Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

2. Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Olav Akselsen, Vidar Brynsplass, Anne Helen Rui og Ane Sofie Tømmerås, frå Senterpartiet, Tor Nymo og Jorunn Ringstad, fra Høgre, Arild Hiim og Anders C Sjaastad, frå Sosialistisk Venstreparti, lederen Lisbeth Holand, frå Kristeleg Folkeparti, Anita Apelthun Sæle og frå Framstegspartiet, Jan Simonsen, har lagt framlegget i Dok.nr.8:113 (1995-1996) fram for justisministeren som har avgitt uttale i saka i brev av 11.  desember 1996.

       Komiteen viser til at framlegget gjeld innføring av ei lovfesta plikt for selskap som driv ei særskild form for verksemd, til å opplyse kven som er selskapa sine oppdragsgjevarar. Framlegget omfattar både ei generell opplysingsplikt i samband med årsrapporten og ei plikt til å gje informasjon på direkte førespurnad.

       Komiteen vil innleiingsvis peike på at det er legitimt og ein viktig del av vårt demokrati, at ulike grupper får leggje fram sitt syn på ulike saker i den politiske avgjerdsprosessen. Innspel frå ulike interessegrupper, verksemder og einskildpersonar kan vere ei viktig informasjonskjelde for politiske styresmakter når avgjerder skal takast.

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene fre Arbeidarpartiet, Hxgre og Framstegspartiet, kan og sjå at det kan finnes problem knytta til den typen verksemd som framlegget omtalar. Både Storting og Regjering bør difor følgje utviklinga innanfor dette området.

       Fleirtalet kan likevel ikkje sjå at det er behov for særlege lover på dette området no. Det vil heller ikkje reint lovteknisk vere lett å finne fram til konkrete og effektive tiltak som imøtekjem intensjonane i framlegget.

       Fleirtalet har mellom anna store vanskar med å avgrense regelverket slik at ein finn presise reglar for kva for selskap som skal falle inn under eit eventuelt regelverk. Det er til dømes ikkje alle selskap som pliktar å gje årsmelding. Etter fleirtalet sitt syn kan forslaget lett støyte an mot prinsipp som til dømes ytringsfridom og media sitt vern om sine kjelder.

       Fleirtalet vil og vise til straffeloven §  273 som gjer det straffbart å spreie « uriktige eller villedende opplysninger for e pevirke priser pe varer, verdipapier eller andre gjenstander ».

       Fleirtalet vil og peike på ein del prinsipielle tilhøve når det gjeld å be Regjeringa om å utarbeide reglar som har som føremål å avgrense den informasjonen og dei innspela Stortinget skal få. Fleirtalet er ikkje ukjent med at ulike interessegrupper fremmer sine standpunkt til Stortinget i ein form som kan seiast å vere prega av dei interessene dei står for. Fleirtalet kan heller ikkje sjå noko prinsipielt galt med dette. Det må vere ei plikt for Stortinget sine eigne representantar å prøve dei opplysningane som blir fremma opp mot andre opplysningar.

       Fleirtalet vil på dette bakgrunn avvise framlegget.

       Komiteen sine medlemer fre Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti er svært kritisk til den utviklinga vi no ser, der skjult påverknad gjennom profesjonelle informasjonsrådgjevarar spreier om seg, og der også offentlege styresmakter i form av departement og statlege etatar, nyttar informasjonsrådgjevarar for å få gjennomslag for ulike saker. Desse medlemene ser òg alvorleg på dei påstandane som er komne fram i det siste om at profesjonelle informasjonsrådgjevarar spreier villeiande opplysningar for å påverka politiske og administrative styresmakter eller private aktørar sin handlemåte, aksjekursar m.m.

       Komiteen sine medlemer fre Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti viser til at framlegget går ut på at alle selskap der delar av eller heile verksemda går ut på å drive informasjonsrådgjeving, skulle ha plikt til å ta inn i årsmeldinga ei liste over alle oppdragsgjevarar gjennom året. Vidare skal dei ha plikt til å oppgje namnet på oppdragsgjevarane til ei kvar tid gjennom året. Desse medlemene ser fleire vanskar med ein slik regel. For det første kan det vere grunn til tvil om kva for selskap som vil falle inn under dette. Regelen måtte vidare avgrensast til selskap som har plikt til å gje årsmelding. Ein bør ikkje utvide plikta til å gje årsmelding til å omfatte alle selskap og næringsdrivande, og ein særregel for selskap som driv informasjonsrådgjeving kan ein vanskeleg ha på dette feltet.

       Det er i dag ikkje plikt for selskap til å gje informasjon om kven dei har som kundar, og slik informasjon vil ofte bli oppfatta som forretningsløyndomar. Ei generell plikt til å opplyse om kundar vil kunne få uheldige konkurransemessige verknader for selskap som gjennom ein slik regel skulle bli pålagt opplysingsplikt. Framlegget fangar ikkje opp alle informasjonsrådgjevarar, t.d. konsulentar som driv enkeltmannsføretak, advokatar m.m. Ein regel som berre rettar seg mot selskap vil kunne føre til at slik verksemd vert organisert på annan måte, og at kundane søkjer til dei som ikkje fell inn under opplysningsplikta. Ein kan heller ikkje sjå bort frå at slik verksemd ville verte lagd til selskap registrert i utlandet, som ikkje ville falle inn under dei norske reglane, sjølv om dei har norske kundar.

       Desse medlemene meiner difor at framlegget ikkje vil vere eit tenleg og tilstrekkeleg verkemiddel til å få bukt med den uheldige utviklinga i bruk av informasjonsrådgjevarar. Desse medlemene er likevel av den oppfatning at det er trong for auka offentleg innsyn i bruk av informasjonsrådgjevarar, og vil difor be Regjeringa leggje fram for Stortinget eigna tiltak for å oppnå dette. Desse medlemene meiner òg det er trong til å vurdere reglar som rammar den som « plantar » opplysningar i media eller overfor offentlege styresmakter for å fremja eigne eller oppdragsgjevaren sine interesser på ein utilbørleg måte. Desse medlemene vil be Regjeringa leggje fram for Stortinget eigna tiltak for dette som omfattar både oppdragsgjevar og oppdragstakar.

       Komiteen sin medlem fre Sosialistisk Venstreparti stør intensjonen i det forslaget som er lagt fram i dokumentet. I eit demokrati er det viktig at folk kan ha innsyn i kven som påverkar beslutningstakarane. Auka innsyn i kven som driv informasjonsrådgjeving og kven som har nytta slike rådgjevarar, vil gje eit meir fullstendig bilete av den prosessen som ligg til grunn for eit vedtak. Dette vil bidra til ein meir open debatt og til å identifisere dei reelle aktørane i debatten.

       Denne medlemen har merka seg innvendinga om at framlegget slik det nå ligg føre ikkje får med alle verksemder fordi ikkje alle har plikt til å sende inn årsrapportar. Denne medlemen meiner det difor bør vurderast ei meir omfattande ordning slik at kravet om innsyn vil gjelde alle som driv informasjonsverksemd. Av dei framlegga som bør vurderast er ei eiga registreringsordning for slike verksemder. Ei eiga registreringsordning vil og gjere det enklare å følgje opp framlegget om at selskapa skal vere pliktige til å oppgje sine oppdragsgjevarar på direkte førespurnad, jfr framlegget pkt. 2. Denne delen av framlegget er viktig fordi det gjev ein meir effektiv kontroll med verksemdene.

       Denne medlemen fremmer følgjande forslag:

       « Dok.nr.8:113 (1995-1996) - forslag fra stortingsrepresentant Kristin Halvorsen om åpenhet omkring informasjonsrådgivning - vert å oversende Regjeringa til uttale og utgreiing. »