsnæring vil det etter disse medlemmers syn være av stor betydning at det legges til rette for en viss økning i adgangen til å importere og slakte rein ved norske anlegg, og ser det som ønskelig at norske myndigheter medvirker til at slik import kan sikre en jevnere tilførsel av råstoff til norske foredlingsanlegg utenom de ordinære slaktesesonger for norsk rein. Disse medlemmer forutsetter at slik import vurderes utfra den til enhver tid rådende markedssituasjon.
Disse medlemmer ser dette som viktig både fordi en bedre kapasitetsutnyttelse vil gi en kostnadssenkning som også gir positivt utslag for norsk reindrift, samtidig som denne øker muligheten til å dekke opp et økende marked for reinprodukter.
Disse medlemmer ser det som viktig at nødvendig avklaring med de respektive lands myndigheter skjer på et tidspunkt som gjør det mulig å planlegge driftssesongen med hensyn til import, foredling og markedsføring på en best mulig måte.
Disse medlemmer forutsetter at fremtidig import som hittil følges opp med nødvendig kontroll, og at slakting utføres ved godkjente anlegg med karantenestatus.
Komiteen sin medlem frå Sosialistisk Venstreparti vil vise til den akutte økonomiske situasjonen for mange reindriftseiningar i Finnmark og Troms som følgje av dei ekstreme klimatiske tilhøva i vinter. Denne medlemen vil åtvare mot å bruke reindrifta sitt utviklingsfond som ein økonomisk buffer for å bøte på den prekære økonomiske situasjonen somme av reindrifteiningane er komne opp i. Denne medlemen vil difor gjere framlegg om at ein alt no stiller ei overslagsløyving til rådvelde for næringa. Føresetnadene for korleis utbetalingane skal skje må fastsetjast i samråd mellom departementet, reindriftsadministrasjon og NRL. Denne medlemen vil difor foreslå at det vert løyvd 4 mill. kroner til slikt føremål:
Kap. 1151 | Til gjennomføring av reindriftsavtalen | ||
83 (ny) Tiltak for reindrifta som har lidd | |||
ekstraordinære tap i samanheng med | |||
ekstreme vertilhøve i Finnmark og | |||
Troms 1997, | |||
overslagsløyving, vert løyvd med | kr | 4.000.000 |
Denne medlemen viser til dei merknader Sosialistisk Venstreparti har hatt i samanheng med handsaminga av reindriftsavtalene for tidlegare år. Denne medlemen vil i den samanheng særleg vise til merknadene i Innst.S.nr.233 (1995-1996) der Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark blir omtala. Denne medlemen vil streka under at dette programmet må førast vidare. I all hovudsak har omstillinga til no i større grad ført til færre reindriftsutøvarar enn til færre rein. At det blir færre, men større reindriftseiningar, er ikkje noko god løysing. Det er ikkje nokon garanti for at ein utviklar ei berekraftig reindrift - heller tvert imot.
Denne medlemen vil som tidlegare streke under at bruken av snøskuter og helikopter, kjøring på barmark må begrensast.
Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet er grunnleggende uenig i den politikk som føres overfor reindriftsnæringen. Reindriftsavtalen er uttrykk for en særbehandling som gjør det umulig å skape en bærekraftig næring som kan gi utøverne grunnlag for å utvikle arbeidsplasser på vanlige bedriftsøkonomiske kriterier.
Dette medlem vil hevde at utviklingen etter at St.meld. nr. 28 (1991-1992) En bærekraftig reindrift ble stortingsbehandlet, har vist at Fremskrittspartiet har fått rett i sin dystre spådom om hvordan næringen vil utvikle seg dersom en politikkomlegging ikke fant sted. Dette medlem vil i den forbindelse vise til de økonomiske overføringer som var ment å stimulere til en bedre tilpasning av reinantallet til beitegrunnlaget. Dette medlem mener denne typen tilskudds- og reguleringsordninger motvirker en helt nødvendig strukturrasjonalisering av reindriften. Antallet yrkesutøvere og dyr er fortsatt altfor høyt i forhold til beitegrunnlaget.
Dette medlem vil hevde at en overgang til et markedsstyrt system vil stimulere til nødvendig flokkreduksjon i forhold til tilgjengelige beiteressurser. Et slikt system vil medføre en nødvendig slanking av næringen. Samtidig vil de gjenværende yrkesutøvere kunne bygge opp sikrere arbeidsplasser med synkende avhengighet av offentlig støtte. Skal sanksjoner benyttes, mener dette medlem de må rette seg mot det totale antall rein, og ikke ta form av et øvre tak pr. driftsenhet, som på lengre sikt kan fremelske små-enheter med sårbar økonomi. Dette medlem finner ikke at reindriftsnæringen er av avgjørende betydning for utviklingen av samisk kultur. En sammenblanding av kulturstøtte og næringssubsidier rettet mot en del av den samisktalende befolkningen, svekker muligheten for en generell, positiv utvikling av hele landets samisktalende befolkning. Dette medlem ønsker å innlemme alle samiske grupper og næringer i den generelle velstandsutvikling, og derved muliggjøre kulturell styrke og mangfold i de samiske miljøer, også utover den beskjedne gruppe som er involvert i reindriftsnæringen.
Dette medlem registrerer at det fortsatt avsettes betydelige beløp fordi reinsdyr som inneholder mer enn 3000 Bq/kg skal omfattes av tiltak som reduserer radioaktiviteten. Fremskrittspartiet har ved flere anledninger stilt spørsmålstegn ved om man er i ferd med å innføre en ny subsidieordning kamuflert som et tilskudd mot radioaktivitet. Dette medlem vil vise til forskningsmiljøer som mener det ikke finnes faglig grunnlag for å bruke store beløp på tiltak etter Tsjernobylulykken.
Dette medlem vil gå imot den foreslåtte økte bevilgning på post 75 samt bevilgning på post 82 som følge av reindriftsavtalen.