Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

3. Kap. 946 Støtte til skipsbygging

Post 50 Overføring til fond for støtte ved skipskontraktar

       Departementet gjer framlegg om å løyve 400 mill. kroner ekstra til fondet for støtte til skipskontraktar som vert inngåtte i 1996, slik at det samla blir avsett 800 mill. kroner til dette fondet.

       Departementet grunngjev dette med at løyvingane var meint å dekkje støtteutbetalingar for skipskontraktar som vart inngått i løpet av 1. halvår 1996. Departementet viser til at OECD-avtalen ennå ikkje har tredd i kraft, og at det framleis er uvisst om og når dette vil skje. Departementet meiner difor det er naudsynt å auke løyvingane for 1996.

       Komiteen har ingen merknader og sluttar seg til framlegget frå Regjeringa.

Post 70 Rentestøtte ved langtidsfinansiering av skip og mobile riggar, overslagsløyving

       Nærings- og energidepartementet gjer framlegg om at rentestøtteløyvinga på statsbudsjettet for 1996 blir auka med 3,7 mill. kroner. Endringane gjeld utbetalingar av støtte til kontrakter som vart inngått før 1. januar 1990 (rentestøtteordninga for skip). Departementet grunngjev framlegget ut frå storleiken på utbetalingane så langt i 1996.

       Komiteen har ingen merknader og sluttar seg til framlegget frå Regjeringa.

Post 72 Rentestøtte ved langtidsfinansiering av innanlandske leveringar av fiskebåtar, overslagsløyving

       Nærings- og energidepartementet gjer framlegg om at rentestøtteløyvinga på statsbudsjettet for 1996 blir auka med 0,3 mill. kroner. Endringane gjeld utbetalingar av støtte til kontrakter som vart inngått før 1. januar 1990 (rentestøtteordninga for innenlandske fiskefartyg). Departementet grunngjev framlegget ut frå storleiken på utbetalingane så langt i 1996.

       Komiteen sitt fleirtal, alle med unntak av Sosialistisk Venstreparti, har ingen merknader og sluttar seg til framlegget frå Regjeringa.

       Komiteens medlem frå Sosialistisk Venstreparti viser til merknader under dette kapitlet i B.innst.S.nr.8 (1996-1997) og i B.innst.S.nr.6 (1996-1997) kor kap. 2460 Garanti-Instituttet blei handsama. I denne samanheng fremma Sosialistisk Venstreparti slikt forslag:

       Stortinget ber Regjeringa å endre regelverket for Garanti-Instituttet for Eksportkreditt slik at det ikke gis garantier til skipseksport av havfiskefartøyer.

       Dette medlem vil ikkje i denne samanheng stemme mot dei konkrete forslaga, men vil frårå å endre reglane slik at det blir mogleg å gjere overføringar mellom dei ulike årgangane av skipsfonda mot å melde frå til Stortinget i etterhand.