Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

Kap. 221 Tilskott til grunnskulen utanfor rammetilskottet

Post 60 Tilskott til verkemiddeltiltak i Nord-Noreg, kan overførast

       Det er eit mindreforbruk på litt over 20 mill. kroner på post 60, og departementet gjer framlegg om ein tilsvarande reduksjon.

       Komiteen sluttar seg til proposisjonen.

Post 67 Tilskott til kommunale musikkskolar, omlagløyving

       Komiteen viser til handsaminga av B.innst.S.nr.12 (1995-1996) der ulike fleirtal i komiteen auka løyvinga på post 67 med til saman 4 mill. kroner, jf. også B.innst.S.nr.II (1995-1996). Av løyvinga på 4 mill. kroner var det føresett at 2 mill. kroner vart nytta til Norsk Musikkskoleråd sitt arbeid med å opprette nye musikkskular i samarbeid med dei statlege utdanningskontora, og 2 mill. kroner til utviklingsprosjekt og nye samarbeidsprosjekt i regi av Norsk Musikkskoleråd.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke Framstegspartiet, finn grunn til å presisere føresetnaden for den først nemnde løyvinga på 2 mill. kroner. Løyvinga var ikkje meint som vanleg tilskott for å dekkje kommunane si drift av nye musikkskular. Ho var føresett nytta til Musikkskolerådet sitt førebuande arbeid for å få oppretta nye musikkskular. Fleirtalet ber departementet nytte løyvinga til å stø Norsk Musikkskoleråd sitt arbeid i 1996 i samsvar med dette.

Kap. 228 Kvalitetsutvikling i grunnskolen

Post 61 Tilskott til investeringar i skulebygg for 6-åringar, kan overførast

       Prognosen for forbruket i 1996 syner at det til saman kan bli eit meirbehov på 25 mill. kroner og det same i mindrebehovet i 1997. For at byggjeprosjekt ikkje skal bli seinka fordi kommunar manglar investeringstilskott, gjer departementet framlegg om slik auke i løyvinga for 1996 og tilsvarande reduksjon i salderingsproposisjonen for 1997.

       Komiteen syner til dei respektive partia sine merknader og framlegg i Innst.S.nr.184 (1995-1996) om investeringskostnadane ved grunnskulereformen. Komiteen finn det gledeleg at så mange kommunar ønskjer å nytte seg av investeringstilskotet for å gi seksåringane høvelege skulelokale frå skulestart hausten 1997. Komiteen sluttar seg til framlegget til løyving frå Regjeringa.

Kap. 232 Statlege skular med undervisning på vidaregåande nivå

Post 21 Tryggleiksopplæring for fiskarar

       Troms fylkeskommune har hatt meirutgifter på 6,7 mill. kroner til kurs som følgje av at yrkesfiskarar vart pålagde å ta grunnleggjande tryggleikskurs med frist 31. desember 1995. Staten har ansvaret for kostnadene til slik opplæring, og departementet gjer framlegg om at fylkeskommunen får kompensert for desse meirutgiftene til ekstra kurs i 1995. Etter framlegget vil departementet auke løyvinga under post 21 med 3,8 mill. kroner i 1996 og omdisponere 2,9 mill. kroner av ei tilleggsløyving på 4 mill. kroner til repetisjonskurs i tryggleiksopplæring for fiskarar, der det melde seg få i 1996.

       Komiteen syner til at Stortinget auka løyvinga med 4 mill. kroner til tryggleiksopplæring for fiskarar i Innst.S.nr.283 (1995-1996) for å starte repetisjonskurs. Komiteen har merka seg at Regjeringa vil omdisponere 2,9 mill. kroner av denne løyvinga avdi det har meld seg få deltakarar til kursa. Komiteen føreset at denne omdisponeringa ikkje hindrar fiskarar frå å få delta på repetisjonskurs, og at løyvinga speglar eit omfang på verksemda som er realistisk og tilstrekkeleg.

       Komiteen sluttar seg til framlegget frå Regjeringa.

Kap. 234 Tilskott til lærebedrifter og lærlingar

Post 70, Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar

       Departementet har tidlegare hausten 1996 ved kongeleg resolusjon fått samtykke til å overskride løyvinga over post 70 med 36 mill. kroner og gjer no framlegg om å auke løyvinga for 1996 med denne summen. Bakgrunnen er at utbetalingane av einskildtilskott for lærlingar som staten har ansvaret for, har vorte fleire enn forventa. Samstundes har utbetalingane av etableringstilskott til opplæringskontor og -ringar auka.

       Komiteen sluttar seg til proposisjonen.

Kap. 239 Andre formål i vidaregåande opplæring

Post 21 Særskilde driftsutgifter

       Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 21 med 3,5 mill. kroner ettersom det har vore færre avlagde eksamenar i vidaregåande opplæring enn forventa.

       Komiteen sluttar seg til proposisjonen.

Kap. 250 Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter og norskopplæring for framandspråklege vaksne

Post 60 Opplæring i norsk med samfunnskunnskap for flyktningar og innvandrarar

       Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 60 med 14,2 mill. kroner. Det endra behovet her heng m.a. saman med auka familiesameining og utgifter til gjennomføring til obligatorisk språkprøve som vart innført frå og med 1996.

       Komiteen sluttar seg til proposisjonen.

Kap. 274 og 3274 Statlege høgskular

       Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 274 post 01 med kr 615.000 pga. auka administrasjonsutgifter ved Høgskulen i Ålesund i samband med utdanningsprogrammet Sokrates. Vidare vil departementet gjere ein teknisk ompostering under inntektskapitlet.

       Komiteen sluttar seg til proposisjonen.

Parallelle endringar i inntekts- og utgiftsløyvingar

       Departementet gjer framlegg om å setje ned inntektene for 1996 på fem inntektskapittel og ut frå dette redusere utgiftsløyvingane. Inntektssvikten gjeld statlege grunnskular og vidaregåande skular, salsinntekter ved kompetansesentra for spesialundervisning og oppdragsverksemd ved Statens ressurs- og voksenopplæringssenter.

       Komiteen sluttar seg til proposisjonen.