Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

2. Komiteen sine merknader

       Når det gjeld dei kapitla som ikkje er omtalte nedanfor, har komiteen ingen merknader og sluttar seg til dei framlagde budsjettforslaga.

Kap. 3361 Sjukepengar

Post 55 Refusjoner frå folketrygda

       Komiteen, medlemene frå Arbeiderpartiet, leiaren, Bjørnstad, Bæivi, Hornslien, Kristoffersen og Tveiten, medlemene frå Senterpartiet, Gløtvold, Kvalbukt og Viken, medlemene frå Høgre, Gabrielsen og Høegh, medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, Nyhuus, medlemen frå Kristeleg Folkeparti, Konstali, og medlemen frå Framstegspartiet, Alvheim, har merka seg at utgiftene til sjukepengar har auka sterkare enn venta i staten. Komiteen meiner det er grunn til å sjå nærmare på kva som er årsaken til den store auken.

Kap. 673 Tiltak for funksjonshemma

Post 61 Oppfølging av ansvarsreforma for mennesker med psykisk utviklingshemming

       Komiteen viser til at fleire kommunar har teke opp kostnadene som følgjer med svært ressurskrevande psykisk utviklingshemma. Komiteen meiner utviklinga må følgjast nøye, og det må vurderast kva eventuelle tiltak som kan setjast i verk.

Post 62 Tilskudd til utskriving av unge funksjonshemma

       Komiteen har merka seg at talet på personar som er aktuelle for utskrivning, er om lag 150 i 1996. Komiteen er nøgd med at satsen pr. utskriving vert auka frå 200.000 til 300.000 kroner .

Kap. 730 Rikshospitalet

       Komiteen syner til brev frå helseministeren datert 4. desember 1996 til Stortingets presidentskap om St.prp. nr. 13 (1996-1997) Kap. 730 Rikshospitalet - Tilleggsopplysninger. Komiteen syner til Riksrevisjonen sin hovedkonklusjon der det heiter:

       « De påpekte forholdene medfører vanskeligheter med å kunne ta stilling til regnskapets fullstendighet, gyldighet og formell riktighet. Forholdene er svært alvorlige og av en slik art at Rikshospitalets regnskap for tiden vurderes som ikke reviderbart. »

       Komiteen vil understreka at dette er tilhøve som må rettast på straks og har merka seg at styret ved Rikshospitalet har engasjert eit revisjonsfirma for gjennomgang av budsjettstatus i 1996 og økonomisystema.

Kap. 760 Fylkeskommunens helse- og sosialtenester

Post 65 Tilskot til pasientbehandling, rehabilitering m.m.

       Komiteen er samd i at midlar som er fordelt ut frå søknad frå fylkeskommunane, og som er til overs, kan overførast til 1997. Komiteen er kjend med at enkelte av tiltaka som fylkeskommunane har søkt om midlar til, har kome i gong seinare enn planlagt. Komiteen er samd i at 18 mill. kroner av desse kan overførast til 1997.