1. Innledning
Etter at forrige billighetserstatningsproposisjon ble fremmet har Billighetserstatningsutvalget behandlet 185 saker. I 57 av sakene er det innvilget erstatning med til sammen kr 4.315.000. Enkelterstatningene ligger mellom kr 20.000 og kr 150.000.
Antall billighetserstatningssaker har økt sterkt de siste årene. Det er en tendens til at grupper fremmer likelydende søknader. Total saksbehandlingstid fra en søknad kommer inn og til vedtak foreligger, vil i de fleste tilfeller være mellom ett og to år. Departementet mener saksbehandlingstiden er for lang, og at det er behov for en gjennomgang av ordningen som også skal omfatte prinsippene for billighetserstatning. Departementet vil i samråd med Billighetserstatningsutvalget og de mest berørte fagdepartementene ta initiativ til en slik gjennomgang, og vil i en senere proposisjon komme tilbake til dette. Det vurderes også andre tiltak for å få en raskere saksavvikling. En styrking av kontorsiden er en forutsetning for at saksgangen skal gå raskere. Styrking av sekretariatsfunksjonen foreslås i forbindelse med budsjettet for 1997.
Komiteens merknader
Komiteen er samd med departementet i at sakshandsamingstida for rettferdsvederlag er for lang, og at det trengst ein gjennomgang av ordninga og prinsippa for rettferdsvederlag. Komiteen stør departementet sitt opplegg for ein slik gjennomgang.
Komiteen meiner ordninga med rettferdsvederlag er positiv. Det er viktig at m.a. folk som har vori særleg uheldig i møtet med det offentlege, og som fell mellom alle stolar når det gjeld rett til skadebot kan få ei form for økonomisk oppreising, men meiner at det er trong for å vurdere avgjerdsnivåa når det gjeld rettferdsvederlag. Stortinget har år for år fått stadig fleire klagesaker til handsaming. Komiteen finn det lite heldig at Stortinget skal handsame ei mengd einskildsaker om skadebot. Berre i år har Stortinget tatt stilling til 136 saker. Komiteen meiner at dette er ei oppgåve som ligg på sida av det som skal vere Stortinget sine arbeidsoppgåver. Komiteen vil likevel presisere at ordninga med rettferdsvederlag må organiserast med utgangspunkt i at dette er, og framleis skal vere, Stortinget si eiga vederlagsordning.
Komiteen ser det som ønskjeleg at departementet, når det no skal gjere ein gjennomgang, ser på ulike måtar å organisere ordninga på, også om handsaminga til dels kan skje på eit lågare nivå i forvaltinga. Komiteen meiner det t.d. bør greiast ut ei ordning der forvaltinga avgjorde sakene i første instans, men der det var mogleg å anke til eit utval for rettferdsvederlag oppnemnd av Stortinget. Stortinget kunne då bli orientert om utviklinga, saksmengde og sakstyper gjennom årlege meldingar frå utvalet for rettferdsvederlag. Ei slik utgreiing vil gje Stortinget eit betre grunnlag for å vurdere si eiga rolle i handsaminga av desse sakene noko komiteen meiner det vil vere naturleg å gjere etter at departementet er ferdig med sin gjennomgang.
Komiteen vil òg gjere framlegg om ei endring i den øvre grensa for rettferdsvederlag som Billighetserstatningsnemnda kan innvilge. Grensa har vori 150.000 sidan 1986. Komiteen viser til at den øvre grensa for skadebot for valdsoffer vart heva frå 150.000 til 200.000 1. januar 1994. Komiteen gjer framlegg om at den øvre grensa for rettferdsvederlag som utvalet kan innvilge blir heva til det same.