Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

       Meldinga gjev ei brei oversikt over Europarådet si verksemd og Noreg si deltaking i rådet sitt arbeid på regjeringsplan i 1996.

       Vedlegg 1 til meldinga inneheld ei oversikt over nye konvensjonar og avtalar, Europarådet sitt budsjett og Noreg sin del av budsjettet for 1995 og eit oversyn over rekommandasjonar og resolusjonar til medlemslanda vedtekne av Komiteen av faste representantar i 1996. Vedlegg 2 inneheld ei oversikt over medlemslanda i Europarådet i 1996.

       Når det gjeld det politiske samarbeidet vert det i meldinga opplyst at Ministerkomiteen sine to møte i 1996 fann stad 3. mai (98. sesjon) og 7. november (99. sesjon). Den 98. sesjonen sine hovudtema var demokratisk tryggleik i Bosnia-Hercegovina og Europarådet si tilpassing for å møte utfordringane i det nye Europa. Frå norsk side la ein særleg vekt på gjennomføringa av overvakingsmekanismen og samanslåinga av Menneskerettsdomstolen og -kommisjonen. Hovudsaker på den 99. sesjonen var demokratisk tryggleik etter utvidinga av medlemskrinsen samt Europarådet sitt andre toppmøte i 1997. Frå norsk side la ein mellom anna vekt på ein omtale av den første gjennomgangen av etterlevinga av medlemskapspliktene samt Europarådet si rolle for å hjelpe konsolideringa av europeiske normer i dei tidlegare kommunistlanda.

       Det vert vidare opplyst at Europarådet i 1996 vart utvida frå 38 til 40 medlemer. Opptaket av Russland som medlem 28. februar gjorde 1996 til eit merkeår i Europarådet si historie. 6. november 1996 vert Kroatia medlemsland nummer 40. Europarådet omfattar såleis omlag 750 millionar innbyggjarar og dekkjer det aller meste av Europa. Ingen andre europeiske samarbeidsorgan har eit så breitt geografisk nedslagsfelt. Det vert elles opplyst at Armenia, Azerbajdzjan, Georgia, Bosnia-Hercegovina og Kviterussland har søkt om medlemskap.

       Kor mykje Europarådet har fått å seie er òg reflektert i det faktum at USA, Canada og Japan fekk observatørstatus i Rådet i 1996. På bakgrunn av den store utvidinga av medlemskrinsen dei seinare åra, vert det opplyst at Komiteen for faste representantar i 1996 la stor vekt på arbeidet med ei vidare oppfølging av samarbeidsprosedyren for å overvake at medlemslanda etterlever medlemspliktene. Prosedyren går mellom anna ut på at Generalsekretæren annankvart år skal leggje fram ein rapport om gjennomføringa av dei pliktene medlemslanda har teke på seg. Den første rapporten, som handla om ytringsfridom, kom hausten 1996. Arbeidet med den såkalla overvakingsmekanismen vil bli vidare utvikla i 1997.

       Om samarbeidet med EU vert det opplyst at det i 1996 vart halde eitt firepartsmøte 23. oktober 1996. På møte av denne karakteren deltek frå Europarådet si side formannen for Ministerkomiteen og Generalsekretæren og frå EU-sida ein representant frå presidentskapet og ein frå Kommisjonen. Dei to organisasjonane hadde eit nært samarbeid om demokratibygging i Russland og Ukraina samt saker innan kultur og utdanning.

       I oktober 1995 vedtok Komiteen av faste representantar å etablere ei arbeidsgruppe for å drøfte korleis sambandet mellom EU og Europarådet kan styrkast og i denne samanhengen vurdere revisjon av samarbeidsavtala av 1987. Arbeidsgruppa møttest regelmessig i 1996 under norsk leiing.

       Om samarbeidet med OSSE vert det opplyst at OSSE og Europarådet i 1996 heldt eitt høgnivåmøte med deltaking av dei to organisasjonane sine formenn og generalsekretærar. Sentrale spørsmål var koordinering av dei to organisasjonane sitt arbeid for å fremje demokrati, respekt for menneskerettane og rettsstatsprinsippa.

       På bakgrunn av eit norsk forslag vart OSSE og Europarådet samde om å halde eit felles ekspertmøte i første kvartal av 1997 for å drøfte dei to organisasjonane sine mekanismar for å overvake medlemslanda sine plikter.

       Om Europarådet sitt engasjement i det tidlegare Jugoslavia går det m.a. fram av meldinga at Europarådet vedtok å setje i gang ulike tiltak for atterreising og styrking av demokratiske institusjonar på tidlegare jugoslaviske område, med hovudvekt på Bosnia-Hercegovina. Tiltaka omfatta m.a. etablering av eit Menneskerettskammer for Bosnia-Hercegovina, førebuing av parlamentsvala, assistanse i samband med repatriering og utarbeiding av ny grunnlov.

       Det vert vidare opplyst at Europarådet sitt andre toppmøte vil finne stad i Strasbourg 10. - 11. oktober 1997, etter invitasjon frå Frankrike.

       Når det gjeld menneskerettar og demokratibygging vert det opplyst i meldinga at Den europeiske Menneskerettskommisjonen i 1996 mottok 12 142 klager om brot på Menneskerettskonvensjonen mot ca 10.000 i 1995, og registrerte 4 758 klager for vidare handsaming. Dei fleste klagene kom frå Frankrike, Italia, Storbritannia, Polen og Tyskland. Det var i 1996.271 klager frå tyrkiske statsborgarar, mot 130 i 1994 og 193 i 1995. Kommisjonen tok imot 57 klager frå norske borgarar mot 34 i 1995. 20 av desse klagene vart registrerte for vidare handsaming. Til samanlikning mottok kommisjonen 374 klager frå svenske borgarar og registrerte 169 for vidare handsaming. Frå danske borgarar mottok kommisjonen 147 klager og registrerte 38 for vidare handsaming.

       Den europeiske Menneskerettsdomstolen fekk i 1996.165 saker til handsaming, og avsa 126 dommar mot 87 i 1995. Ingen norske saker vart godtekne for handsaming av Menneskerettsdomstolen i 1996. Det fall dom i to norske saker i 1996 (Botten mot Noreg og Johansen mot Noreg). Det vart halde muntleg høyring i ei norsk sak i 1996 (Eriksen mot Noreg).

       Komiteen for faste representantar vedtok resolusjonar i 676 menneskerettssaker i 1996, mot 86 i 1994 og 451 i 1995. 579 av sakene var individuelle klagesaker mot Italia, 22 mot Frankrike, 19 mot Austerrike, 10 mot Portugal, 7 mot Storbritannia, 6 mot Nederland, 5 mot Finland, 4 mot Belgia, 3 mot Sveits, Hellas og Tyrkia, 2 mot Tyskland, Luxemburg og Danmark samt 1 mot Irland.

       Det blir vidare opplyst at protokoll nr. 11 til Den europeiske menneskerettskonvensjonen som fastset ei samanslåing av Domstolen og Kommisjonen for å forenkle og effektivisere arbeidet med menneskerettane, ved utgongen av 1996 var ratifisert av 29 land, mellom dei Noreg. Protokollen trer i kraft eitt år etter at 31 land har ratifisert.

       Om Europarådet si satsing på demokratibygging i Sentral- og Aust-Europa vert det opplyst at den i stor grad er kanalisert gjennom samarbeidsprogramma Demosthenes, Demosthens-bis, Tehmis og Lode. Dei to sistnemnde blir gjennomførte i samarbeid med EU.

       Europarådet gjennomførte i 1996 ei rekkje større og mindre prosjekt i mottakarlanda, i form av kurs, seminar, studiereiser, eksperthjelp og liknande. Europarådet brukte om lag FF 42 millionar på prosjektsamarbeidet i 1996. I tillegg kom store tilskot frå EU og ulike bilaterale tilskot.

       Det vert opplyst i meldinga at Den europeiske kommisjonen for demokrati gjennom lovgjeving (Venezia-kommisjonen) i 1996 gav assistanse i arbeidet med reform av grunnlova og andre sentrale lover i Albania, Armenia, Azerbajdzjan, Kviterussland, Bosnia-Hercegovina, Kroatia, Georgia, Italia, Latvia, Moldova, Russland, Sør-Afrika og Ukraina.

       Det vert vidare i meldinga gjort greie for det mellomstatlege samarbeidet på hovudområde som menneskerettar og likestilling, juridisk samarbeid, sosiale spørsmål, arbeidsspørsmål, utdanning, kultur, media og idrett, ungdom, miljøsaker, regionalt og kommunalt samarbeid og dyrevern.

       Det vert opplyst at Europarådet sitt ordinære budsjett i 1996 var på FRF 875 millionar. Det norske tilskotet til dette var FRF 10.255.908. Medrekna finansiering av pensjonar og ulike delavtalar som Noreg er med i, var det norske tilskotet i 1996 på til saman FRF 12.477.249. I tillegg kom det norske tilskotet til Ungdomsfondet og til Fondet for kinematografisk og audiovisuell produksjon i Europa. Det ordinære budsjettet for 1997 som vart vedteke i desember 1996 av Komiteen av faste representantar, var på FRF 978 millionar, ein nominell auke frå 1996 på vel 11 %.