Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Komiteen sine merknader

       Komiteen viser til at tilhøva må leggjast til rette for at tenestemenn i politi- og lensmannsetaten skal kunna setjast inn i naudsynt politiarbeid heile døgeret. Komiteen er einig i at det er viktig å unngå ein reduksjon av politiinnsatsen på prioriterte område, og at det difor er naudsynt å auka løyvinga til politi- og lensmannsetaten. Komiteen viser elles til sine merknader i Innst.S.nr.147 (1996-1997).

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Arbeidarpartiet, viser til sitt forslag i Innst.S.nr.147 (1996-1997), og gjer framlegg om at proposisjonen vert lagt ved protokollen.

       Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet stør framlegget om ein auke på kap. 440 med 150 millionar kroner, med slik inndekning som det er gjort greie for i proposisjonen.