Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

       Stortingsrepresentant Kristin Halvorsen har den 24.  september 1996 sett fram følgjande framlegg:

«1. Stortinget ber Regjeringa legge fram forslag til endring av selskapslovgivningen med sikte på å pålegge selskaper hvor deler av, eller hele, virksomheten går ut på å gi råd til bedrifter, organisasjoner og offentlige myndigheter om kommunikasjon og myndighetskontakt, full åpenhet om hvem som er deres oppdragsgivere i form av en oversikt i forbindelse med årsrapporten.
2. Stortinget ber Regjeringa legge fram forslag om at disse selskapene til enhver tid skal være pliktige til å oppgi sine oppdragsgivere på direkte forespørsel. »

       I grunngjevinga for framlegget heiter det m.a. at medan tradisjonell lobbyverksemd vert kjenneteikna av at profesjonelle lobbyistar fremmer saker på vegne av sine oppdragsgivarar, så er situasjonen i Noreg i hovudsak slik at informasjonsrådgjevarane opptrer som bakspelarar medan oppdragsgjevarane sjølv har den direkte kontakten med politikarar og massemedia. Dei demokratiske problema oppstår når forsøka på påverknad gjennom betalte informasjonsrådgjevarar går føre seg i det skjulte. Det er òg eit demokratisk problem at det i stor grad er økonomisk ressurssterke organisasjonar som har råd til å kjøpe profesjonell påverknadshjelp. Det er såleis naudsynt at denne verksemda blir meir open.

       Det mest hensiktsmessige vil etter forslagsstillaren sitt syn vere å krevje at lobbyistane eller informasjonsrådgjevarane skal oppgi kven dei har som oppdragsgjevarar. Det kan gjerast ved at selskapet må oppgi alle sine oppdragsgjevarar i samband med årsrapporten. Selskapa bør òg ha plikt til å oppgje sine oppdragsgjevarar på førespurnad til einkvar tid. I USA finst det strenge registreringsordningar for lobbyistar, men det er neppe praktisk i Noreg. Lovendringa bør difor vere generell og omfatte selskap der delar av eller heile verksemda går ut på å gje råd til verksemder, organisasjonar og offentlege styresmakter om kommunikasjon og kontakt med styresmaktene. I praksis vil dette omfatte PR -og informasjonsbyrå og reklamebyrå.