9. Finansieringa av staten i 1995
9.1 Samandrag
Statens likvide stilling har i 1995 vore god. Kontantbehaldninga auka gjennom året fordi langsiktig og netto kortsiktig opplåning var høgare enn brutto finansieringsbehov (som i 1995 var negativt).
Tabellen nedanfor viser faktorane bak statens lånebehov og korleis dette har vorte dekt.
Tabell 9.1 Statens lånebehov og dekkinga av dette. Mill. kroner
1995 | |
Overskot før lånetransaksjonar | 2.093 |
Utlån til statsbankane, andre utlån, aksjeteikning o.a. netto | -15.030 |
Gjeldsavdrag på langsiktige innanlandske og utanlandske statslån | 12.806 |
Brutto finansieringsbehov | -4.317 |
Dette vart dekt på følgjande måte: | |
Opptak av langsiktige lån innanlands, pålydande beløp1 | 28.500 |
Opptak av utanlandslån | 0 |
Opptak av kortsiktige lån, netto | -11.582 |
Endring i statens kontantbehaldning | 22.642 |
Nedgang i behaldningar hos rekneskapsførarane i staten, | |
overkurs/underkurs på statsobligasjonslån, endringar i | |
forskottsbetalingar, depositokonti o.a korrigert for | |
omvurderingar | 1.407 |
1 | Ikkje justert for netto underkurs på 817 mill. kroner, jf siste linje i denne oppstillinga. |
Kjelde: Finansdepartementet
I 1995 vart det teke opp langsiktige innanlandske obligasjonslån på til saman 21 mrd. kroner (pålydande beløp). Dessutan plasserte Folketrygdfondet netto langsiktige kontolån til statskassen på 7,5 mrd. kroner (pålydande beløp). Behaldninga av kortsiktige lån vart redusert med i underkant av 12 mrd. kroner. Staten utferda grunnkjøpsobligasjonar for om lag 0,1 mill. kroner i 1995. Tabellen nedanfor gir ei oversikt over statens låneopptak innanlands i åra 1990-1995.
Tabell 9.2 Statens låneopptak innanlands 1990-1995 (mill. kroner)
1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | ||
I | Langsiktige lån | 0 | 17.500 | 18.500 | 53.800 | 20.500 | 28.500 |
a) Ordinære obligasjonslån | 0 | 12.000 | 14.000 | 42.000 | 16.000 | 21.000 | |
b) Langsiktige kontolån | 0 | 5.500 | 4.500 | 11.800 | 4.500 | 7.500 | |
II | Grunnkjøpsobligasjonslån | 133 | 143 | 48 | 15 | 0 | 0 |
III | Kortsiktige lån (netto) | 1.750 | 7.585 | -1.913 | 29.639 | -15.278 | -11.582 |
a) Statskassevekslar | 0 | -450 | 0 | 0 | 0 | 0 | |
b) Statssertifikat | 508 | 2.975 | 5.592 | 13.680 | -11.478 | -1.500 | |
c) Kontolån og inneståande | |||||||
frå fond under offentlig | |||||||
forvaltning | 1.242 | 5.060 | -7.505 | 15.959 | -3.800 | -13.082 |
Det er i meldinga gjort nærare greie for innanlandsk statsgjeld i 1995.
Ved vedtak 21. desember 1995 gav Stortinget Finansdepartementet fullmakt til å ta opp nye statslån i utlandet til eit beløp svarande til 10.000 mill. kroner, rekna etter valutakursane 30. september 1994. Det vart ikkje teke opp lån under denne fullmakta i 1995. Rekna etter valutakursane 31. desember 1995 var den utanlandske statsgjelda 61,4 mrd. kroner ved utgangen av 1995.
29 % av statens utanlandsgjeld ved utgangen av 1995 var knytt til utviklinga i interbankrenta, medan renta for resten av utanlandsgjelda var fast fram til forfall.
Alle lånekontraktene inneheld klausular om at renter og kapitalbeløp skal betalast fullt ut utan at norske skattestyresmakter kan gjere fråtrekk for framtidige skattar i betalingar til utanlandske obligasjonseigarar.
I samsvar med omtalen i lånefullmaktsproposisjonen for 1995, jf. St.prp. nr. 22 (1994-1995), har Noregs Bank og Finansdepartementet frå 1. januar 1995 samordna forvaltninga av statens utanlandsgjeld og Noregs Banks valutareservar. Ein del av Noregs Banks valutareservar (« immuniseringsportefxljen ») er no skilde ut og plassert med ei samansetjing som om lag tilsvarer samansetjinga av statens gjeld. Rente og valutarisikoen ved statens utanlandsgjeld er dermed langt på veg nøytralisert gjennom Noregs Banks plasseringar. Denne sikringa kan bli noko redusert dersom det skulle bli aktuelt å nytte større delar av Noregs Banks valutareservar til intervensjonar. Finansdepartementet har i 1995 inngått valuta- og rentebyteavtalar for å få det gunstigaste forholdet mellom utanlandsgjelda og immuniseringsporteføljen.
Tabell 9.5 i meldinga viser utviklinga for statsgjelda og fordringane til staten. Den innanlandske statsgjelda auka med om lag 7 mrd. kroner frå 1994 til 1995, medan den utanlandske statsgjelda gjekk ned med om lag 6 mrd. kroner. Statens kontantbehaldning vart auka med om lag 23 mrd. kroner i 1995. Statens lån til statsbankane vart redusert med nesten 2 mrd. kroner i 1994, medan andre utlån osv. netto vart redusert med om lag 7 mrd. kroner.
I medhald av stortingsvedtaket 9. april 1991, jf. Innst.S.nr.113 (1990-1991), har Finansdepartementet godkjent bruk av intervensjonsavtalar som Noregs Bank har med EUs sentralbankar, og i medhald av stortingsvedtaket 7. desember 1992 (jf. St.prp. nr. 25 (1992-1993) og Innst.S.nr.71) har Finansdepartementet godkjent bruk av intervensjonsavtalar som Noregs Bank har med nordiske sentralbankar.
Innanfor ramma av vedtaket 7. desember 1992 fekk Finansdepartementet ei beredskapsfullmakt til å ta opp kortsiktige lån i dei internasjonale marknadene innanfor ei samla ramme på 75.000 mill. kroner. Finansdepartementet har ikkje nytta denne fullmakta.
9.2 Merknader frå komiteen
Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende finansieringen av staten i 1995 til orientering.