2. Komiteens merknader
Komiteen har forelagt forslaget i Dok.nr.8:28 (1996-1997) for justisministeren, som har avgitt uttalelse i brev til komiteen av 23. april 1997.
Komiteen vil innledningsvis bemerke at det ikke er utarbeidet forskrifter til politilovens § 25, slik forslaget forutsetter, jf. brev fra statsråden av 23. april 1997.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre og Fremskrittspartiet, viser til at spørsmålet om refusjon for politioppsyn ved arrangementer ble behandlet i Innst.O.nr.44 (1994-1995). Komiteen uttalte da følgende:
« Komiteen vil slå fast at finansiering av politiet er ei statleg oppgåve. Komiteen kan likevel støtta at det vert krevd refusjon ved særskilde høve. Komiteen merkar seg forslaget om å vidareføre dagens reglar om høve til å krevja refusjon for nødvendig politioppsyn ved ulike stevne og tilstellingar. Komiteen vil på same måte som departementet slå fast at omfanget av politiinnsatsen må avtalast med arrangøren på førehand, slik at utgiftene kan avgrensast til det høgst naudsynte. Komiteen merkar seg og at refusjonsordninga skal avgrensast til utgifter til oppsyn i arenaen, lokalet eller på nærliggjande område. Komiteen kan ikkje sjå at det er grunnlag for å skilje mellom arrangement ut frå om ein tek inngangspengar eller ei. Komiteen merkar seg at dagens refusjonsordning knytta til anleggsverksemd ikkje har særleg omfang, og kan støtta at høve til refusjon fell bort. Komiteen stør og at refusjonsretten ikkje skal gjelda for arrangement som representerer ein direkte bruk av demonstrasjons- og forsamlingsfridomen. » |
Under henvisning til dette finner flertallet ikke å kunne støtte forslaget. Men flertallet vil understreke at refusjonsbeløpet skal avtales på forhånd, og at det skal begrenses til det høyst nødvendige. Det vil si utgifter til oppsyn i arenaen, lokalet eller på nærliggende områder. Utgifter til trafikkavvikling i tilknytning til arrangementer må staten i prinsippet bære. Videre bør politiet ved vurderingen av full refusjon ta hensyn til arrangementets kommersielle side. Om dette uttaler justisministeren i brev av 23. april 1997 bl.a.:
« dette er likevel ikke til hinder for at politiet lokalt, ved vurderingen av omfanget av politioppsynet og om full refusjon skal kreves, kan eller bør ta hensyn til den eventuelle kommersielle side ved arrangementet. » |
Flertallet forutsetter på grunnlag av dette at politiet foretar en slik vurdering i hvert enkelt tilfelle. Med disse presiseringene finner flertallet at hensynet til arrangører er tilstrekkelig ivaretatt, og vil derfor gå imot forslaget.
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti vil streke under verdien av det arbeidet som mange lag og organisasjonar gjer for barn og unge. Også mykje kulturarbeid blir drive på denne måten. Mange av desse organisasjonane skaffar det meste av inntektene til drifta gjennom frivillig arbeid og ulike arrangement. Organisasjonane er avhengige av dagleg frivillig innsats og ikkje minst dugnadsinnsats ved større arrangement. I tillegg til at dette skaffar inntekter til gode formål, er dugnad og samarbeid om ulike oppgåver positivt for samhaldet mellom folk og for miljøet i lokalsamfunna.
Desse medlemene er kjende med at mange lag og organisasjonar arbeider tungt m.a. på grunn av trong økonomi. Desse medlemene meiner det er viktig med konstruktivt samarbeid mellom frivillige organisasjonar og offentlege etatar for å stimulere til fortsatt stor frivillig innsats i arbeidet for barn og unge - og også i kulturarbeidet.
Desse medlemene er kjende med at store refusjonskrav frå politiet for vakthald ved arrangement gjer at interessa for å setje i gang ulike arrangement minkar. Fleire arrangørar har opplevd at overskotet ved arrangement i si heilheit har gått til politivakthald og ikkje til å styrke økonomien i laget. Det viser seg òg at det er svært ulik praksis både når det gjeld i kva for tilfelle det skal krevjast refusjon og kva for oppgåver det skal reknast refusjon for. Desse medlemene meiner difor det er nødvendig med nærare retningsliner for å få lik praksis i alle politidistrikt.
Desse medlemene vil streke under at forslaget i Dok.nr.8:28 (1996-1997) ikkje er eit generelt forbod mot å krevje refusjon for politioppsyn ved arrangement. Desse medlemene meiner at det ikkje er motsetnad mellom fleirtalet sitt sitat frå Innst.O.nr.44 (1994-1995) og forslagsstillarane til Dok.nr.8:28 (1996-1997) sitt ynskje om spesielt å stimulere til frivillig innsats for barn og unge og kulturarbeid. Offentleg tilskot til mange lag og organisasjonar som engasjerer seg på desse områda er langt frå nok til å drive arbeidet. Når så mykje av dette arbeidet avheng av frivillig innsats og inntekter frå ulike arrangement, bør ikkje det offentlege legge store utgifter på arrangement som har som hovudformål å skaffe nødvendige driftsmidlar til desse formåla. Dette arbeidet er viktig med tanke på å gi barn og unge sunne interesser og er ein viktig del av førebyggjande arbeid.
Desse medlemene fremmer følgjande forslag:
« Stortinget ber Regjeringa gjennomgå retningslinene for refusjon ved politivakthald, og eventuelt fremme forslag om lovendring, slik at politivakthald i hovudsak blir gratis ved arrangement som skal gi inntekt til frivillig arbeid blant barn og unge eller til frivillig kulturarbeid, og med sikte på å få ei einsarta praktisering av refusjonsordninga over heile landet. »