Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

St.meld. nr. 46 (1995-96)

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 109 (1996-1997)
  • Kildedok: Innstilling frå utanrikskomiteen om samarbeidet i Atlanterhavspakta sin organisasjon i 1995.
  • Dato: 29.01.1997
  • Utgiver: utanrikskomiteen
  • Sidetall: 1

Innhold

       I kapittel 1 i meldinga blir det gjort nærare greie for det politiske samarbeidet i Alliansen medan kapittel 2 tek for seg forsvarssamarbeidet.

       I vedlegg 1 til meldinga vert det gjort nærare greie for einskilde spørsmål i det politiske og forsvarsmessige samarbeidet. I vedlegg 2 til meldinga finn ein erklæringar og kommunike frå ministermøta i NATO i 1995. Det ligg òg ved ei liste over aktuelle forkortingar.

       Det vert i meldinga synt til at samarbeidet i Atlanterhavspakta sin organisasjon i 1995 var konsentrert om å vidareføre arbeidet med å tilpassa organisasjonen til dei nye tryggingspolitiske rammevilkåra i Europa.

       Det vert vidare synt til at dei politiske konsultasjonane i 1995 var sterkt prega av hendingar utanfor alliansetraktaten sitt område. Konflikten i det tidlegare Jugoslavia kom gjennom heile året til å prege arbeidet i Rådet og i fleire av komiteane. Mot slutten av året var det særleg diskusjonen om den fleirnasjonale styrken i Bosnia (IFOR) som stod i fokus. Tilhøvet mellom NATO og Russland var òg eit viktig tema for drøftingane innan Alliansen, og frå alliert side har ein vore interessert i å byggje opp eit nært samarbeidsforhold til Russland, både i og utanfor Partnarskap for fred. Spørsmålet om utviding av alliansen har òg stått i fokus for allierte drøftingar dei siste åra, og i 1995 vart det lagt fram ei eiga studie for det vidare arbeidet med dette spørsmålet. Den 20.  oktober 1995 trekte Willy Claes seg som generalsekretær. Den spanske utanriksministeren Javier Solana tiltrådde stillinga som ny generalsekretær 20. desember 1995.

       Samarbeidet med dei tidlegare Warszawapaktlanda i Det nordatlantiske samarbeidsrådet (NACC) var inne i sitt fjerde år i 1995. NACC fungerer som ei ramme kring hyppige konsultasjonar mellom dei allierte og dei nye partnarlanda i ei rekkje komitear òg på fleire nivå. Konsultasjonane om aktuelle politiske saker var i 1995 fokusert på det tidlegare Jugoslavia, Kaukasus, spreiing av masseøydeleggingsvåpen og fredstryggjande verksemd. I tillegg til dei 16 medlemslanda er 23 partnarland med i NACC.

       På utanriksministermøtet i desember 1995 la utanriksminister Godal vekt på at konsultasjonsmekanismen i NACC var viktig for å byggje opp tillit og opne haldningar som kunne førebyggje kriser på eit tidleg stadium. Aktuelle emne for konsultasjonane kunne vere politiske spørsmål som den framtidige tryggleiken på Balkan og regionale samarbeidsorganisasjonar sin innsats for tryggleiken. Godal la vidare vekt på NACC si rolle innanfor miljøtryggleik, særleg gjennom pilotstudia om grenseoverskridande forsvarstilknytta forureining.

       Det vert vidare synt til at Partnarskap for fred (PFP), som vart vedteke på toppmøtet i Brussel 10. og 11.  januar 1994, skal utvikle militære relasjonar mellom partnarlanda og NATO med sikte på felles planlegging, trening og øvingar for å styrke evna til å påta seg oppdrag innanfor fredstrygging, redningsteneste og humanitære operasjonar. På lengre sikt er målet å utvikle styrkar som betre er i stand til å operere saman med styrkane til medlemslanda i Alliansen. Den fleirnasjonale styrken i Bosnia (IFOR) er det første dømet på ein slik operasjon. Til no har 27 partnarland slutta seg til PFP, inkludert Finland og Sverige.

       PARP (Planning and Review Process) er ein forsvarsplanleggingsprosess som vart skipa i 1995 innanfor ramma av PFP. 14 partnarland er med i den første toårssyklusen, og søkjer gjennom denne prosessen å betre sine evner til å samvirke med NATO-landa militært. SOFA-avtala (Status of Forces Agreement) vart lagt ut til underskriving den 19.  juni 1995, og innan utgangen av året hadde 18 NATO- og PFP-land skrive under, deriblant Noreg. Dette er ei avtale som definerer den juridiske status til NATO- og PFP-landa sine militære styrkar under PFP-øvingar. Avtala tok til å gjelde den 13.  januar 1996. Ein vart i 1995 òg samde om ein finansieringsmodell for PFP sine aktivitetar der hovudprinsippet er at partnarlanda i så stor grad som mogeleg skal finansiere si eiga deltaking. Som ledd i arbeidet med ei nærare samordning av NACC og PFP vart det i 1995 opna for fullt medlemskap i NACC for dei PFP-landa som ønskte det, og Slovenia fekk godkjent sitt NACC-medlemskap i januar 1996.

       Det vert i meldinga vist til at utanriksministrane i desember 1994 vedtok å setje i gong ein intern studie i Alliansen om « kvifor » og « korleis » NATO skulle utvidast. Det var ein klar føresetnad at « kven » og « når » ikkje skulle diskuterast på dette stadiet. Studien vart lagt fram hausten 1995 og slår fast at utviding av NATO vil vere eitt element i ein gradvis prosess med auka stabilitet og tryggleik som målsetjing. Utviding av NATO må derfor sjåast i samband med utviding av EU og VEU. Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) er òg ein viktig del av dette bildet. Studien slår vidare fast at det ikkje finst noko fast liste over kriterier som må oppfyllast, men den gjer greie for visse føresetnader for medlemskap. Nye medlemer må vere demokratiske land med sivil kontroll over dei væpna styrkane og må syne vilje og evne til å løyse indre og ytre konfliktar med fredelege middel. Nye medlemer må òg vere budde på å betale for kostnadene ved medlemskap. Studien slår òg fast at Russland er viktig for tryggleiken i Europa og at eit konstruktivt samarbeid mellom Russland og NATO er eit viktig element i dette. Frå alliert side strekar ein derfor under at det er naudsynt å utvikle dette samarbeidet. Men studien slår òg fast at inga utanforståande makt vil ha noko veto eller medavgjerdsrett i utvidingsspørsmålet.

       På utanriksministermøtet i desember 1995 var det semje om at 1996 måtte nyttast til vidare drøftingar og dialog og at tida ikkje var inne til å diskutere kva for land som skulle inviterast og når dette skulle skje. Frå norsk side har ein lagt stor vekt på at den overordna målsetjinga med utviding må vere auka tryggleik og stabilitet i heile det transatlantiske området. Frå norsk side har ein vidare sterkt understreka at utviding ikkje måtte føre til at Alliansen vart militært svekka, og at alle nye medlemer måtte ta del i det integrerte militære samarbeidet.

       Det vert i meldinga i synt til at det er eit overordna mål for dei allierte å engasjere Russland i eit aktivt og konstruktivt samarbeid med NATO, både i og utanfor NACC og PFP. Det har vore semje om at Russland må få ein posisjon i det tryggingspolitiske samarbeidet som reflekterer landet si stilling i Europa, men den russiske motstanden mot planane om utviding av NATO har vanskeleggjort dette. Flankesaka i CFE-avtala og NATO si rolle i Bosnia har òg til tider vore ei påkjenning for tilhøvet mellom NATO og Russland.

       Russland slutta seg til PFP i 1994 og aksepterte det individuelle partnarskapsprogrammet i 1995. Ein dialog vart innleia om korleis det tosidige tilhøvet utanfor og i tillegg til PFP skulle utformast. Målet frå alliert side var å etablere ei formell politisk ramme for tilhøvet, eit eige forum (til dømes ein ståande konsultativ komite) for dei politiske konsultasjonane mellom NATO og Russland. Russland var derimot enno ikkje budd på å formalisere tilhøvet slik ein la opp til frå alliert hald. På den andre sida lukkast det å finne ordningar som gjorde det politisk akseptabelt for russiske styresmakter å delta med militære styrkar i IFOR-operasjonen i Bosnia. Russland tek òg aktivt del i konsultasjonane innanfor NACC- og PFP-ramma, og det vart i løpet av 1995 halde fleire såkalla 16+1-møte. Frå norsk side har ein lagt særs stor vekt på tilhøvet mellom NATO og Russland, og hevda at NATO må utvikla tilhøvet til Russland parallelt med utvidingsprosessen, og med like stor energi.

       Arbeidet med å utvikle konseptet om fleirnasjonale og utskilbare styrkeeiningar (Combined Joint Task Force - CJTF) heldt fram i NATO i 1995. Den franske tilnærminga til NATO-samarbeidet som vart kunngjort på ministermøtet i desember, gjorde arbeidet lettare, men det lukkast ikkje å oppnå full semje mellom dei allierte om organiseringa innan året var omme.

       Det vert i meldinga vist til at Toppmøtet i NATO i 1994 stadfesta VEU (Den vesteuropeiske union) si rolle i utviklinga av NATO sin europeiske pilar. Noreg fekk sitt assosierte medlemskap i VEU formelt godkjent i 1995. Medlemskapen er viktig som ei formell tilknyting til europeisk tryggings- og forsvarssamarbeid, og gir avtalefesta innsyn og høve til påverknad på ein viktig del av den EU-leidde delen av den europeiske integrasjonsprosessen.

       Noreg vart i 1995 tilkopla VEU sitt interne sambandsnett, og vart teken opp som deltakar i VEU sitt romsamarbeid. Noreg fekk òg vere med i VEU sitt formaliserte samarbeid om Opne Luftrom-spørsmål. Frå norsk side vedtok Regjeringa at ein skulle stille styrkar til rådvelde for VEU for planleggingsføremål.

       Det vert i meldinga vist til at det er semje i Alliansen om at det er ein føresetnad for NATO si deltaking i fredstryggjande operasjonar at operasjonane går føre seg med mandat frå FN eller OSSE.

       Den NATO-leia IFOR-operasjonen syner at Alliansen i stor grad har vorte ein aktør for krisehandtering. Alliansen sitt nye tilhøve til FN og OSSE har skapt eit behov for å betre kontakten og kommunikasjonen med desse organisasjonane. NATO har derfor fått ein eigen liasion-offiser ved FN-hovudkvarteret i NEW York, og det er laga rutiner for ei effektiv utveksling av dokument mellom dei to organisasjonane. Det er òg fatta vedtak om at generalsekretæren i NATO kan ha periodiske møte med formannskapet i OSSE eller OSSE sin generalsekretær.

       Alliansen heldt i 1995 fram med å overvake sanksjonane mot Serbia/Montenegro, samt kontrollere at flyforbodet over Bosnia vart etterlevd. Alliansen gav òg UNPROFOR-styrkene nærstøtte med fly for å sikre dei mot direkte åtak slik at dei kunne setje mandatet sitt ut i livet.

       Den 25. og 26. mai gjekk NATO til flyåtak mot bosnisk-serbiske ammunisjonslager i Pale, som følgje av bosnisk-serbisk artillerield mot dei FN-erklærte sikre områda. Etter dette var omlag 370 UNPROFOR-soldater haldne som gissel i meir enn tre veker av dei bosniske serbarane. NATOs utanriksministrar tok på sitt møte i Noordwijk sterk avstand frå desse aksjonane og sa seg reie til å støtte tiltak for å styrke FN sine fredsstyrkar i området. FN ba den 11.  juli om flystøtte for å verne UNPROFOR-soldatene i og kring Srebrenica På den internasjonale konferansen om Bosnia-Hercegovina i London 21.  juli vart det semje om auka internasjonal innsats for å hindre overgrep mot dei sikre områda, samt å gjere UNPROFOR meir robust. Etter at FN konkluderte med at det var « heva over rimeleg tvil » at det var dei bosniske serbarane som var ansvarlege for rakettåtaket mot ein marknadsplass i Sarajevo den 28.  august, starta NATO-fly ein serie med flyåtak mot bosnisk-serbiske militære mål i Bosnia.

       I løpet av hausten 1995 vart den internasjonale diplomatiske innsatsen for å skapa ei fredsløysing i Bosnia trappa opp. Det auka amerikanske diplomatiske engasjementet medverka i særleg grad til at partane valde å samle seg til fredsforhandlingar i Dayton, der ei fredsavtale for Bosnia vart parafert den 21.  november og underskriven i Paris den 14. desember 1995. NATO sine forsvars- og utanriksministrar slutta seg den 5.  desember til det militære planverket for ein NATO-leia styrke som skulle overvake dei militære sidene ved iverksetjinga av Dayton-avtala. Ministrane la særskilt vekt på verdien av russisk deltaking.

       Den NATO-leia fredsoperasjonen « Joint Endavour » i Bosnia er den største militære operasjonen i Europa på 50 år, og er unik på fleire sett. Operasjonen er NATO sin største militære bakke-operasjon nokon gong. Det er òg første gongen Alliansen har bakkestyrkar utplassert utanfor sitt eige område. Vidare er det første gongen NATO arbeider saman med partnarland og andre land utanfor Alliansen i ein felles operasjon.

       Det vert i meldinga vist til at avtala om konvensjonell nedrusting i Europa, CFE-avtala, dei seinaste åra har stått heilt sentralt i NATO sitt arbeid på rustningskontrollfeltet. Fristen for å gjennomføre alle delane av avtala gjekk ut den 17.  november 1995. Den overordna målsetjinga blei nådd. Det oppstod likevel problem med gjennomføringa i nokre av dei austlege landa. Til dømes vedtok kviterussiske styresmakter i februar 1995 av økonomiske årsaker å stogge reduksjonsprogrammet. Aserbajdsjan og Armenia har heller ikkje retta seg etter avtala. Russland gjennomførte dei reduksjonane landet var pålagt. På den andre sida valde russarane å bryte artikkel V i avtala, den såkalla flankeregelen. Frå russisk side har ein hevda at tryggingsssituasjonen i Kaukasus har gjort at styrkenivået i avtala er for lågt. For dei allierte landa har det vore særs viktig å unngå ei endring i sjølve avtaleteksten, sidan det kunne føre til krav om ny ratifikasjon. Dei allierte gjorde derfor eit framlegg om justering av grensene til den russiske flankesona. Noreg ville helst unngå endringar i flankeregimet, men sidan avvising av dei russiske krava kunne føre til at avtala braut saman, valde ein òg på norsk side å gå med på dette framlegget. Det russiske svaret var derimot skuffande. Russland aksepterte i prinsippet at saka kunne løysast gjennom ei endring av kartet, men kravde større område teke ut av flanken. Forhandlingssituasjonen var derfor heilt fastlåst utover hausten.

       Det vert i meldinga vist til at det dei siste åra har gått føre seg ein reduksjon av dei strategiske kjernevåpenarsenala. Denne positive utviklinga heldt fram i 1995. Ein viktig del av dei allierte konsultasjonane om strategiske kjernevåpen har vore å undersøke om dei nye landa i aust har retta seg etter dei inngåtte kjernefysiske nedrustingsavtalene. Dei viktigaste sakene i 1995 var iverksetjinga av START I-avtala og spørsmålet om ratifisering av START II.

       Det vert i meldinga vist til at Alliansen i 1995 heldt fram med arbeidet med ein ny styrkestruktur. Som ei naturleg følgje av dei endra tryggingspolitiske tilhøva i Europa, heldt Allianselanda fram med å redusere og omprioritere forsvarsbudsjetta sine. Som ein konsekvens av dei reduserte nasjonale forsvarsbudsjetta og omprioriteringane, vil det i framtida kunne bli større konkurranse om dei gjenverande forsterkingstyrkane. Dette vil kunne få konsekvensar for Noreg i ein krise- eller krigssituasjon. Såleis varsla Canada på slutten av 1994 at landet ikkje lenger ville bidra til NATO sin samansette styrke som er øyremerka for forsvaret av Noreg.

       Under forsvarsministrane sitt møte i juni 1995 var ein samde i at Partnerskap for fred så langt hadde hatt ei tilfredsstillande utvikling, men samstundes la ein vekt på at det ville vere viktig at samarbeidsaktivitetane kom inn i ei rytme som letta den langsiktige planlegginga av dei felles militære øvingane med NATO.

       Ministrane var samde om at ei mogeleg utviding av NATO ikkje måtte svekke NATO sine kjernefunksjonar og at ei utviding ikkje måtte bli oppfatta som eit trugsmål mot einskilde land. Under møtet i november sa ministrane seg nøgde med konklusjonane frå den interne studien om utviding, men dei var òg samde om at fleire spørsmål kravde vidare utgreiing. Situasjonen i det tidlegare Jugoslavia var eit sentralt tema på båe forsvarsministermøta i 1995.

       Det vart òg halde eit uformelt forsvarsministermøte i Williamsburg i USA i oktober 1995. Forsvarsministrane hadde vidare eit særskilt møte med Russland sin forsvarsminister i november 1995 der dei mellom anna drøfta Partnerskap for fred, CFE-avtala og implementeringa av IFOR. Forsvarsministrane deltok òg på det felles utanriks- og forsvarsministermøtet i desember 1995 som formelt vedtok utplasseringa av den internasjonale fredsstyrken i Bosnia-Hercegovina.

       Det vert opplyst i meldinga at det i 1995 vart halde to møte på forsvarsministernivå i Nuclear Planning Group (NPG). Hovudsakene her var ei vidareføring av arbeidet for sikring av kjernevåpen og betring av overlevingsevna til både våpen og leveringsmiddel. Alliansen har sterkt redusert talet på kjernefysiske stridshovud i Europa, og samtlege sjø- og bakkebaserte kjernevåpen med kort rekkevidd er trekte bort frå kontinentet. Ministrane uttrykte sterk støtte til arbeidet med å ratifisere START II og til avtala om universiell og verifiserbar prøvestans, som er eit viktig verkemiddel mot vidare spreiing av kjernevåpen. Arbeidet for å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen til nye statar eller ikkje-statlege aktørar er særs viktig. Alliansen har gjennom Senior Defence Group (DPG) vurdert kva for risiko ein står overfor når det gjeld spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen. Militær beredskap til å møte bruk av eller trussel om bruk av masseøydeleggingsvåpen som eit resultat av spreiing er eit viktig aspekt ved NATO si tilpassing til ein ny tryggingspolitisk situasjon.

       I 1995 var Militærkomiteen særleg aktiv i samband med NATO si rolle i det tidlegare Jugoslavia, og komiteen har spela ei aktiv rolle i etableringa av den internasjonale fredsstyrken i Bosnia-Hercegovina (IFOR).

       Samarbeidet innan PFP har i løpet av to år utvikla seg til å bli omfattande, både med omsyn til deltakarland og aktivitetsnivå. Både Russland, alle dei nordiske og dei baltiske landa deltek i samarbeidet. Dette gjer det mogeleg å etablere nye samarbeidsrelasjonar i nord. PFP kan òg bli ei plattform for ei utviding av det nordiske tryggingspolitiske samarbeidet. PFP-øvingar med nordisk deltaking på nordisk territorium vil vere eit viktig signal om vilje og evne til ny tilnærming òg på dette området. Det vert lagt vekt på russisk deltaking i slike øvingar.

       Noreg legg stor vekt på kontakt og samarbeid med dei baltiske statane og i 1995 vart det inngått bilaterale samarbeidsavtaler på forsvarsområdet med Estland, Latvia og Litauen. Ein liknande avtale vart inngått med Den tsjekkiske republikk. Ein tek òg sikte på å utvikle eit avgrensa samarbeid om forsvarsspørsmål med Polen, Slovakia og Ungarn.

       Det vert i meldinga synt til at NATO sin ressursplan for åra 1996-2000 vart godkjend i 1995. Planen fastset eit øvre tak for militærbudsjetta tilsvarande omlag 5,2  mrd. kroner og 5,4  mrd. kroner for investeringsprogrammet for tryggleik for 1996 og åra etter. Under handsaminga heldt Noreg fram at ein var uroa over reduksjonen i investeringsprogrammet. For Militærbudsjettet vart det gjennomført ein grunnleggjande gjennomgang av budsjettsystemet i 1995. Gjennomgangen førte med seg ei rekkje reformer i budsjettsystemet. Mykje av tida i den Militære budsjettkomiteen vart nytta til å finne finansiering av dei fellesfinansierte kostnadene i samband med fredsoperasjonen i det tidlegare Jugoslavia.

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, viser til at 1995 var et travelt år for NATO. NATO har blant annet foretatt viktige forberedelser mot en utvidelse av Alliansen. NATO tok også på seg oppgaven, etter oppdrag fra FN, å implementere fredsavtalen mellom partene i Bosnia-Hercegovina, Dayton-avtalen. Planene om utvidelse av Alliansen og innsatsen i Bosnia viser at NATO har tilpasset seg de nye sikkerhetspolitiske rammebetingelser og fått nye oppgaver, som gjør at Alliansen i dag spiller en fremtredende rolle i europeisk sikkerhetspolitikk.

       Flertallet viser til at det er svært viktig for Norge at NATO fortsetter å spille en viktig rolle i europeisk sikkerhetspolitikk, og understreker derfor betydningen av at Norge konsekvent støtter opp om NATO-samholdet og NATOs arbeid med å møte de nye utfordringene i europeisk sikkerhetspolitikk.

       NATO gjennomførte i 1995 en studie som slo fast at en utvidelse av NATO bør finne sted for å bygge opp under demokratiprosessen i Øst-Europa, å bidra til å knytte sammen øst og vest etter den kalde krigens slutt, og derigjennom å styrke stabiliteten og sikkerheten i hele det euroatlantiske område. Studien fastslo videre at:

- beslutninger om utvidelse vil bli fattet av NATO-landene - beslutningen krever konsensus,
- utvidelsesprosessen vil foregå i åpenhet, i dialog med alle involverte parter,
- det vil ikke lages noen rigid kriterieliste for søkerlandene,
- utvidelse vil avgjøres land for land - ingen land vil utelukkes,
- intet land utenfor NATO vil ha vetorett over utvidelsesbeslutningene.

       Dette er retningslinjer flertallet slutter seg til. NATO-studien tok ikke stilling til hvem som er aktuelle medlemskandidater og når utvidelse kan skje, men Alliansen er i dag i ferd med å komme frem til vesentlige avklaringer om disse spørsmålene. Flertallet viser til at den amerikanske president har foreslått å gjennomføre første steg i utvidelsesprosessen i 1999, året for Alliansens 50-års jubileum. Flertallet mener at Norge bør arbeide aktivt for å realisere dette målet.

       Flertallet mener det er viktig å understreke at NATO-utvidelse er en prosess som drives frem av søkerlandenes ønske om medlemskap og deres økonomiske og forsvarsmessige reformpolitikk for å realisere dette ønsket, og på den annen side NATOs ønske om å bygge stabilitet østover. Flertallet mener det er særlig viktig at Norge, sammen med de andre nordiske NATO-medlemmer, vektlegger de baltiske staters ønske om NATO-medlemskap og arbeider for å muliggjøre dette. Det er derfor viktig å understreke at døren ikke stenges etter at de første sentral- og østeuropeiske land er blitt medlemmer av NATO, men at utvidelsesprosessen fortsetter.

       Flertallet viser til at NATO arbeider aktivt for å bygge ut samarbeidet med Russland, som i dag har form av to særavtaler, en innenfor rammen av Partnerskap for Fred og en som strekker seg utenfor PFP. En utbygging av dette samarbeidet er viktig for russernes holdning til NATO. Norge og de andre landene i NATO bør aktivt diskutere utviklingen i forbindelse med utvidelsesprosessen med russiske politikere, og arbeide for at det russiske folk oppfatter NATO som en defensiv og stabilitetsbyggende allianse.

       Russland deltar i dag i den NATO-ledede fredsbevarende styrken i Bosnia, IFOR. Dette lover godt for det fremtidige samarbeidet mellom NATO og Russland om slike operasjoner. IFOR har lykkes med å holde partene i Bosnia adskilt og har oppfyllt sitt mandat i henhold til Dayton-avtalen til beste for folk i området og på en måte som styrker Alliansens troverdighet i slike operasjoner.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti, Solheim, viser til at de to viktigste begivenheter i NATO det siste året har vært oppfølgingen av Dayton-avtalen i Bosnia-Hercegovina og forberedelsene av en eventuell utvidelse av NATO.

       Dette medlem vil understreke at NATOs operasjoner i Bosnia-Hercegovina, etter oppdrag fra FN, i hovedsak har vært vellykket. Det var nødvendig med et kraftig, internasjonalt militært nærvær for å stanse krigshandlingene, og det var derfor avgjørende at NATO påtok seg oppdraget, i samarbeid med andre land. Dette medlem vil understreke at det var særlig viktig at også Russland ble trukket inn i den flernasjonale fredsstyrken.

       Dette medlem vil likevel peke på faren for at den internasjonale fredsstyrken sementerer resultatene av den etniske rensingen av Bosnia som den serbiske siden bærer et hovedansvar for. Det er derfor viktig at Norge arbeider for at fredsstyrken sikrer Bosnia-Hercegovinas yttergrenser og gjør hjemvending til opprinnelig hjemsted mulig, slik at Bosnia forblir en flernasjonal stat. Norge bør videre aktivt arbeide for at krigsforbryterne bringes inn for den internasjonale krigsforbryterdomstolen.

       Dette medlem vil videre understreke at varig fred i Bosnia er avhengig av den økonomiske og sosiale gjenoppbygging av landet. Det er et tankekors at verdenssamfunnet bidrar med mangedobbelte beløp til den internasjonale fredsstyrken sammenliknet med den sivile gjenoppbyggingen. Dette medlem vil derfor arbeide for forsterket norsk innsats når det gjelder økonomisk og sosial gjenoppbygging.

       En eventuell utvidelse av Alliansen har vært og er NATOs andre viktige utfordring. Dette medlem vil advare mot den planlagte utvidelsen av NATO. All utbygging av eksisterende sikkerhetsstrukturer må ha reell sikkerhet for alle land i Europa som hovedmål. Dette medlem frykter at den planlagte NATO-utvidelsen kan komme til å bidra til nye blokkskiller, framfor reelt alleuropeisk samarbeid.

       Det aller viktigste spørsmålet mht. varig fred og sikkerhet på det europeiske kontinentet er å trekke Russland med som langsiktig partner. Russisk usikkerhet rundt NATO-utvidelse kan medføre redusert tempo i nedrustningen og økt mistenksomhet på basis av den kalde krigens skillelinjer. Den beste garanti mot en slik utvikling er at det gjøres klart for Russland at NATO-landene har som mål å gjøre Russland til en reell partner i alle sider ved europeisk sikkerhetssamarbeid.

       Dette medlem legger stor vekt på de alleuropeiske organene der Europas stater møtes på like fot. Det langsiktige perspektivet bør derfor være at NATO og OSSE smelter sammen til ett alleuropeisk sikkerhetssystem. OSSE har i dag ikke tilstrekkelig tyngde til aleine å spille en slik rolle. Dette medlem mener derfor at Norge på alle plan bør arbeide for å styrke OSSEs organisasjon, effektivitet og økonomi.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet, Gundersen, har merket seg følgende uttalelse på s. 19, 2. spalte i meldingen:

       « FN bad den 11.  juli om flystøtte for å verne UNPROFOR-soldatene i og kring Srebrenica, då dei bosniske serbarane gjekk til åtak på byen. NATO-fly gjekk til åtak mot mål utvald av FN. Trass i flystøtta vart Srebrenica teken av dei bosniske serbarane som ikkje stoppa framrykkinga før dei også hadde vunne kontroll over Zepa. »

       Tatt i betraktning at det her dreide seg om områder der flyktningenes sikkerhet var garantert av FN, og de massakrer som serbernes erobringer førte til, syns dette medlem at tragedien omkring Srebrenica har fått påfallende lite utførlig beskrivelse i meldingen. Da resolusjon 836 som omhandlet de seks demilitariserte, FN-beskyttede sonene, ble undertegnet 4.  juni 1993, lød FNs mandat som følger:

       « FN gir UNPROFOR tillatelse til å bruke alle midler, inkludert bruk av styrker, til å svare på bombardement eller militær intervensjon av de sikre sonene. »

       Dette medlem vil minne om at ettersom antall FN-soldater som skulle beskytte de « sikre sonene » ble lavere enn det FN hadde regnet med, slo FNs generalsekretær fast at beskyttelsen av de sikre sonene « avhenger av trusselen om flystøtte ». Dette medlem konstaterer at den flystøtte som NATO ytet, var rent symbolsk og åpenbart utilstrekkelig. Dette medlem synes det er påfallende at meldingen ikke går nærmere inn på årsaken til at NATO-støtten uteble. Dette medlem viser til at det er hevdet at FNs øverste leder i Bosnia, general Smith, sendte et brev hvor det ble fremholdt at FN-soldatenes sikkerhet var viktigere enn beskyttelsen av de « sikre soner » og videre at bruken av NATO-fly burde være siste utvei. 2.  juni skal general Janvier ha mottatt brevet, og ha indikert at bruk av flystøtte burde unngås (Arbeiderbladet 18.  september 1996). På denne bakgrunn finner dette medlem følgende passus i meldingen nokså patetisk:

       « Trass i flystøtta vart Srebrenica teken av dei bosniske serbarane som ikkje stoppa framrykkinga før dei også hadde vunne kontroll over Zepa. »

       Dette medlem mener det er viktig å komme til bunns i NATOs rolle i dette uverdige spillet om flyktningenes liv. Inntil sannheten er kommet frem og de ansvarlige er trukket frem i lyset, vil tilliten til NATO, også innenfor organisasjonens eget territorium, være svekket.

       Dette medlem ser spørsmålet om utvidelse av NATO også i et historisk og moralsk perspektiv. Takket være først og fremst USAs militære innsats ble de fleste nåværende NATO-land i Vest-Europa befridd fra Hitler-Tysklands diktatur. På kort tid ble disse land økonomisk gjenreist, først og fremst pga. USAs såkalte Marshall-plan. Dette medlem legger vekt på at øst- og sentraleuropeiske land fortsatt i ca 45 år måtte leve under diktatur - denne gang det sovjetiske. Dette medlem mener at de nåværende NATO-land på denne bakgrunn har en spesiell plikt til å stille seg imøtekommende når det tidligere Sovjets satellittstater ønsker NATO-medlemskap som et ledd i fremtidig nasjonal sikkerhet.

       Dette medlem har merket seg at hensynet til reaksjonene i Russland synes å veie tungt når det gjelder spørsmålet om NATO-utvidelse. Det blir lagt vekt på at Russland har gjort den ene innrømmelse etter den andre, uten å oppnå noe til gjengjeld. Her siktes særlig til den militære tilbaketrekningen fra Øst-Europa og godkjennelsen av et samlet Tyskland, med den følge at DDR ble innlemmet i NATO. Dersom også andre tidligere Warzawapakt-land skulle bli medlemmer av NATO, med den følge at de tilbaketrukkede russiske tropper blir erstattet av tropper under NATO-kommando, ville dette av Russland kunne oppfattes som en ydmykelse og provokasjon. Dette skulle i enda større grad være tilfelle dersom de baltiske stater, som var deler av den tidligere Sovjetunionen, ble medlemmer av NATO. Dette medlem er klar over at en omfattende NATO-utvidelse vil kunne skape sterke negative reaksjoner i Russland, og at paralleller til Tysklands revansjelyst etter Versailles-fredens ydmykende vilkår kan trekkes.

       Dette medlem legger imidlertid vekt på at opprydningen etter Sovjet-diktaturets imperialisme er nødvendig, og at russerne ikke har noen akseptabel grunn til å se den som et urettferdig overgrep mot Russland.

       Dette medlem legger til grunn at med en fortsatt demokratisk utvikling i Russland, vil en NATO-utvidelse ikke berede grunnen for revansjisme og mottiltak fra russernes side. Dersom et nytt diktatur skulle overta i Russland, vil dette høyst sannsynlig fremholde nødvendigheten av forsvar mot ytre fiender og oppmuntre en ekstrem nasjonalisme. I en slik situasjon regner ikke dette medlem med at en utvidelse av NATO vil bety meget fra eller til for opinionen i Russland. Et statsstyrt mediamonopol vil under enhver omstendighet kunne styre informasjonsstrømmen. Situasjonen vil imidlertid være foruroligende for europeiske nabostater, som vil se på sitt NATO-medlemskap som en hardt tiltrengt forsikring.

       Dette medlem mener at det er grunn til å legge stor vekt på at Russlands europeiske nabostater har et sterkt sikkerhetspolitisk ønske om medlemskap i NATO. Ikke minst de baltiske stater, Polen, Tsjekkia og Ungarn har, basert på historiske erfaringer, et rimelig krav på å kunne nyte godt av det sikkerhetssystem som Norge ble en del av i 1949.

       Dette medlem vil legge langt større vekt på disse staters sikkerhetsbehov enn en eventuell russisk frykt for å bli omringet.

       Dette medlem viser til at det synes å være enighet om at Russland ikke skal ha noen vetorett mot NATO-utvidelse. Dette medlem vil gå et skritt videre og nevne at hensynet til reaksjonene i Russland heller ikke bør tillegges stor vekt når det gjelder utvidelsesspørsmålet. Dette medlem vil fremholde at den omstendighet at Russland i dag befinner seg i en svak militær og økonomisk situasjon, taler for en rask utvidelse av NATO.

       Dette medlem er glad for at USA nå synes å gå inn for å få fart i utvidelsesprosessen, og stiller seg kritisk til stater som ønsker å utsette saken på ubestemt tid, bl.a. under henvisning til at den er « komplisert ».

       Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       St.meld. nr. 46 (1995-1996) - om Noreg si deltaking i samarbeidet i Atlanderhavspakta sin organisasjon i 1995 - vert å leggje ved protokollen.

Oslo, i utanrikskomiteen, den 29. januar 1997.

Haakon Blankenborg, Jan Petersen, Anne Enger Lahnstein,
leiar. ordførar. sekretær.