2. Kap. 923 (post 70) Forsknings- og utviklingskontrakter
Nærings- og energidepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på statsbudsjettet for 1996 med 70 mill. kroner samstundes som tilsegnsfullmakta i 1996 aukast tilsvarande, jf. forslag til romertallsvedtak.
Departementet grunngjev dette med at etterspørselen etter OFU- og IFU-tilskot har vore svært stor i 1996. For ordningane gjeld likevel at sluttutbetaling til vanleg først skjer eitt til to år etter at det er gjeve tilsagn om tilskot til eit prosjekt. Departementet meiner difor at det er naudsynt å trekkje inn likviditet ved å redusere løyvinga i statsbudsjettet for 1996.
Komiteen, medlemene frå Arbeiderpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, fra Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, fra Høyre, lederen Svein Ludvigsen, Kristin Krohn Devold og Dag C Weberg, fra Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, fra Kristelig Folkeparti, Lars Gunnar Lie og fra Fremskrittspartiet, Øystein Hedstrøm, har ingen merknader og sluttar seg til framlegget frå Regjeringa.