Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

       EU oppretta i 1991 eit tidsavgrensa støtteprogram for utvikling av den audiovisuelle industrien i Europa under namnet Media. Målsettinga for programmet var å fremja europeisk filmproduksjon og visning av europeiske program. Programmet var ei prøveordning. Noreg har teke del i Media-programmet, og dette samarbeidet har vore forankra i EØS-avtalen, artiklane 78 og 79, jf. protokoll 31 artikkel 9.

       Ved avslutninga av Media i 1995 var det eit ønske frå film- og fjernsynssektoren at EU skulle vidareføre ei støtteordning for den audiovisuelle sektoren. Dette vart gjennomført i 1995 under namnet Media II. Det overordna målet for Media II-programmet er å medverke til å skape ein sterkare felles europeisk marknad for audiovisuelle tenester. Programmet skal òg supplere nasjonale og regionale tiltak i EØS-området. Programmet legg vekt på behov i land og regionar som har låg produksjonskapasitet og/eller avgrensa språkleg og geografisk nedslagsfelt. Programmet legg òg vekt på omsynet til uavhengige produsentar og distributørar, behovet for å styrke konkurranseevna til europeisk audiovisuell industri og omsynet til den europeiske kulturarven.

       Media II har vore i funksjon frå 1. januar 1996 og skal vere operativ ut år 2000. Budsjettet for programmet er for desse fem åra 310  mill. ecu, fordelt på 265  mill. ecu til distribusjon og utvikling og 45  mill. ecu til utdanning. Støtte til utvikling og distribusjon vert i hovudsak gjeve som lån, medan støtte til opplæring vert gjeve som tilskot. Støtten kan dekke inntil 50 % av dei prosjekterte kostnadene. Programmet har tre satsingsområde: utvikling, distribusjon og utdanning.

       Drøftingane mellom EU og EFTA om EØS-landa si deltaking i Media II har teke lenger tid enn venta. Noreg har i 1996 delteke på uformell basis i programmet, noko som inneber at det er betalt kontingent for 1996. Den norske audiovisuelle bransjen har difor hatt høve til å søkje om tilskot frå fondet.

       EØS-komiteen vedtok 29. november 1996 å endre artikkel 9 i protokoll 31 til EØS-avtala. Denne endringa gjer det mogeleg for EFTA-landa å delta i Media II. Fordi deltaking i programmet inneber at Noreg vert folkerettsleg bunde til å betale tilskot til EU sitt budsjett i åra framover, er det naudsynt å innhente Stortinget sitt samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak.

       Eit særtrykk av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 70/96, Rådsvedtak av 10. juli 1995 og Rådsvedtak av 22. desember 1995 fylgjer som trykt vedlegg til proposisjonen.