Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1. Samandrag

       Departementet legg i meldinga fram ein finansieringsplan for dei utgiftene kommunane har til lærebøker som følgje av nytt læreplanverk for 2.-10. klasse. Når det gjeld lærebøker til 1. klasse/førskulen, er desse rekna med i den årlege driftskompensasjonen til kommunane.

       Kommunane må i åra 1997-99 skifte ut lærebøker for 2.-10. klassetrinn. På bakgrunn av meirutgiftene til dette, ga Stortinget under salderinga av budsjettet for 1997 ei tilleggsløyving på 300 mill. kroner, og løyvde i alt 352 mill. kroner til lærebøker for 1997. Departementet føreset at denne løyvinga går inn som ein del av finansieringa av kommunane sine totale meirutgifter til lærebøker. Ut frå dette og ut frå opplegget for innføring av læreplanen i dei ulike klassetrinna i reformperioden, vil det ikkje vere behov for nye lærebokløyvingar til kommunane i 1998, medan det i 1999 vil bli overført 180 mill. kroner. Dei neste to åra reknar departementet med eit redusert behov for utskifting av lærebøker og føreset eit trekk i rammetilskottet til kommunane på 147 mill. kroner for kvart av åra 2000 og 2001. 28 mill. kroner, eller 30 % av det departementet reknar med at kommunane har hatt i mindre utgift til lærebøker i åra 1995 og 1996, blir òg trekt frå i departementet sitt opplegg for finansiell handtering av utgiftene til lærebøker i innføringsperioden for nytt læreplanverk 1997-99.

       I 1997 vil det vere 2., 5. og 8. klassesteg som får ny læreplan. Departementet legg opp til å fordele lærebokmidlane til kvar kommune ut frå talet på born i desse aldersgruppene i 1997. Regjeringa føreset at denne finansieringsplanen gjer kommunane i stand til å oppfylle dei krava til lærebøker som følgjer av lov, og legg ikkje opp til ei særskild oppfølging av dette.

       Departementet gjer i meldinga greie for status for tilrettelegginga av skulelokale til seksåringar i samband med Reform 97, jf. Innst.S.nr.77 (1996-1997). Departementet er nøgd med det omfattande arbeidet som er gjort i dei aller fleste kommunane for å legge skulelokale til rette. Etter dei opplysningane departementet har henta inn frå kommunane om status pr. 20. januar 1997, vil 89 % av alle seksåringane vere i permanente lokale når skuleåret 1997-98 tek til. For 42 % er lokala ferdige pr. 20. januar 1997, for 27 % har ein starta utbygging eller tilpassing, for 20 % er slik utbygging eller tilpassing vedteke, men ikkje starta. Departementet vil hente inn informasjon om framdrifta i mai/juni 1997.

       10 % av alle seksåringane vil vere i mellombelse lokale ved skulestart. Dei fleste av dei kommunane dette gjeld, reknar med at dette raskt vil endre seg etter kvart som byggearbeidet vert ferdig i løpet av skuleåret 1997-98. Departementet vil gjennom Statens utdanningskontor vurdere om desse mellombelse lokala er akseptable fram til dei skal tilpassast eller bytast ut med nye. Dette arbeidet vil bli avslutta innan juni 1997.

       23 kommunar vil departementet følgje opp særskilt. Desse har pr. 20. januar 1997 ikkje avklart skulelokala til alle elevar i 1. klasse/førskulen. Dette gjeld 600 seks­åringar eller 1 % av alle seksåringane.