1. Innledning
Til Stortinget.
EØS-komiteen sitt vedtak nr. 54/96 av 4. oktober 1996 gjeld innlemming i EØS-avtala av tre folkehelseprogram: Handlingsprogrammet for helsefremjande tiltak, helseopplysning, helseutdanning og helseopplæring, handlingsplanen for kampen mot kreft og handlingsprogrammet for førebygging av AIDS og visse andre smittsame sjukdommar.
Dei tre folkehelseprogramma vart skipa ved avgjerder i Europaparlamentet og Rådet 29. mars 1996, og gjeld for tidsrommet 1. januar 1996 til 31. desember 2000.
Handlingsprogrammet for helsefremjande tiltak, helseopplysning, helseutdanning og helseopplæring har som mål å
- | styrkje helsefremjande sider ved helsepolitikken til medlemsstatane, |
- | oppmuntre til ein livsstil og ei åtferd som gagnar helsa, |
- | formidle kunnskap om risikofaktorar og om tilhøve som gagnar helsa, |
- | leggje tilhøva til rette for eit tverrsektorielt og tverrfagleg samarbeid for helsefremjande tiltak ved å ta omsyn til dei sosio-økonomiske faktorane og det fysiske miljøet som er viktige for helsa til individet og til folkesetnadsgrupper, særleg for dei gruppene som er dårlegast stilte. |
Den finansielle ramma for gjennomføringa av dette programmet er 35 millionar ecu for tidsrommet 1996-2000.
Handlingsplanen for kampen mot kreft har som mål å
- | hindre for tidleg død som følgje av kreft, |
- | redusere dødstala og sjukdomstala som følgje av kreft, |
- | fremje livskvaliteten ved å betre den allmenne helsesituasjonen, |
- | minske dei økonomiske og sosiale følgjene av kreft. |
Den finansielle ramma for gjennomføringa av denne planen er 64 millionar ecu for tidsrommet 1996-2000.
Handlingsprogrammet for førebygging av AIDS og visse andre smittsame sjukdommar tek m.a. sikte på å medverke til ein nedgang i dødstala og sjukdomstala, og til å avgrense smittefaren ved AIDS og visse andre smittsame sjukdommar. Programmet er ei vidareføring av tidlegare innsats under programmet « Europa mot AIDS ».
Den finansielle ramma for gjennomføringa av dette programmet er 49,6 millionar ecu for tidsrommet 1996-2000.
Det samla norske tilskotet for tidsrommet 1996-2000 til dei tre folkehelseprogramma er rekna til om lag 25 millionar kroner.
Etter Regjeringa sitt syn er det viktig for Noreg å ta del i det europeiske samarbeidet som vert utvikla innan folkehelsa. Samanlikna med andre statar i Europa ligg Noreg langt framme på fleire område, som t.d. overvaking og førebygging av kreft og smittsame sjukdommar. Dette kan kome andre statar til gode. Likeeins kan Noreg dra nytte av røynslene som er gjorde i andre statar, og få nye impulsar med omsyn til helseopplysning, helseutdanning, vern mot smittsame sjukdommar, førebygging av kreft, m.v. Ei norsk deltaking i folkehelseprogramma vil gje innsikt i EU sitt arbeid på dette området, og vil kunne påverke EU sine prioriteringar, retningslinjer og tiltak.
Komiteen har ingen merknader.
Eit utkast til innstilling har vore lagt fram for utanrikskomiteen. I brev av 19. februar 1997 frå utanrikskomiteen seies:
« Utanrikskomiteen har ingen merknader og sluttar seg til utkastet til innstilling. » |