Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 1996 under Landbruksdepartementet.
Dette dokument
- Innst. S. nr. 68 (1996-1997)
- Kildedok: St.prp. nr. 8 (1996-97)
- Dato: 05.12.1996
- Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningskomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Innhold
Til Stortinget.
Departementet gjer framlegg om at inntektene av Norges landbrukshøgskole (NLH) sitt sal av Sagabygget for 5,75 mill. kroner vert førde inn på høgskolen sitt inntektskapittel (kap. 4124 post 40), og at 5 mill. kroner i den samanhengen kan nyttast til å dekkje det store vedlikehaldsbehovet ved høgskolen (kap. 1124 post 46).
Departementet reknar med at netto meirforbruk ved ombygginga av Sem til kurssenter blir om lag 0,7 mill. kroner, og føreset då at søknaden om å få refundert om lag 1 mill. kroner i meirverdiavgift vert innvilga. Den endelege byggerekneskapen for kurssenteret viser eit meirforbruk på 1,687 mill. kroner som m.a. skuldast offentlege pålegg i byggeperioden, tilhøve ved bygget under restaureringsarbeidet og kostnader i samband med entreprenøren sin konkurs.
Komiteen sluttar seg til proposisjonen.
Komiteen syner til det som er sagt ovanfor, og rår Stortinget til å gjere slikt
På statsbudsjettet for 1996 vert det gjort følgjande endringar:
Kap. 1124 | Norges landbrukshøgskole | ||
46 Ombygging, utviding og ekstraordinært | |||
vedlikehald, kan overførast, | |||
vert auka med | kr | 5.000.000 |
Kap. 4124 | Norges landbrukshøgskole | ||
40 (Ny) Sal av eigedom, | |||
vert løyvd med | kr | 5.750.000 |
Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 5. desember 1996. |
Jon Lilletun, | Siri Frost Sterri, |
leiar og ordførar. | sekretær. |