4. Statens banksikringsfond
4.1 Samandrag
Det er i meldinga gjort greie for organisasjon, leiing og det rettslege grunnlaget for Statens Banksikringsfond.
Statens Banksikringsfond hadde i 1995 eit overskott på 1.090,7 mill. kroner. Hovuddelen av fondinntektene var knytte til vinning ved sal av aksjar i Fokus Bank og Kreditkassen, med til saman 577,2 mill. kroner, og motteke aksjeutbytte på 464,4 mill. kroner. Fondet hadde dessutan renteinntekter frå utlån og plasseringar på til saman 153,4 mill. kroner.
Fondet hadde i 1995 kostnader på til saman 104,3 mill. kroner.
Ved utgangen av 1995 hadde fondet aksjar som i rekneskapen var verdsett til 2.970 mill. kroner. Marknadsverdien på aksjane var på same tid 4.959,9 mill. kroner.
Forvaltningskapitalen til fondet var ved utgangen av 1995 på 4.059,8 mill. kroner. Forretningsbankenes sikringsfond betalte ned gjelda si til fondet i løpet av 1995. Dei likvide midlane til fondet, med unntak av mindre beløp knytte til fordringar og inneståande på driftskonto, er plassert som kontolån til staten. Kontolån til staten utgjorde 1.065,8 mill. kroner ved utgangen av 1995. Fondet førte tilbake til staten 6.969 mill. kroner i 1995. Denne overføringa er ført direkte mot fondet sin eigenkapital.
I Nasjonalbudsjettet for 1995 drøfta departementet kor stort behov for likvide midlar ein meinte at Statens Banksikringsfond kunne ha i tida framover. Etter å ha innhenta merknader frå Statens Banksikringsfond, Kredittilsynet og Norges Bank, konkluderte departementet med at ein likviditet på 1.000 mill. kroner vil gi tilstrekkeleg beredskap for å møte eventuelle betalingsbehov.
Departementet viser til at dei norske bankane har auka eigenkapitalen sin dei seinare åra. Når det er teke stilling til kor omfattande den statlege eigarskapen i Den norske Bank og Kredittkassen bør vere på lengre sikt, kan aksjane som Statens Banksikringsfond (i Den norske Bank), seljast til Statens Bankinvesteringsfond, eller i marknaden. Ved eventuelt sal til Statens Bankinvesteringsfond vil det vere naudsynt med ny løyving til dette fondet.
Fondet har følgt opp Den norske Bank, Kredittkassen og Fokus Bank ved å gå gjennom dei kvartalsvise rapporteringane frå bankane. Fondet har også i 1995 arbeidd med forhold knytte til avvikling av Oslobanken. Oslobanken er no på det næraste avvikla.
Den statlege eigardelen i bankane vart fram til byrjinga av 1995 administrert både gjennom Statens Banksikringsfond og Statens Bankinvesteringsfond. Etter at Stortinget handsama St.meld. nr. 39 (1993-1994) Bankkrisemeldinga, hausten 1994, føreslo Finansdepartementet ved Ot.prp. nr. 33 (1994-1995) visse endringar i lov om Statens Bankinvesteringsfond og lov om Statens Banksikringsfond. Framlegga til lovendringane tok sikte på å tilpasse lovgivinga til dei oppgåver som dei to fonda var tiltenkte i framtida.
Frå departementet si side vart det lagt til grunn at eigardelane som Statens Banksikringsfond har i norske bankar skal vere avgrensa i tid, og at den langsiktige eigarskapen skal forvaltast av Statens Bankinvesteringsfond. I samsvar med dette vart det ved lovendring 23. juni 1995 opna for at Statens Banksikringsfond kan overføre ansvaret for forvaltninga av aksjar til Statens Bankinvesteringsfond. Dette vart gjort i juli same år. Forvaltninga av fondet sine aksjar i Den norske Bank, Kreditkassen og Fokus Bank skjer med grunnlag i ein avtale som dei to fonda inngjekk 12. januar 1995. Avtalen bygger på at det skal vere styret og administrasjonen i Statens Bankinvesteringsfond som har det fulle praktiske og formelle ansvaret for utøvinga av eigarskapen. Statens Bankinvesteringsfond skal mellom anna ta avgjerder om, og fastsetje dei nærare vilkåra for sal av aksjar som forvaltningsoppdraget omfattar. Dette skal skje innanfor rammene av forvaltningsavtalen og lova. Forvaltningsavtalen følgde som trykket vedlegg til Kredittmeldinga for 1994.
I oktober 1995 selde Statens Banksikringsfond 5,5 mill. aksjar i Kredittkassen til Statens Bankinvesteringsfond. I mai 1996 selde Statens Banksikringsfond ein aksjepost på om lag 66 mill. aksjar i Den norske Bank til Statens Bankinvesteringsfond. Begge sala vart gjennomførte til marknadsvilkår.
Salet av statens aksjar i Fokus Bank, Kredittkassen og Den norske Bank er omtalte under kap. 5 i meldinga.
Det vart vedteke i ekstraordinær generalforsamling 16. desember 1993 at Oslobanken skulle oppløysast, og ein valde eit avviklingsstyre som skulle stå for avviklinga av banken.
Det er i meldinga gjort nærare greie for avviklinga av Oslobanken.
4.2 Merknader frå komiteen
Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende Statens Banksikringsfonds virksomhet i 1995 til orientering.