1. Samandrag
Dokumentet inneheld dette forslaget:
« Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om dekning av investeringskostnader knyttet til grunnskolereformen for kommuner som av ulike årsaker har merutgifter til investeringer, som de ikke har fått kompensasjon for. »
Forslagsstillarane syner til Innst.O.nr.36 (1993-1994) der fleirtalet, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, streka under at kommunesektoren skal ha full dekking av dei meirutgiftene til m.a. investering som 6-års reformen fører med seg.
Manglande kompensasjon gjeld kommunar som har:
- | språkdelte klasser i t.d. samisk, som fører med seg behov for ekstra klasserom til undervisninga |
- | kommunar som får auka behov for undervisningsrom i 1998-99 som følgje av reformen |
- | fådelte og udelte skular som har behov for investeringar for å tilpasse klasserom til den nye grunnskolepedagogikken |